Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Island – Telefonutbyggjing i 1908



Teleutbyggjinga på Island tok til i 1906 med stor medverknad frå Noreg. Islendingane valde å dra nytte av røynslene frå telegraf- og telefonutbyggjinga i kyststroka på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei tilsette norsk byggjeleiar, og leigde i fleire år inn anleggsarbeidarar frå Noreg. I sesongen 1908 var Ola Taklo frå Sogn og Fjordane med. Ei tid etter fortalde han om ferda i "Fjordenes Blad" (Fjordabladet).

<p>I 1956 gav det islandske postverket ut eit s&aelig;rfrimerke i h&oslash;ve 50 &aring;rsjubileet for landssimi Islands, det islandske telegrafverket.&nbsp;</p>

I 1956 gav det islandske postverket ut eit særfrimerke i høve 50 årsjubileet for landssimi Islands, det islandske telegrafverket. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

1905-1907

I mai 1905 reiste telegrafstyrar Olav Forberg, busett i Veblungnes, Møre og Romsdal, til Island for å setja seg i inn i det påtenkte prosjektet å byggja telegraf-/telefonline frå Seydisfjord aust på Island til Reykjavik. Forberg hadde bygt fleire telefonliner i Troms og Finnmark. Han vart tilsett som anleggsleiar og reiste tilbake til Noreg for å skaffa arbeidsfolk og gjera andre førebuingar.

Det gjekk lett å få fatt i folk. Særleg melde det seg mange frå Sogn og Fjordane, Møre-fylka og Nord-Noreg. I mai 1906 gjekk DS ”Egil” til Island med 200 mann om bord.

Ola Taklo

Personopplysningar om Ola Taklo i bygdeboka Eid og Hornindal (1953), forkortingar er skrivne fullt ut: 

Ola Guttormsen, fødd 1886, skøyte 1910 [på garden Taklo, gnr 13, bnr, 3 i Eid], gift med Marie Andreasdotter Hundeide, fødd 1891. Ola gjekk Vinterlandbruksskulen i Oslo, var gardsstyrar i nokre år på gardar i Austfold og på Romerike før han tok [over] farsgarden. Har vore mykje med i ungdomslagsarbeid og sosiale tiltak elles, mellom anna formann i styret for Nor Meieri då meieriet vart bygt på Osnes.

Reiseskildringa

Ola Taklo var 22 år då han reiste til Island på telegraf-/telefonarbeid. Han kom heimatt til Eid i oktober og hadde reiseskildringa Ei ferd til Island klar til trykking i Fjordenes Blad i desember. Taklo fortel om den fleire dagar lange sjøreisa, han nemner stoppestadene, fortel eitt og anna han observerer i møte med eit anna land og folk, og sjølvsagt om arbeidet deira med å byggja telegraf-/telefonliner. Han fortel og om ymse hendingar, mellom anna då ein arbeidskollega og sambygding vart sjuk og døydde, og om ein gong dei var i fare for å brenna inne. Reiseskildringa er informativ, verkar etterretteleg og er godt skriven, utan tvil også eit interessant vedlegg til den islandske telehistoria. Heile skildringa kan du lese ved å trykke her.

”Mitt skip er lasta med –”

15. mai 1908 la DS ”Kong Helge” ut frå Bergen med kurs for Island. Skipet tilhøyrde truleg det danske rederiet De Forenede Dampskibsselskaber og ser ut til å ha vore eit lasteskip som også kunne ta med passasjerar. På denne turen får vi inntrykk av at det følgde med mange fleire passasjerar enn båten var berekna for. I eit av lasteromma framme var det rigga til med briskar i to høgder for i alt 90 mann, dei fleste telegraf-/telefonarbeidarar. Elles var båten lasta med telegraf-/telefonmateriell av ymse slag, mellom anna trådbuntar i store mengder, arbeidsutstyr og proviant.

Lossing fleire stader

”Kong Helge” var innom på Færøyane og Vestmannaøyane før båten den 26. mai stimde inn på hamna i Reykjavik. Etter eit par dagar gjekk ferda nordover. Materiell og utstyr vart lossa fleire stader rundt heile fjordlandet på nordvestkysten. Sameleis gjekk arbeidsfolka i land fleire stader. Byggjearbeidet var organiseret med aktivitet på fleire plassar. Arbeidslaget til Ola Taklo gjekk i land som siste lag i Holmavik i Steimgrimsfjorden. Datoen var då 4. juni.

I arbeid

Arbeidslaga var samansette av av nordmenn og islendingar. Dei heldt til i telt og var sjølvforsynte med utstyr og proviant. Kvart lag hadde eigen kokk. Dei flytte leiren med jamne mellomrom, alt etter som arbeidet gjekk fram. Arbeidet bestod i å reisa stolpar og å strekkja trådar. Somme stader måtte dei sprengja stolpefeste i fjellet, andre stader var det berre å grava.

Kvart lag hadde ein arbeidsleiar. Vi høyrer om Maloknes, Vestad, Merkesdal og Midtun. Midtun var leiar for Taklo sitt lag. Taklo fortel at dei fekk materiellet og utstyret sitt i land ved hjelp av ein motorbåt: ”ei mengd buntar traad, arbeidsbeine [arbeidsreidskapar] av ymse slag, kuffertarne og kistorne (..), matvaror og kokkesaker.” Dei slo opp fire telt, to for nordmennene, eit for islendingane og eit for kokken. Første jobben deira var å byggja linekurs langs fjorden frå Holmavik innover til enden av fjorden, derifrå opp Stadurdalen til høgaste heia der dei skulle møta eit arbeidslag som arbeidde frå hin kanten. Den andre jobben var arbeid austover frå Holmavik mot Ospekseyri.

Merknad: Nicolai Midtun var frå Evindvik i Gulen. Han var og med som arbeidsstyrar i 1906, kan henda også i 1907.

Sjukdom og død

Ut over sommaren vart fleire plaga av halsverk. Arbeidskameraten og sambygdingen til Ola Taklo, Didrik Bjørhovde, vart sjuk i månadsskiftet juni/juli. Dei var då komne inn til enden av Steingrimsfjorden. Didrik fekk det først i halsen, men sidan sette sjukdomen seg i brystet. Dei lukkast ikkje med å få lækjarhjelp og om ettermiddagen, søndag 5. juli, døydde han. Taklo fortel om gravferda på kyrkjegarden ved kyrkja i Stadurdalen, tysdag 7. juli:

Tysdag var Bjørhovde graven. Han vart lagd i kista paa teltstaden, og so vart han flutt paa hesteryggen til kyrkja, som staar paa Stadur paa den andre sida aat dalen. Ved gravi vart det sunge baade paa norsk og islandsk; men der var ikkje prest til stades; for han var ikkje komen endaa. Magnus paa Rosberg [Hofberg] lova aa syta for at det vart kasta jord paa. Med same skulde der setjast ein kross paa gravi og.

Merknad: Didrik Bjørhovde, fødd 5. mai 1890, var son til Hans Simonsen Bjørhovde og Gjertrud Didriksdotter. Familen budde på Bjørhovde, gnr. 23, bnr. 5. (Kjelde: Folketeljing 1900)

Lauseld i Isafjord

Den 9. desember var laget til Taklo ferdige med arbeidet sitt i Steingrimsfjorden, men  endå ikkje fullt ferdige til å fara heimatt. Turen gjekk no med båt frå Holmavik til Isafjord. Der skulle dei reisa 12 stolpar i byen og skrua vinkeljern og strekkja trådar på 90 andre stolpar. Det var her dei kom ut for ein husbrann. Taklo fortel:

Her hadde me so nær brunne inne [natt til 14. september]. Me hadde eit par rom uppe paa eit loft. Inne i det romet som folki aat Merkesdal [leiaren til eit anna arbeidslag] hadde, let dei ei lampa hanga i glaset og brenna um natti. Ho hadde vore for nær øvste glaskarmen og brende hol paa den, og det tok til aa brenna millom panelingi og trodet uppe i taket. Dei som var inne vakna av røyken som heldt paa og skulde kjøva dei. Huset var kledt med takjarn [bølgeblikk], so røyken slapp ingen stad.

Me vakna avdi det vart slik dundring inne hjaa dei, og daa me kom til, heldt dei paa aa bryta ned panelingi i taket, so dei kunde koma til aa sløkkja. Der vart bore vatn til fraa kjøkenet, og det varde ikkje mange minutt fyrr elden var sløkt. Daa det var sløkt, kom det ein stasleg mann i blaa bunad med ei breid, gul snor kring huva og skulde sjaa kor til stod.

Midtun kalla honom brandmajor, men embæte hans hev nok eit anna namn paa Island [Midtun hadde rett]. Han fann at varmen var sløkt, og ikkje meir aa gjera. Midtun fyreslo at ein skulde ha brandsprøyta paa staden. Medan det brann hadde han visst ikkje kome paa det, og me andre kjende ikkje til at her var ei sovori i Isafjord. Mannen med snorahuva trudde det trongst ikkje; men ein kunde no godt henta henne korso. Inne i sprøytehuset raaka me fyrst eit oljefat som høyrde byen til; det stod i vegen og maatte førast ut. So fann me handvogni til aa draga sprøyta. For aa finna vatsslangarne maatte ein leita kring i alle krær med fyrstikkor.

Daa me hadde faatt sprøyta paa plassen, gjekk me og la oss. Dei som det hadde brunne hjaa, vaska uppatt, og so gjekk dei og la seg, dei og. Eit blad som skreiv um branden dagen etter rosa nordmennerne for di dei var snare til aa sløkkja. Men han som berre viste seg i embetsbunaden sin fekk skrubb, fordi han ikkje let blaasa i brandluren, so fleire og kunde vera med aa sløkkja. Det var siste hendingi vaar paa Island.

Heim med Bergenske

Taklo fortel at dei reiste heimatt med ”bergensbaaten” Uranus. Det var både han og andre glade for. Han avsluttar:

Vel var det berre ein gamal lastebaat; men der var romlegt og bra reinsamt, mykje betre enn paa danskebaatarne. Det gjer at dei som kann helst vil fylgja ”Uranus”, so mannskapet trudde at dei komande sumar lyt senda ein større baat til Island. Det einaste ein kunde segja paa stellet umbord, var at naar der var so mykje folk umbord som no, var det uraad for alle aa faa kjøpa mat.

Merknad: Det Bergenske Dampskibsselskab (DBS) byrja rutefart på Island sommaren 1908, og hadde seinare, med unntak av krigsåra 1940-1945, ruter på Island til om lag 1950.

 

Les heile reiseskildringa her.

 

kjelder:

Fjordenes Blad. 09.12.1908, o.fl.
Isafjardar-postur. 15.09.1908
Os, Edvard: Bygdebok for Eid og Hornindal. 1955

Informasjon frå:
Upplýsingaþjónusta og notendafræðsla [upplys@landsbokasafn.is]
Sigridur Oladottir, Sreingrisfjord.
Digitalarkivet, Folketeljing 1900, 1910 


 

PERMANENT IDENTIFIKATOR