Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskeriverksemda på Færøy



Det er dimensjonar over nothengja på Færøy. Likevel var ho berre det eine av beina under fiskeriverksemda som voks fram og fekk breidde gjennom eit par generasjonar her.

Bilettekst: M/S "Sulanger" med loddelast frå Barentshavet. Båten var topp moderne utstyrt, og utstyret vart supplert etter kvart som nyvinningane kom på marknaden. Dette effektiviserte fisket og reduserte talet på mannskap. På ringnotfisket var mannskapet på godt under halvparten av det som trongst den gongen båten starta på storsildfisket.

Bilettekst: M/S "Sulanger" med loddelast frå Barentshavet. Båten var topp moderne utstyrt, og utstyret vart supplert etter kvart som nyvinningane kom på marknaden. Dette effektiviserte fisket og reduserte talet på mannskap. På ringnotfisket var mannskapet på godt under halvparten av det som trongst den gongen båten starta på storsildfisket.

Eigar: Hanna Færøy.

Datering: Ca. 1960.

Fotograf: Hanna Færøy.

Storhengje med fleire funksjonar

Kring heile Solund, inn mellom sjøhus, eller på holmar med rimeleg tilflòt, stod større eller mindre nothengjer, tilpassa behovet: tørking av laksenøter, sommar- og vintersildnøter eller tunge størjenøter. Hengjene avløyste slitet i notaberga. Likevel er mest alle borte i dag. Men storhengja på Færøy ruver som før i landskapet, med sitt barkeri og med det svære lager- og reparasjonsloftet oppå.
I det hektiske vintersildefisket i 1950-åra var det stor pågang for å få barke og tørke bomullsnøtene, og i 1955 stod anlegget ferdig på nybygd betongkai på 32 x 20 meter. Dette skulle vere eit næringstiltak uavhengig av fiskeria dei dreiv.

Fiskerireiarlaget Br. V. Færøy

Færøy var ei typisk fiskerigrend, basert på kombinasjonsdrift. Folk dreiv fiske med nøter, liner, og garn i farvatna nord og vest for heimplassen. På Færøy var dårleg hamn, men likevel fekk dei tidleg segl- og motorskøyter.
Det var i 1950 at Wilhelm T. Færøy og sønene Vilhelm, Bjarne, Torfinn og Eyolf skipa fiskerireiarlaget Br. V. Færøy, der Bjarne Færøy vart drivkraft og leiar. Fram til kring 1980 kom dette reiarlaget til å engasjere seg i fleire fiskeri, og i industritiltak på land. I førstninga var vintersildfisket med landnot viktigast, men i 1929 prøvde Bjarne seg med snurpenot.

Allsidig drift

I 1935 kosta Bjarne sjølv snurpenot og frå då av vart dette fangstmetoden han satsa på under vintersildfisket. Først var han leigebas med andre, sidan leigde han snurpebåtar inntil reiarlaget kjøpte sjølv. I 1950 rusta brørne ut to vintersildbruk på leigde snurparar. Same året hadde dei kjøp inn "komplett sei- og størjenot" og gjorde det legendariske storkastet på 748 størjer. Størjenota hadde dei på "Nordsolund" medan "Hugnad" var følgjar, begge skøytene var deira eigne.
I 1955 kjøpte Br. V. Færøy seg inn i snurparen "Henny", som vart heitande "Ullafjell" etter at Bjarne overtok han åleine. Båten deltok m.a. i vintersildfisket, dessutan på sommarsildfisket ved Island.

Vekst og avvikling

Basen Bjarne Færøy og skipperen Roald Knoph frå Møre samarbeidde godt og var arkitektar og hovudaksjonærar i partsreiarlaget M/S "Sulanger" 1958, der også Br. V. Færøy var med. Båten var eit nybygg på 125 fot, seinare forlengd til 141. Etter eit par år var vintersildfisket på norskekysten over. Men det var linefisket ved Grønland som vart hovudfisket ei tid, deretter bygde dei båten om for ringnotfisket i Nordsjøen. Så kom ein 10-årsperiode med loddesnurpe. Medan "Ullafjell" til slutt røynte reiaren hardt og måtte kondemnerast, var Solund-registrerte "Sulanger" reine lukkebåten. Siste driftsåret var 1983. Dei unge hadde valt andre yrke og ville ikkje ta over. Båten vart kondemnert og partsreiarlaget oppløyst.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B.: Kystbygdene skifter ham. Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane. Sogndal 1985.
Steinsøy, Alf: Solund. Gards- og ættesoge. Bind 2, s. 551-554. Solund 1982.
Munnleg informasjon frå:
Hanna Færøy, Solund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR