Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Myrmennene på Stadlandet



Etter røysterettsreglane frå 1814 var røysteretten på landsbygda avgrensa til embetsmennene og jordeigarane. Lova sette ikkje krav til storleiken av eigedommane. Desse røysterettsreglane galdt heilt fram til 1884.

Utsikt over Ervik og Morkadalen på Stadlandet. Det var i Morkadalen byfolk vart jordeigarar for å få røysterett.

Utsikt over Ervik og Morkadalen på Stadlandet. Det var i Morkadalen byfolk vart jordeigarar for å få røysterett.

Eigar: Postkort, trykt ved J. Gjerdes Trykkeri, Hareid.

Datering: Ukjend.

Fotograf: John Kråkenes.

Eit smotthol i lova

Utover 1860-åra var det mange som ville freiste å få røysterett ved å kjøpe eller bygsle eit jordstykke. Særleg var det mange akademikarar som ønskte seg røysterett. Sidan grunnlova ikkje sa noko om storleiken på jordstykket, og heller ikkje at eigaren måtte bu på staden, vart det etter kvart til at det fleire stader i landet kom fart i Myrmannsvesenet, som det vart kalla når byfolk kjøpte seg ein jordteig på landet og slik skaffa seg røysterett.

Myrmenn på Stadlandet

Sofus Arctander var jurist, og i studietida si var han ein periode huslærar i Nordfjord. Han kjøpte øydegarden Hanekam i Morkadalen på Stadlandet i 1867 på auksjon for 10 spesidalar. I 1870, då han sjølv hadde nådd røystealderen, selde han ut ti like store parsellar til venene sine for 5 spd kvar. Den 11. parten heldt han att til seg sjølv.

Namn

Sofus Arctander kalla sin parsell for Hanekamben. I 1884 vitja han staden, og truleg var han den einaste av jordeigarane som gjorde det. Dei andre myrmennene var:
Cand. real. Hans Geelmuyden, seinare professor i astrologi, kalla sin teig for Spekkehatten.

Cand. philol. Gustav Storm, seinare professor i historie, nemde parten sin for Grønvoll, og cand. theol. J. Jansen, seinare sokneprest i Røyken, valde det svært treffande namnet Stemmerud.

Cand. theol. Fritz Hansen, folkehøgskulemann, kalla teigen sin for Litle-Brekke, medan cand.theol. Hans Ross, målgranskar, ga sin parsell namnet Fornebø.

Jakob Aars, skulestyrar ved Aars og Voss skole, døypte sitt jordskykke for Hoffgård og redaktør Hagbard Berner, seinare borgarmeister i Oslo, kalla sin teig opp etter bladet sitt, Dagbladet.

Stud.med. Klaus Hansen, seinare overlækjar i Bergen, brukte namnet Kroken, medan både cand. philos Carl Berner, seinare stortingspesident, og fattigforstandar J. Wettergren, brukte namnet Hanekamben.

Etter kvart som desse opphavlege eigarane vart embetsmenn og gjennom dette fekk røysterett, selde dei eller gav bort partane sine til andre.

Hanekam vart til Nygård

I 1884 vart røysteretten utvida, og heile "myrmannsvesenet" fall bort. Etter kvart vart dei einskilde parsellane selde. Etter ein del år slo eit ektepar seg ned på garden og tok til å kjøpe opp teigane ein for ein. Dei sette opp hus, kjøpte seg dyr og dreiv garden under det nye namnet Nygård. I 1938 vart òg Actander-parsellen innlemma i bruket, då enkja etter Sofus Actander gav teigen gratis til den dåverande brukaren.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band 1.

PERMANENT IDENTIFIKATOR