Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. februar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Bondevener i Selje og i Sogn og Fjordane



Bondevenrørsla var ei politisk folkerørsle i store deler av landet i 1860-70-åra. Søren Jaabæk grunnla den fyrste bondevenforeininga i 1865 og gav ut bladet Folketidende,- eit opplysningsblad, agitasjonsorgan og langt på veg medlemsblad. Sogn og Fjordane hadde minst 31 bondevenforeiningar med nær 3000 medlemmer.

<p>Bondevenr&oslash;rsla sitt organ, avisa <em>Folketidende</em> som kom ut i perioden 1865-1879.</p>

Bondevenrørsla sitt organ, avisa Folketidende som kom ut i perioden 1865-1879.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Om bondevenene

Bondevenrørsla, også kalla Jaabækrørsla, var ei kortvarig, intens politisk folkerørsle som greip om seg i store deler av landet i 1860-70-åra. Søren Jaabæk grunnla den fyrste bondevenforeininga i 1865 og gav ut bladet Folketidende, - eit opplysningsblad, agitasjonsorgan og langt på veg medlemsblad for rørsla. Det politiske innhaldet i bondevenrørsla hadde to grunnleggjande moment. Det eine var ein liberalistisk kamp mot den etablerte statsmakta og embetsmannsstyret, ”Stormandsvældet”, som Jaabæk uttrykte det. Det andre var å føra ein vidtgåande sparepolitikk.

Rørsla var organisert med ein ”overbestyrelse” og eit nettverk av lokallag i alle amta (fylka) med unntak av Finnmark. I løpet av tiårs-perioden 1865-1875 hadde rørsla ein stad mellom 25 og 30 000 skrivne medlemmer fordelte på rundt rekna 300 lokalforeiningar.

Sommaren 1870 hadde Folketidende eit landsoversyn ordna amtsvis etter medlemstal. I følgjeteksten skreiv Jaabæk:
 

”Jeg tror, at disse Foreninger danner en Magt, som er ikke ganske til at spøge med. Det kan også mærkes paa Storvældets Organer [aviser], at de frygter. Aldri før har Middelstanden haft synderlig Indflydelse i dette Land; bestandig har Storvældets Mænd hærsket. Derfor hyler nu dets talrige Organer [aviser], og det ene ”Tutarhorn” sterkere end det andet.”
 

Sogn og Fjordane

Me veit etter måten lite om bondevenene i Sogn og Fjordane. Ingen har studert Jaabæk-rørsla i Nordre Bergenhus Amt slik det er gjort for fleire andre område i landet, og berre ei lokalforeining kan seiast å vera godt undersøkt (Vik Bondevenforeining, studieoppgåve på lokalhistoriestudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999). Likevel veit me at Sogn og Fjordane var eit sterkt bondven-område. Etter landsoversynet i Folketidende sommaren 1871 var det fleire medlemmer i Nordre Bergenhus Amt enn i noko anna amt og alle fem representantane på Stortinget i åra 1870-1872 var bønder, fire av dei jamvel framståande bondvener. Dei fem var:

A.O. Tonning, Stryn
K.L. Vefring, Vevring (Naustdal)
S.M. Bugge, Hafslo (Luster)
T.G. Fretheim, Aurland
E.M. Løken, Eid

Sogn og Fjordane hadde minst 31 bondevenforeiningar, med Sunnfjord som bondeven-fogderi nummer eitt, både rekna etter tal på foreiningar og medlemmer. Laget i Førde hovudsokn hadde åleine over 300 medlemmer av det samla medlemstalet i amtet på nær 3000. Tre store bondevener i Sunnfjord var Søren Nydal frå Holsen, Karl Vefring frå Vevring og Johan J. Skagen frå Sande i Gaular.

Kjelder til bondevenrørsla

To hovudkjelder til kunnskap om bondevenrørsla er avisa Folketidende som kom ut i perioden 1865-1879 og Søren Jaabæk-arkivet som er oppbevart i Statsarkivet i Kristiansand. Arkivet inneheld mellom anna brev og skriv Jaabæk fekk frå folka sine rundt om i landet. Vidare er aviser ein stad å gå, både dei større avisene og lokalblada. Diverre er det ikkje mykje å henta i aviser for Sogn og Fjordane etter som dei to fyrste avisene i fylket – Nordre Bergenhus Amtstidende (NBA), Florø, og Fjordenes Blad, Nordfjordeid, fyrst starta opp i 1874, då bondevenene var på full fart nedover. Men dei to avisene er ikkje heilt frie, - til dømes står det i NBA eit utførleg referat frå eit møte i Holmedals Sogns Bondevenforening, 29. desember 1874, og ein annan stad ei tilvising til ei tidlegare kraftfull bondevenforeining i Årdal med L. Holsæter som formann.

Arkiv etter bondevenforeiningane er det jamt over smått med i det heile teke. I Sogn og Fjordane kjenner Fylkesarkivet til arkiv (møtebøker og litt anna) frå foreiningane i Holmedal, Vik, Hornindal og Nedstryn.

Elles kan det førekoma bondven-opplysningar i andre privatarkiv, som til dømes i
a) ei dagbok av Ulrik Koren, sokneprest i Bremanger 1864-1874. I valåret 1873 noterte han:

"Holdt valgforsamling i Kirken. Jeg fik, som jeg ventede, ingen stemmer til valgmand. Den Jaabækianske Aand er trængt inn ogsaa her."
 

b) personarkivet etter bonde og stortingsmann Arne Tonning i Stryn.

Om bondevenene i kommunearkiva

Det førekjem også spreidde spor etter bondevenene i kommunearkiva. Kommunestyret i Førde, Vik og Aurland hadde bondeven-saker til handsaming. Kommunestyret i Selje hadde ei bondeven-sak på sakskartet på eit møte i 1872.

I ”Spidsen” for å skipa foreining

I møteboka står innført under sak 4 i kommunestyremøtet, 25. mars 1872:

”Derefter oplæstes Forestilling fra en Gaardbruger i Sælø af 29de f.M. til Kommunebestyrelsen om at denne ville sætte sig i Spidsen for Oprettelsen af en Bondevenforening for Herredet med hovedsageligt Formaal ved hyppigere eller færre Møder at bringe mer Kundskab og Oplysning ud iblandt Bønderne især i politisk og communal Retning for i denne Bevægelsens Tid at lære mer, og klarere at indsee, hvad der er den Rette og Sande Fremgansmaade med de saameget omtalte Besparelseseposterne Saavel i Stat som Kommune; samt indeholdende Anmodning til Kommunebestyrelsen. Mod 8 Stemmer besluttede denne Sag udsat indtil de forskjelligt beliggende Kredse af Præstegjeldet blive almindeligt bekjendte med en saadan Forenings Formaal.”
 

Ord og vendingar i dette saksreferatet er framandvorne for mange lesarar anno 2011. Mannen bak ”forestillingen” (tyder her ein ide, tanke, eit framlegg) ynskjer at kommunestyret skal setja seg i ”Spidsen” for å få skipa ei bondevenforeining, eit lag som skal driva politisk arbeid i kommunen – ved å halda møte, driva opplysning, gje kunnskap, skapa innsikt, koma med innspel til ”Kommunebestyrelsen”. Sak 4 på kommunestyremøtet i Selje 25. mars 1872 er eit varsel – kanskje det fyrst dokumenterte - om organisert lokalpolitisk arbeid i kommunen.

Det går ikkje fram av møteboka om det vart nokon bondevenforeining i Selje. Mest sannsynleg ikkje. I 1872 var bondvenene som landsomfattande rørsle i tilbakegang.

Søren Jaabæk

Søren Pedersen Jaabæk (1814-1894), fødd i Holum i Vest Agder, omgangsskulelærar i Holum 1831-1837, lærar og kyrkjesongar i Harkmark 1843-1845, gardbrukar på Jåbekk i Halse og ein periode på farsgarden Holumsland i Holum. Han var ordførar i fleire år og vart vald inn på Stortinget for Lister og Mandals Amt i 1845 og sat sidan på Stortinget til 1891.

Han skipa organisasjonen Bondevennerne i 1865 og vart etter kvart førar for tusental bønder kringom i landet. Det var særleg offentleg sparing dei samla seg om. Ei anna merkesak for Jaabæk var kravet for utvida røysterett. Med Bondevennerne gjorde Jaabæk ein nyskapande innsats som fekk varig verknad på det politiske livet i Noreg.

Ein marmorbyste av Jaabæk, hoggen av Mathias Skeibrok, vart oppsett i Stortinget i 1896, og ein bautastein med portrettmedaljong av Lars Utne vart avduka i Halse 1909.
(Frå omtalen i Norsk Allkunnebok)

Torstein Guttormsen Fretheim

Bonde og stortingsmann Torstein Guttormsen Fretheim (1808-1874) frå Aurland kan kanskje kallast Sogn og Fjordane sin Søren Jaabæk. Han var ordførar i Aurland i om lag 30 år og stortings-representant frå Nordre Bergenhus Amt i 1842, 1848, 1862-1863, 1864, og 1871-1873. Jaabæk og Fretheim vart godt kjende som stortingskollegaer, og Jaabæk sette Fretheim høgt. Det kjem klårt fram i ein omtale i Folketidende 13. mai 1868 i høve stortingsvalet. Fretheim vart ikkje vald i 1868, men derimot to år seinare.

”Torsten Frettem er utvivlsomt en af de bedste Stortingsmænd for Bondestanden, som Nordre Bergenhus Amt har haft, i det mindste i en lang Række Aar. Tidlig vaktes hans Tanker om offentlige Ting. Da han endnu var meget ung, begyndte han den Tanke at opstige hos ham, at det vilde være ønskelig at skue ind i, hvorledes Embedsmænderne greier de offentlige Ting, som egentlig Bønderne selv burde greie.

Denne tanke har stadig fulgt ham senere i Livet, og han har faaet erfare meget som han ønsker var annerledes, baade i Storthing og ellers. Han har lært Embedspartiet at kjende, saa han ikke tragter etter Embedsmænd til Bøndernes Talsmænd. Han mener, at Bønderne maa hjælpe sig selv uden Embedsmænd fra Amterne. Frettem var en god og paalitelig og meget forstandig Storthingsmand, fordi han var saa stø og stod paa Bondestandens Side, derfor vilde Embedsmænd ikke have ham.

Men norske Bonde, vælg du ham, da gjør du vel. I 1842 og [18]48 stemte han af 19 Sager, som haves med Navnefortegnelse, 19 Gange med Bondepartiet og ingen med Embedspartiet. Det var støhed. Nordre Bergenhus Amt opfordres til at vælge denne stø Mand til Storthingsmand. Embedspartiet anbefaler sine, vi maa anbefale vore trofaste Mænd.”
 

Bondevenforeiningar i Norge
Oversyn over bondevenforeiningar i Folketidende 12.07.1871: første rekkja amt (fylke), andre rekkja tal foreiningar, tredje rekkja medlemstal. Jaabæk sin kommentar: Saaledes staar den bdv. Bevægelse nu, udtrykt i TAL. Den kan nu ved de aarlige Storthing komme til at udrette betydelige Ting. (....)

1.Nordre Bergenhus252581
2.Lister og Mandals272049
3.Kristians171586
4.Søndre Bergenhus171539
5.Budskeruds191537
6.Smaalenenes211504
7.Norlands171487
8.Bratsberg171147
9.Søndre Throndhjems121053
10.Romsdals181045
11.Jarlsberg og laurvig14996
12.Stavangers17877
13.Tromsø11810
14.Hedemarkens9796
15.Nedenæs11777
16.Nordre Throndhjems11482
17.Akershus7394
18.Finmarkens00

Bondevenforeiningar i Nordre Bergenhus Amt

Oversyn i Folketidende 05.07.1871 over bondevenforeiningar i Nordre Bergenhus: første rekkja kommune, andre rekkja medlemstal og tredje rekkja formann. Nr. 27-31 er nemnde andre stader i Folketidende. Alle foreiningane eksisterte ikkje samstundes, og fleire hadde kort levetid. Det finst døme på at same person var formann i fleire foreiningar på same tid.

1.Aurland62T. Frettem
2.Brekke61I.H. Brække
3.Davik216O.A. Hauge
4.Førde327S.R. Nydal
5.Hafslo23S. Bugge
6.Indre Holmedal313J. Skagen
7.Kyrkjebø49A. Haaland
8.Lavik
9.Oppstryn95I. Flo
10.Vik (Sogn)84E. Andersen
11.Holmedal90O.M. Bakke
12.Dale50O.M. Bakke
13.Jølster69A.R. Møklebust
14.Hornindal91H. Holmø
15.Eid og Stårheim142Viinberg(?)
16.Olden??
17.Breim75L.R. Gaasemyr
18.Nedstryn50(?)A.O. Tonning
19.Vevring110N.H. Braastad
20.Askvoll156J. Ask
21.Årdal16L. Holsæter
22.Naustdal185S.R. Nydal
23.Svanøy62
24.Haukedalen62S.R. Nydal
25.Holsen51S.R. Nydal
26Vik (Sunnfjord)43L.N. Aarnes
 
27.Fjærland25
28.Sogndal32
29.Balestrand?
30.Innvik48
31.Gloppen150

kjelder:

Folketidende
Kleppa, Hermund: Bondevener i Selje – og Sogn og Fjordane. I Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Arkivboks med diverse om bondevenene i Sogn og Fjordane, ordna kommunevis,