Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sparebanken Sogn og Fjordane



Frå 1960-åra har det gått føre seg ei omfattande samanslåing av bankar i større og større einingar. Denne prosessen starta først på 1970-talet i Sogn og Fjordane, og resulterte i fylkesbanken Sparebanken Sogn og Fjordane i 1988 med hovudsete i Førde. Dette vart den største bankeininga i fylket, i 2001 representert i 19 av 26 kommunar.

Sparebanken Sogn og Fjordane er tufta på 19 tidlegare sparebankar som dekka eit diagonal av fylket frå Stryn i nordaust til Gulen i sørvest. Banken har også kontor i Måløy og Sogndal.

Sparebanken Sogn og Fjordane er tufta på 19 tidlegare sparebankar som dekka eit diagonal av fylket frå Stryn i nordaust til Gulen i sørvest. Banken har også kontor i Måløy og Sogndal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Bakgrunn

Prosessen fram til fylkesbank gjekk frå regionale samanslutningar, basert på tidlegare samarbeid mellom einskilde sparebankar. Det første steget var samarbeidet om større lån til t.d. kraftutbygging og Fylkesbaatane. Men slike samlån vart etter kvart for tungvinte. Elles var det ein del samarbeid gjennom Fellesstyret for sparebankane i Sogn og Fjordane.
Utgreiinga til ein bankkomité frå 1960 konkluderte med at det var altfor mange og for små sparebankar i landet. Deira manglande evne til å tilfredsstille kredittbehovet til næringslivet vart eit hovudargument i seinare utgreiingar og for fusjonering av bankar frametter. Lokalt vart sparebankstrukturen også påverka av nye kommunegrenser frå 1. januar 1964.
Sparebankstrukturen vart vidare utgreidd både i 1967 og 1974. Etter kvart vart det resultat. Før samanslåingsprosessen starta, var det 35 sparebankar i fylket, i 1981 var det blitt 19, medan det i 2001 var 7 sparebankar att. Berre tre heldt fast på sitt opphavlege geografiske område, nemleg Fjaler, Vik og Aurland.

Nye regionbankar

I 1971 kom Nordfjord Sparebank, den første regionbanken i fylket. Året etter følgde Indre Sogn Sparebank, og i 1973 Sunnfjord Sparebank, ei samanslåing av sparebankane i Førde, Jølster, Askvoll og Vevring. Førde var den klårt største av dei fire avdelingane. Denne eininga skulle bli utgangspunktet for den største samanslutninga på sparebankfronten i Sogn og Fjordane. I 1975 slutta også bankane i Hyllestad, Lavik, Brekke og Kyrkjebø seg til. I 1984 kom Gulen, Solund og Naustdal med.

Skipinga

I 1986 var det nye drøftingar om skiping av ein fylkessparebank. Ni av 16 sparebankar var interesserte, nemleg sparebankane i Balestrand, Fjaler, Gaular, Gloppen, Hornindal, Innvik, Leikanger, Stryn og Sunnfjord Sparebank. Dei forvalta då litt over halvparten av forvaltningskapitalen i sparebankane i fylket. I førstninga av 1987 gjorde alle desse, med unntak av Fjaler Sparebank, positive vedtak om å gå saman i det dei kalla fylkesbanken.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart skipa den 1. april 1988, etter mykje førebuingsarbeid. Den nye banken vart representert i 14 av dei 26 kommunane i fylket. Førebels høgdepunkt i vidare fusjonering kom i 1999, med etableringa av samarbeidet med Gjensidige NOR. Ikkje minst felles ekspedisjonskontor for bank og forsikring i dette tynt folkesette fylket vil venteleg vere ein vesentleg rasjonaliseringsfaktor i dette hopehavet.

Ambisjonane

Dekningsområdet til Sparebanken Sogn og Fjordane strekte seg i førstninga frå indre Nordfjord, diagonalt gjennom fylket til ytre Sogn. Både geografisk og økonomisk vart Førde det udiskutable sete for hovudkontoret. Seinare har fylkesbanken òg opna kontor i Sogndal, Måløy og Florø.
Føremålet med etableringa av Sparebanken Sogn og Fjordane var ein bank med evne til å bere større risiko og å byggje opp bankkunnskap. Det skulle bli ein slagkraftig bank med ein desentralisert organisasjon. Han skulle og vere eit fullverdig alternativ til andre bankar. Den berande forretningsidéen er at banken skulle bli ein aktiv deltakar i samfunns- og næringsutviklinga i fylket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Jølster. Bygda og banken i 100 år. Selja Forlag, Førde 2001.

Nettstader
http://www.fylkesbanken.sf.no/index.html

PERMANENT IDENTIFIKATOR