Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juni 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Kinn prestegjeld



Kva gjekk føre seg lokalt i Kinn prestegjeld i 1814? Valet til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll starta i prestegjeldet med utpeiking av to valmenn til det samla amtsvalet som fann stad i Vik den 30. mars. Det var fleire hendingar i Kinn dette året som hadde med grunnlova å gjere.

<p>Kinn kyrkje var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld i 1814. Kyrkja er ei langkyrkje bygd av stein om lag 1150. Her heldt dei val til omframt storting den 11. september.</p>

Kinn kyrkje var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld i 1814. Kyrkja er ei langkyrkje bygd av stein om lag 1150. Her heldt dei val til omframt storting den 11. september.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1954

Fotograf: Malvin Horne

Særskild bededag

Johan Nordahl Brun, biskopen i Bergen Stift, sende tidleg i mars brev til alle prostane som så sende vidare til sokneprestane, også til sokneprest Claus Finde i Kinn prestegjeld. Dette var ei vidaresending av kunngjeringa frå Prins Christian Frederik, Noreg sin regent, om at det i heile landet skulle haldast ein spesiell «bededag». Dagen skulle vere fredag den 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet. Her skulle dei velje to valmenn. I alle prestegjelda i fylket vårt utanom Eivindvik blei det bededag 18. mars.

Programmet denne dagen var bestemt på førehand. Presten skulle lese opp kunngjeringar og halde «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverje ei høgtideleg eid på å krevje sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Så skulle presten be ei bøn for det norske folket og preike over bibelteksten Salmane, kapittel 62, vers 8-9. Han skulle avslutte med ei tilrådd bøn for det norske folket.

Den 18. mars i Kinn prestegjeld

Bededagen i Kinn prestegjeld blei halden i Bru kyrkje på Svanøya. Vala skulle gå føre seg i hovudkyrkjene i prestegjelda, og såleis skulle dei ha halde valet i Kinn kyrkje som var hovudkyrkje i prestegjeldet. Sokneprest Claus Finde var ein gamal mann. Difor hadde biskop Johan Nordahl Brun bede kapellanen i Førde, Villatz Doth, om også å møte opp.

Underskriven adresse og fullmakt

Dette skrivet blei laga til og sendt med valmennene for Kinn prestegjeld til amtsvalet og vidare til Eidsvoll:

følge Hans Kongelige Høyhed, Norges Regent, Christian Frederichs Ordre, have vi undertegnede valgt disse tvende, her i Kinds Præstegield Gaardbrugende Mænd, navnlig: Peder Jensen Nedre-Florøen og Peder Abrahamsen Steenhovden til – paa samtlige Folkets Vegne – at møde den 30te Martii 1814 paa det af Amtet bestemte Sted Wiigøren i Wiigs Præstegield i Yttre-Sogn. Disse tvende Mænd bemyndiger vi herved til at overbringe denne vor Adresse til ovennævnte Samlings Stæd, samt – paa vore og hele Præstegieldets Almues Vegne – at stemme og samtykke i den til en nye Regierings-form anlagte Plan.
Svanøe den 18. Martii 1814.

Finde, Sognepræst i Kinds Præstegjeld.
Villatz Doth, Capellan pro Persona for Førde, efter Hans Høyærværdighed S:T: Hr. Biskop Bruns Befaling overværende.
O. Torjersen Svanøgaard.
Morten Bendixen Kind, med paaholden Pen.
Anders Mathisen Kieitang, med paaholden Peen.
Søren Simonsen Agledalen, med paaholden Peen.
Hendrich Eliasen Hovden, med Paaholden Peen.
Casten Mathiasen Øvresund, med paaholden Peen.
Lars Andersen Høydal.
Abraham Jacobsen Osen.
Peder Abrahamsen Stenhaavden.
Henrik Martens.
Annanias Olsen Solem.
Peder Jenssen Florøen.

Dei som vart valde

Minst ein av dei valde skulle vere bonde. Frå Kinn var begge bønder. Dei valde var Per Jensson Flora og Per Abrahamsson Steinhovden. Desse to skulle reise til Vik i Sogn og velje representantar for Nordre Bergenhus Amt og «overbringe denne vor Adresse» og «paa vore og hele Præstegieldets Almues Vegne (…) stemme og samtykke til en ny Regieringsform anlagte Plan». Valet på Vikøyri blei halde den 30. mars.

Namnet på valmennene varierer litt frå adressa til bygdeboka: Peder Jensen Florøen / Per Jensson Flora og Peder Abrahamsen Steenhaavden/ Per Abrahamsson Steinhovden. Dette kjem vel av at presten si skrivemåte var annleis enn den vi brukar i dag.

Dei som skreiv under

Dei som skreiv under var 11 bønder, av dei 5 med påhalden penn, ein borgar, Henrik Martens, og dei to prestane, soknepresten i Kinn og kapellanen frå naboprestegjeldet Førde. Også dei to valde valmennene skreiv under på fullmakta. O. Torjersen Svanøgaard er den same som Ole Torjussen Svanøe som du kan lese om i slutten av artikkelen. Han blei seinare stortingsmann.

Kinn prestegjeld 1814

I den eldste kyrkjeboka for Kinn prestegjeld frå 1689 er prestegjeldet skildra slik: Det var tre kyrkjesokn, Kinn, Bru og Bremanger (Grotle). I 1814 omfatta prestegjeldet desse kyrkjene: Bru ( Svanøy), Kinn, Bremanger (Grotle) og Eikefjord. Eikefjord kapellkyrkje var bygd i 1813 og kosta av private midlar. Kinnakyrkja var frå mellomalderen til 1872 hovudkyrkje i prestegjeldet. Dette er ei steinkyrkje frå om lag 1150. Bru kyrkje på Svanøy blei bygd i 1650-åra i tømmer. Det var ei korskyrkje. Bremanger kyrkje (Grotle) frå 1695-1866 var ei tømmerkyrkje der ein del av materialane var brukt opp att frå ei eldre kyrkje.

 

Kinn prestegjeld var eit utfordrande prestegjeld å reise i. Reisa frå prestegarden til Grotle kunne ta fleire dagar. Veret var ofte for dårleg for kyrkjeferd, så det blei mange messefall. Hans Arentz kalla i 1785 Kinn for eit «Hav-Kald ... regnes iblandt de strængeste Sø-Kald i Stiftet.»
 

 

I 1801 hadde Kinn eit folketal på 1954. Folketalet hadde dobla seg sidan 1660-åra. Mange i prestegjeldet drukna, 10% av dødsfalla mellom 1790 og 1800 var drukning. Ikkje så rart når dei fleste dagleg måtte i båt og hadde arbeidsplassen sin på havet, og dei færraste kunne symje.

I 1801 skreiv sokneprest Claus Finde om ungdomen at dei hadde «den skadelige Uvane» å flytte til Bergen. Der tok dei teneste og mange blei verande i byen, dette til tross for lova som påla dei å ta seg teneste i heimbygda.

Då Claus Finde byrja som prest i Kinn i 1785, låg skulevesenet meir eller mindre nede. Finde skaffa utstyr til skuleborna: pennar, blekk, skrivepapir og bøker. Han førte rekneskap for skulen og betalte lærarane fast løn. Han organiserte også skuledistriktet over i ni distrikt. Dessverre hadde dei berre fem lærarar.

I 1819 var det ny sokneprest i Kinn og ny biskop. Biskop Pavels tykte at ungdomane i Kinn prestegjeld hadde gode kristendomskunnskapar. Folket viste respekt for kyrkja og Guds ord. Dei levde også eit moralsk liv. Presten fekk til ein avtale med biskopen om at han skulle sleppe å legge ut i dårleg ver for å døype born. Foreldra kunne kome med borna til presten i staden for.

Prestegarden

Prestegarden for Kinn prestegjeld låg fram til 1560 ved Kinnakyrkja. Då flytte dei presten til naboøya Skorpa. Garden der gav ikkje mykje utkome for presten. Kinn prestegjeld var heller ikkje noko rikt kall. I 1755 flytte dei prestegarden til Florø, til garden Øvre Flora.

Soknepresten i 1814

Claus Finde var 73 år i 1814 (fødd 1739-død 1816) Han var ungkar og rik. Biskopen var ikkje alltid nøgd med arbeidet hans. Han kalla Finde for «den rigeste geistelige i stiftet». I 1814 var det ni menn som klaga på presten til biskopen som gav dei medhald i klagen. Men, Claus Finde fekk halda fram som sokneprest. Truleg fordi han også hadde sine gode sider. M.a. gjorde han mykje godt for skulestellet i Kinn. Han gav «en del av sin betydelige formue til Universitetet og noget lidet til Kinds Fattig- og skolekasse». Då Eikefjord kyrkje var ny i 1813 fekk kyrkjelyden ein kalk og disk i sølv av Claus Finde.

Den nye bygdeboka for Flora av Gaute Losnegård tek føre seg tilhøvet mellom presten Claus Finde og biskop Johan Nordahl Brun:

Siste presten i einevaldstida i Flora heitte Claus Finde. Biskop Johan Nordahl Brun hadde ikkje særleg sans for han, og meinte at sjølv om han var svært velståande, så var han samstundes fattig i ånda. Då Brun var på visitas på Svanøya i 1799, skulle Finde halde preike, men han framførte berre engsteleg og nølande ein del fromme og dårleg samanhengande ord. Diktarbiskopen som var plaga med «tjukkfot», skreiv endåtil eit nidvers om Finde: «O! Tykhed flyt frå mig hen til Claus Findes Lægge. Du ser, de er jo kun alt for smale begge. Flyt dem til den rige Mand; Det til Costumet hør; Men ei til Hovedet; thi det er tykt nok før.»

Men om Finde ikkje klarte å inspirere biskopen, så gjorde han det godt i forretningslivet. Han var rik på jordegods, og eigde gardar frå Sogn i sør til Sunnmøre i nord. I Flora eigde han ein part i Espeset, Sunnarvik, Batalden, Eikevollen, Norddal, Eikefjord, Svardal og Ytre Reksta. Han døydde ugift i 1816 etter 32 års teneste, og buet blei gjort opp med ein nettoverdi på 38 643 riksdalar. Då sølvskatten skulle betalast same året, gjekk det med 2050 spesiedalar i sølv frå dette buet. Det var over ein tredel av det samla utlikna skattebeløpet i Brandsøy skipreide. Finde arbeidde også ihuga for å utbetre skulestellet i Kinn prestegjeld. Han testamenterte ein del av formuen sin til det nyoppretta norske universitetet, som fekk jordegods verd over 2000 dalar.

Amtsvalet

Amtmannen i 1811-1814, Herman Gerhardt Treschow, var dansk og budde ei stund på Askelund i Balestrand. Han sende rundskriv til alle prestegjelda om når og kvar amtsvalet skulle finne stad:

 

samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeenstemmelse med Regentskabets Ved Biskoppen den … : Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

 

Valet av representantar frå Nordre Bergenhus Amt til forsamlinga på Eidsvoll 10. april gjekk føre seg i «Lychehuset» på Vange i Vik. Datoen for dette var 30. mars. Her møtte dei to valmennene frå kvart prestegjeld. Dei tre som blei valde til å representere amtet på Eidsvoll var:

  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme
  • Sokneprest Nicolay Nielsen frå Ytre Holmedal (Fjaler)
  • Gardbrukar Peder Hjermann frå Lærdal

I tillegg var det to representantar som blei valde av det Bergenhusiske infanteriregiment: kaptein Ole Elias Holck og musketer Nils Johannesson Loftesnes.

”Tak og Bønefest”

Den 17. mai var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigtste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constituionen er et Palladium for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest.

 

Sundag 26. juni heldt dei takkefesten i kyrkja på Svanøy. Kyrkjelyden takka då for grunnlova.

Val til omframt storting om hausten og representantar

Vala i prestegjelda var denne gongen betre organiserte og førebudde enn valet til Eidsvollforsamlinga. Talet på utsendingar frå prestegjeldet skulle fylgje folkemengda.
Også denne gongen kom det brev frå Christian Frederik til biskopane. Dette var datert 13. juni. Brevet slo fast at det skulle setjast opp manntal i samsvar med grunnlova § 51. Konvensjonen frå Moss av 14. august, artikkel 1, slo fast at eit storting skulle kome saman.

Den 23. september var det på nytt val på representantar frå Nordre Bergenhus Amt, denne gongen til omframt storting. Dette valet blei også halde i «Lychehuset» på garden Vange i Vik. Det var 58 valmenn som møtte. Ingen av dei valde var Eidsvoll-menn. Desse blei valde:

  • Soknepresten i Gulen Nils Griis Alstrup Dahl
  • Tøger Halvardson Nes frå Luster
  • Ole Torjussen Svanøe frå Kinn
  • Våpensmed Eirik Olsen Nord frå Eid.

Forut for amtsvalet hadde dei val til omframt storting sundag 11. september i Kinnakyrkja. «Gudstjenesten i Kinds Kirke og Valg-Forsamling til overordentlig Storthing som skulle afholdes i Christiania og umiddelbart underhandle med hans Svenske Majestet angaande Rigets tilkommende Skjebne. De af de samtlige tre Menigheder som erholdte de fleeste Stemmer vare:» dvs. dei fire valmennene var: Ole Torjussen Svanøe, Peder Abrahamsson Steinhovden, Lars Akselsson Haukå og Peder Helmers. Talet på valmenn var denne gongen avhengig av folketalet i prestegjeldet. Teksten for dagen var Salmane kapittel 4.

Ole Torjussen Svanøe (1781-1859) var haugianar og både driftig og intelligent. Han hadde kjøpt Svanøy i 1804. Han dreiv «jordbruk og fiske, sagbruk, båt- og skipsbyggeri, en tid også saltkokeri. I nogen år hadde han dessuten kjøbmannsforretning i Bergen.» I 1814 blei han vald som ein av amtet sine representantar til omframt storting. Seinare sat han på stortinget i fleire periodar.

Dei andre valmennene veit vi ikkje så mykje om. Lars Akselson Haukå er registrert som ugift gårdmann i folketeljinga for 1801. Han var då 36 år. Peder Abrahamsson frå Steinhovden i Høydalsfjord var 23 år i 1801 og «Enkemand En Gang» han var «bonde og Gaardbeboer». Han hadde i alt 12-14 born. Peder Helmers er nok Peder Jensen Florøen Helmers fødd i 1779. Han budde på garden Nedre Florøen og er stamfar for Helmersfamilien.

Minnesmerke

På Svanøy er det reist ein felles minnestein over Hans Nielsen Hauge (1771-1824) og Ole Torjussen Svanøe (1781-1859). Steinen blei reist av familien til Ole Svanøe i 1954. Han står på Saltverkneset. Steinen er 3,5 m høg og 60 cm brei.

kjelder:

Gaute Losnegård: Historia om Flora. Selja forlag 2012.
Hermund Kleppa: Fleire artiklar i Kulturhistorisk leksikon
Margrete Henden Aaraas (m.fl.): På kyrkjeferd, band 1, Nordfjord og Sunnfjord. Selja forlag, 2000.
Firda folkeblad 14. mai 1960: Flora 100 år 16. mai 1960.
Ragnar Bull: Søndfjord – ufruktbare Klipper og Bjergtroldets Boliger? Utdrag av Hans Arentz’ manus «Beskrivelse over Søndfjord i det nordre Bergenhusiske Amt» Anno 1785. Samlaget 1999.
Norsk biografisk leksikon.
Kinn kyrkjeblad våren 2014
Oddmund Løkensgard Hoel og Jan Anders Timberlid: 1814: Ein studie i opprør. Artikkel i Firda 18.03.2014.
Digitalarkivet: Kinn, ministerialbok nr. A 3, 1785-1821.
Riksforsamlingens forhandlinger 2den del, adresser og fuldmagter. 1914. Digitalisert på Nasjonalbiblioteket.
På kyrkjeferd, band 1, Nordfjord og Sunnfjord. Selja forlag, 2000.
Firda folkeblad 14. mai 1960: Flora 100 år 16. mai 1960.
Ragnar Bull: Søndfjord – ufruktbare Klipper og Bjergtroldets Boliger? Utdrag av Hans Arentz’ manus «Beskrivelse over Søndfjord i det nordre Bergenhusiske Amt» Anno 1785. Samlaget 1999.
Norsk biografisk leksikon.
Kinn kyrkjeblad våren 2014
Oddmund Løkensgard Hoel og Jan Anders Timberlid: 1814: Ein studie i opprør. Artikkel i Firda 18.03.2014.
Digitalarkivet: Kinn, ministerialbok nr. A 3, 1785-1821.
Riksforsamlingens forhandlinger 2den del, adresser og fuldmagter. 1914. Digitalisert på Nasjonalbiblioteket.

PERMANENT IDENTIFIKATOR