Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hotell Central - Villa Visnes



Den kjende hotellmannen Olai Tenden bygde Hotell Central i 1896. Kring 20 år seinare gjekk hotellet konkurs. Fram til 1965 heldt Stryn Husmorskule til her. I dag heiter bygget Villa Visnes og vert drive saman med Visnes Hotell.

Villa Visnes

Villa Visnes

Datering: 2013

Fotograf: Arlen Bidne / Sogn og FJordane fylkeskommune (cc by-sa 3.0)

Frå hotell til husmorskule

Villa Visnes vart bygd i 1896 i den særnorske drakestilen. Huset vart bygt av hotellmannen Olai Tenden og fekk namnet Hotell Central. Hotellet hadde omdømme som eit godt og veldrive hotell. Mange hotell fekk det vanskeleg då fyrste verdskrigen kom, og turiststraumen stansa opp. Hotell Central gjekk konkurs etter kring 20 års drift. Frå 1917 til 1965 vart bygningen nytta som husmorskule. Deretter vart huset nytta til lager og fabrikk. Tanken var at det gamle Hotell Central skulle rivast.

Ekteparet Walston

I 1986 kjøpte ekteparet Walston bygget av Stryn kommune. Dei sette i gang omfattande restaurering og gav bygningen namnet "King Oscar's Hall." Med hjelp frå Riksantikvaren og lokale handverkarar fekk bygget litt etter litt tilbake sin opphavlege utsjånad. Det flotte tårnet kom òg på plass att. Ekteparet Walston måtte kvitta seg med bygget.

Villa Visnes

I 1999 kjøpte Visnes Hotel eigedommen og gav det namnet Villa Visnes. Bygget vert no drive saman med hotellet på grannetomta og nytta mellom anna til konferansar og selskap. Det er òg innreia tre husvære som vert leigde ut til turistar. Ein del av bygget er og gjort om til kontor, og fleire verksemder held til her. Bygget som skulle rivast har fått nytt liv.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå Kristin og Vibeke Visnes.

PERMANENT IDENTIFIKATOR