Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Nedbergo



Nedbergo ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 3-400 meter nordaust for Undredal. Garden ligg heller bratt opp frå sjøen, 540 moh. Oppå berget er det ein stor skråande bakke med dyrka mark. Her er god jord og gode vekstvilkår, men det kan stundom bli for turt. Det er tre stølar austover og sørover i fjellet, Heimestølen, Vassete og Nisedalen. Garden har jaktrettar på hjort og rein.

Tunet på Nedbergo sett mot søraust. Til venstre står eit stabbur, bak det er stova. Begge husa høyrer til bruk nr 1. Stova er truleg frå kring 1800, kanskje noko eldre. Nedanfor stova ligg løa til bruk nr 2, og nedst er løa til bruk nr 1.

Tunet på Nedbergo sett mot søraust. Til venstre står eit stabbur, bak det er stova. Begge husa høyrer til bruk nr 1. Stova er truleg frå kring 1800, kanskje noko eldre. Nedanfor stova ligg løa til bruk nr 2, og nedst er løa til bruk nr 1.

Eigar: Aurland kommune

Datering: 1989

Fotograf: Åsmund Ohnstad

Gamal busetnad

Garden vart rydda i eldgamal tid, truleg lenge før vikingtida. Etter Svartedauden i 1349/50 vart garden liggjande folketom til kring 1600. I 1666 var her ein familie, og dei avla seks tønner korn og hadde tolv storfe. Men 1600-talet var ei vanskeleg tid for dei små og tungdrivne gardane. Då brukaren Nils Pedersen døydde i 1698, let han etter seg verdiar for 46 riksdalar, men jordeigaren, Torbjørn Vinjum, gjorde krav på 43 riksdalar i jordeavgift.

Betre tider

Tiåra før og etter 1800 var gode tider for dei fleste gardane. Ny jord vart dyrka, og folketalet voks. Korndyrkinga vart viktigare, for åkerbruket gav ein større matproduksjon enn husdyrhaldet. 1845 avla dei 12 tønner korn og 42 tønner poteter. To familiar og 15 menneske budde på garden, og dei hadde 12 storfe og 41 småfe. I 1869 hadde dei 7 mål med åker og 35 mål med slåttemark. Litt meir enn 1/3 av fôret, høy og lauv, kom frå utmarka.

Ei bjørnesoge

I området frå Nedbergo og utover mot Nordheimsdalen og Frønningaåsen var det mykje bjørn i eldre tid. Ei natt kom bjørnen inn mot gardstunet og gjekk til angrep på ein hingst. Bjørnen hadde tidlegare vore nær tunet, og då hadde han drepe ei kvige. Det vart ein kamp på liv og død mellom dyra. Hingsten hadde skor med piggar på, han var grevskodd, og han slo med framføtene. Om morgonen låg bjørnen daud på vollen og med sundriven pels. Hingsten sprang omkring og var rasande.

Stølar og jakt

Heimestølen ligg ein halv times gonge frå garden, og Vassete ligg lenger sør, kring 1100 moh. Her er eit flatt og fint område. På 1800-talet kjøpte bøndene på Nedbergo ein støl, Nisedalen, frå garden Kvam. Dette er ein trong dal som vender mot sør, med utsyn mot Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen.

Nedbergo har jaktrettar på rein i Nordfjella villreinområde. I fjellområdet mellom Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål, Hol og Ulvik er det ei stamme i underkant av 2000 reinsdyr. Stundom trekkjer reinsflokkar langt mot nord, nær Nedbergo og Aurlandsfjorden. I seinare år har hjortestamma auka mykje. Grunneigarane på Nedbergo og Kappadal har fellingsløyve på fem dyr.

Solrikt, men bratt

Nedbergo ligg vendt mot sørvest, og sola varmar godt om våren. Dette gjer at hoggormen trivst godt her. Vegen til gards er bratt og tung, og i 1931 sette dei opp løypestreng frå ein stad nedom gardstunet. Då slapp dei å bera varene frå garden og ned til sjøen. I 1936 sette dei opp ein heis med to strenger. Då kom ei vogn opp, samtidig som ei vogn gjekk ned. Etter 1900 budde folka på Nedbergo i Undredal om vinteren. I sommarhalvåret førte dei dyra opp att til garden og dreiv på vanleg måte. Garden vart driven fram til kring 1960.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Anders Ohnstad: Bygdebok for Aurland. Bind 1, 1960.
Manus til gardssoge for Undredal og Nærøy, 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR