Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 01. november 2019

Sist oppdatert 01. november 2019

Kategori

Rå-data

Gjenreisinga i Finnmark og Nord-Troms – «telegraf-arbeidere» frå heile landet var med



Heile telefon- og telegrafnettet blei rasert og øydelagt då tyskarane vinteren 1944/1945 trekte seg tilbake frå Aust-Finnmark til Lyngenfjorden i Troms: linjekursar, sjøkablar, jordkablar, telegraf/telefon-stasjonar, - så og seia alt vart øydelagt. Fredsåret 1945 og vinteren 1946 makta Telegrafverket å byggja opp eit provisorisk tele-samband. Den permanente gjenreisinga byrja sommaren 1946 med linjearbeidarar og montørar frå heile landet. Sverre Berge frå Dalsøyra i Gulen var ein av dei.

Gjenreisinga i Finnmark og Nord-Troms. Overskrift på avisoppslag, 7. august 1946 (Vårt Land).

Gjenreisinga i Finnmark og Nord-Troms. Overskrift på avisoppslag, 7. august 1946 (Vårt Land).

«En linjearbeidernes heltesaga»

Gjenreisinga i første fase føregjekk under ekstremt vanskelege forhold; rasert og øydelagt landskap (nedrivne linjer var jamvel kutta opp i småbitar), minefare, til dels vinter, stor mangel på materiell og utstyr. Våren 1946 hadde avisa Tromsø stort oppslag om det provisoriske gjenreisingsarbeidet som då nesten var fullført. Arbeidet hadde teke til sommaren 1945, og halde på om hausten og heile vinteren. Femten skøyter hadde vore med på å skaffa fram materiell og utstyr, og innnover i landet følgde så linjearbeidarane, «hakk i hæl» med mineryddarar. Trass omhyggeleg minerydding hadde det likevel vore uhell. To menn hadde mista livet og fleire hadde blitt skadde. Gjennom vinteren hadde rundt 400 arbeidarar vore i sving. Dei hadde budd i telt. Bygningar fanst ikkje.

«Mil etter mil har de ett seg [arbeidd seg] innetter strekninger opp til 60-70 km., over nakne fjellet uten fjellstuer eller hytter som de måtte stri seg gjennom. Det hendte de gravde seg ned i sneen for natta og sov ute, da de ikke rakk å komme tilbake til utgangspunktet. Linjearbeidernes historie denne vinteren er litt av en heltesaga.»

Linjearbeidarar frå Sør-Norge

Det permanente gjenreisingsarbeidet tok til sommaren 1946, og då med fleire hundre linjearbeidarar frå Sør-Norge på mannskapslistene. «500 telegraf-arbeidere på frivillig Finnmarksinnsats» var overskrift i eit avisoppslag i august 1946. Ein av dei var Sverre Håkon Berge frå Gulen.

På leit etter linjearbeidarar frå Sogn og Fjordane var det Magnor Midtun, lokalhistorikar i Gulen, som rådde oss til å kontakta Thor Berge på Dalsøyra. Midtun visste det hadde vore linjearbeidarar (graffarar) frå Dalsøyra nordover. Me gjorde det, og Thor Berge sende oss opplysningar om denne eine av dei «500», Svere Håkon Berge, og to bilete der han er med, på det øvste her heilt til høgre, på det nedste heilt til venstre.

«Far min, Sverre Håkon Berge, voks opp på garden Berge på Dalsøyra i Gulen som den mellomste av fem søsken. Han var fødd 26.09.1914 og tok over garden i 1943. Han vart gift 10.02.1944 med Edith Klara Engelsdatter Nese, og dei fekk sju born saman. Kona døydde i 1965 da minsteguten var 5 år, så han måtte stå for resten av oppfostringa av borna som enkemann. Han døydde 12.08.2011, nær 97 år gamal.

Ved sida av gardsbruket dreiv han med vegarbeid i 1930-åra, men då krigen byrja, dreiv han mest som telefonarbeidar. Han fortsatte som linjearbeidar og telefonmontør i Televerket til han gjekk av med pensjon ved fylte 67 år. I løpet av arbeidstida var han tillitsvalt, skytebas ved linjearbeid og formann for linjearbeidarane i vårt distrikt.

Etter krigen vart det spørsmål om å reise til Finnmark. Eg trur det var frivillig å reise, og han reiste saman med Mons Myre, han også frå Dalsøyra. Dei reiste tidleg på våren 1946, og var der i omlag 7-8 månader, for mor mi fortalde at han sende heim ein heil butt med sukra molter som han hadde plukka på vidda.

Far min fortalde ikkje så mykje frå Finnmark, men han nemde at han hadde snakka med samar og budd i sametelt. Han nemde også at Finnmark var heilt rasert, og buforholda var vanskelege.»

Gjenreisingsarbeidet på museum

Gjenreisingsmuseet for Finnmark og Nord-Troms ligg i Hammerfest. Ein seksjon i utstillingane handlar om gjenreisinga av telegraf- og telefonsambandet i den raserte landsdelen. Ved hjelp av tekstar, foto, avisfaksimiler og gjenstandar fortel utstillinga om telefon og telegraf før krigen, om raseringa vinteren 1944/1945 og om gjenreisingsinnsatsen i åra etter. Ein provisorisk stolpe der øvste enden er festa til rota på den øydelagde, viser korleis dei bygde provisoriske linjekursar.

«Provisorisk gjenreising av linjenettet»

Fleire tekst-brikker i utstillinga fortel om før-under- og etter den tyske raseringa, På ei av brikkene står denne teksten:

«Provisorisk gjenreising av linjenettet. Mens de tyske troppene drev og raserte Vest-Finnmark, var Televerket i gang med å knytte et sammenhengende nett for de sentrale stedene i Øst-Finnmark.

Alle, den sivile administrasjonen, forsyningstjenesten og de norsk militære, var helt avhengig av telefonsambandd for å kunne starte redningstjenesten i vest og gjenoppbyggingen i øst.

Da frigjøringen var et faktum, startet gjenoppbyggingen av hovedlinjene fra vest. Det ble avgitt arbeidslag fra flere telegrafdistrikter i Norge. Arbeidslagene måtte utstyres som egne ekspedisjoner. De kom til en totalt rasert landsdel. De få veiene var uframkommelige. Bruer og stikkrenner var sprengt, og farbare områder minelagte.»

Merknad: Me finn fleire yrkestitlar på fagfolk som arbeidde med å byggja ut nett for telefon- og telegrafsamband: telegrafarbeidar, telegraf- og telefonarbeidar, linjearbeidar. På folkemunne vart dei gjerne også kalla graffarar. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Thor Berge: Opplysingar i e-post, 10.12.2017


Gjenreisingsmuseet i Hammerfest: Utstilling


Avisa Tromsø 09.03.1946

PERMANENT IDENTIFIKATOR