Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. september 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Bygda Undredal



Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve den minste kyrkja i Norden og den berømte geitosten frå dei mange geitene i dalen.

Bygdesenteret Undredal sett frå heisen på Nedberge.

Bygdesenteret Undredal sett frå heisen på Nedberge.

Eigar: Pascale Baudonnel

Datering: 2007

Fotograf: Pascale Baudonnel

Bygda og den eldste historia

Senteret i bygda Undredal ligg i enden av Undredalen, sentralt innanfor verdsarvområdet. Til tross for fjorden som skil dei, høyrer òg gardane Horten, Nedberge, Breisnes og Kappadalen til bygda, i tillegg til Stigen og øydegarden Stokko. Bygda er best kjend for den vesle stavkyrkja, som ikkje berre er rekna for å vere den minste i Norden, men også ei av dei eldste i Noreg. Bortsett frå kyrkja veit vi lite om den eldste historia til bygda. Dei eldste arkeologiske spora finst i fjellområda sør for Undredal. Langs villreintrekket her ligg eit fangstsystem i form av oppmura dyregraver, leiegjerder og bogastille. Slike system er vanskelege å datere grunna manglande organisk materiale til 14C-datering. Arkeologane er difor tilbakehaldne med å knytte fangstanlegga opp mot dei fyrste jegerane som kom til landet i steinalderen, og meiner at bruken av anlegga snarleg må ha teke til i eldre jernalder. På grunnlag av kunnskap frå andre plassar i indre Sogn, er det sannsynleg at dei fyrste permanente busetjarane kom til bygda på byrjinga av 900-talet, sjølv om det ikkje finst arkeologiske spor etter dette.

Segna om systrene frå Undredal

Ifylgje ei gamal segn skal det ein gong i tida ha vore to systrer som eigde heile Undredal. Dei bestemde seg for å gjere noko godt for bygda. Difor bygde den eine systera kyrkja, og den andre alle vatningsveitene. Medan den eine systera vart buande i Undredal slo den andre seg ned på Langhuso. Sjølv om dette er ei segn, kan ho bere i seg ei grad av sanning. På Langhuso, som i dag er ein støl, er det i alle fall funne tufter. Den eine er 14C-datert til tidsrommet rundt år 1200. Eit anna faktum er at det er funne spor etter vatningsveiter i området der segna seier at dei skal ha blitt lagde.

Kyrkja

Frå midten av 1100-talet veit vi sikkert at det har budd folk i bygda. På denne tida vart stavkyrkja oppførd, truleg som ei såkalla høgendeskyrkje, eller privatkyrkje for ein stormann. I dei eldste kjeldene vert stavkyrkja omtala som eit kapell vigd til St. Nikolai, ein av dei mest populære helgenane i den katolske kyrkja. Frå vikingtida og fram til svartedauden i 1349-50 var Soopætta ei av fleire mektige ætter i Aurland. Kjeldene tyder på at det i ein periode var denne ætta som eigde Undredal, og ein tenkjer seg gjerne at desse var byggherrar for kyrkja.

Undredalsstova og klyngetunet

Ei røykstove frå 1736 er det eldste huset som framleis er bevart frå Undredal. Undredalsstova som ho kallast, står i dag på De Heibergske Samlinger på Vestrheim i Kaupanger. Hit vart ho flytta i 1903, då godseigar Gert Falch Heiberg kjøpte stova til folkemuseet i Sogn. Stova vart den fyrste tilflytta bygningen i museet, og var opphavleg ei lensmannsstove frå det gamle klyngetunet i Undredal, som låg like ved kyrkja, på vestsida av Undredalselva. Etter at garden vart utskifta i 1902 vart mange av husa flytta ut av klyngetunet, men nokre få hus står framleis att i dag.

Røykstova har ei oppbygning som er svært lik årestova, ein bygningsform vi forbinder med mellomalderen. Her er grunnplanet delt inn i gang, kove og stove med opning heilt opp til taket med ljore i mønet. Medan årestovene har open eldstad midt i stova, har røykstovene røykomn med skorstein og peis i hjørnet.

Utvandring

Kyrkjebøker, bygdebøker og utvandrarlister syner at Undredal kan vere den bygda på Vestlandet med høgast tal av utvandrarar til Amerika på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Det er ikkje visst kva som var den viktigaste drivkrafta bak utvandringa, dvs. tilhøva heime eller forlokkande tilhøve i Amerika. Generelt kan det seiast at den kraftige befolkningsveksten og tronge kår danna eitt grunnleggjande bakteppe for utvandringa.

Undredal midt i verdsarven

Undredal har ei sentral rolle i verdsarven, både i høve til plasseringa på kartet og som eit godt døme på særmerkt kultur og natur. I denne grenda overgår talet på geiter talet på innbyggjarar. Desse dyra er difor med på å danne det særskilde preget som bygda har. Mellom anna er bygda vidgjeten for geitosten som vert produsert lokalt. Osten har manifestert seg som ei så sterk merkevare at det mest ikkje er mogeleg å produsere meir enn til lokalt sal. Kvart år, den fyrste helga etter buføring (25. juli) går den årlege Geitostfestivalen av stabelen. Under festivalen vert det arrangert konsertar og dans i tillegg til at dei lokale produkta vert marknadsførte på ein positiv måte.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Djupedal, Torkjell. Undredal. Kyrkja og bygda. Undredal sokneråd og Selja forlag. 1997.
Ohnstad. Åsmund. Aurland bygdebok. Undredal og Nærøy. Gard og ætt. Aurland sogelag. 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR