Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nordlandsfarar frå Solund



I løpet av 30-års-perioden 1860-1890 flytta om lag 80 sulingar nordover til fiskevær i Namdalen og Nordland. Hovudårsaka til flyttinga var at vårsilda vart vekke frå kysten av Vestlandet.

Straumen i Solund. Frå denne garden var det òg fleire ungdommar som tok vegen til Nordland i slutten av 1880-åra og vart buande der. Biletet er teke om lag 1910-15, truleg på ein festdag ved kyrkja.

Straumen i Solund. Frå denne garden var det òg fleire ungdommar som tok vegen til Nordland i slutten av 1880-åra og vart buande der. Biletet er teke om lag 1910-15, truleg på ein festdag ved kyrkja.

Eigar: Gunnfrid Eide, Kolgrov.

Datering: Ca. 1910-15.

Fotograf: Ukjend.

Vårsilda vert borte

Rundt 1870 vart vårsilda brått borte frå Vestlandskysten. Det var uventa, for fisket hadde vore svært godt i 1850- og 1860-åra. For eit samfunn som Solund var dette dramatisk. Men samstundes tok feitsildfisket i Namdalen og i Nordland seg opp. Sulingane var drivne landnotfiskarar, og me må tru at fleire notlag byrja å reise nordover på feitsildfiske i 1870-åra. Væreigarar i Nordland hyrte seg òg notbasar sørfrå, m.a. frå Solund. Det kan me m.a. sjå i folketeljinga 1875. Ein del av fiskarane kom ikkje sørover att, men slo seg ned i fiskeværa nordpå fordi det var lettare å skaffa seg eit levebrød der.

Ungdom på flyttefot

Den typiske utflyttaren var ein ung ugift mann i 20-åra som vart kjend med tilhøva i Nordland då han kom dit som "nothund". Han hadde ikkje utsikt til gard eller grunn i heimbygda. Han var oppvaksen i ein fiskarheim, faren hadde fisket som einaste leveveg eller hadde ein liten husmannsplass i tillegg. Nokre av utflyttarane fann seg kone der nord, andre kom sør att og henta kjærasten sin med seg. Dei få kvinnene som reiste nordover, gjorde det anten for å gifte seg eller for å hjelpe til i huset hos ein slektning.

Dei fleste vart fiskarar

Utflyttaren var på jakt etter eit betre utkomme. Så godt som alle sulingane slo seg ned i eit fiskevær, dei fleste i Lofoten og Vesterålen, men somme busette seg i Namdalen eller på Helgelandskysten. Den staden som tok imot flest sulingar, var Andenes. Dit kom det både kvinner og menn frå fleire familiar som delvis var inngifte med kvarandre. Også i Nordland vart det den gamle kombinasjonen jordbruk og fiske som gav levebrød for dei fleste. Nokre fekk seg gard, andre ein plass. Mange vart heilårsfiskarar.

"Fattigfolks Amerika?"

1870-åra var ei tid med stor utvandring til Amerika. Men ikkje frå Solund. Dei sulingane som flytta ut, fór anten til Bergen eller til Nordland. Mellom 1860 og 1890 reiste det like mange sulingar til Nordland som til Amerika. For dei fleste var det enklare å halda fram i sitt gamle yrke i ein annan del av landet enn å gje seg ut på den lange reisa til eit framand land. Men då feitsildfisket dabba av rundt 1890, var det slutt på flyttinga mot nord. Nett då steig òg talet på utvandrarar til Amerika, og somme av dei hadde vore på fiske i Nordland og tent pengar til billetten.

kjelder:

Strand, Alf: Om flyttinga frå Solund til Nord-Noreg på siste halvdel av 1800-talet, Årbok for Sogn 2000.
Strand, Alf: Nordlandsfararane - om flyttinga frå Solund til Nord-Noreg, Sogeskrift for Solund 2001.
Steinsøy, Alf: Bygdebok for Solund. Bergen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR