Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. mars 2007

Sist oppdatert 17. februar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minne om Johanna M. Haugen



"Johanna Haugen av Luster, fødd i Luster 2/6.1908, upteki i skulen [ved] Sogns Barneheim 1/10 - 1917 og utskrivi frå folkeskulen 21. juni 1924. Ho hev tungt næme, [har] arbeidt med bra trott, og vunne seg noko kunnskap i læreemne. På skulen hev ho skikka seg sers vel." Dette var avgangsvitnemålet til Johanna Haugen då ho reiste frå Sogns barneheim i 1924. Kven var ho? Kvifor kom Johanna på barneheim? Korleis gjekk det med henne i livet?

Johanna M. Haugen (1908-1994) i stova si i Gaupne i 1987.

Johanna M. Haugen (1908-1994) i stova si i Gaupne i 1987.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1984.

Fotograf: Haugen, USA.

Møtte Johanna

Det laga seg slik at eg møtte Johanna i 1988. Ho var då 80 år gamal, noko tunghøyrd og plaga av sukkersjuke, men ved godt mot og hadde alltid ein liten lått på lur. Johanna ordla seg litt stakkato, i korte ord og vendingar. Ho budde i ei lita blåmåla stove i Gaupne, einsleg, som i alle år og utan nære slektningar i Noreg, men ikkje åleine eller einsam i verda. Då ho døydde i november 1994, var det var mange som fylgde henne til grava og som var tilstades på minnestunda i møtesalen på handelssenteret Pyramiden.

Johanna eller Slåtte-Jonna som ho av og til vart kalla, fortalde litt frå barndomen. Ho voks opp på barneheimen på Leikanger. Då ho og syskina Ola og Elen vart foreldrelause og ingen i slekta kunne ta seg av dei, var det den einaste utvegen. Ei moster fylgde dei på reisa og ho hugsa at systera Elen gledde seg. Var berre 7 år, ho. Forstod ikkje meir.

Johanna mintest og at ho og syskina fekk kler og skor frå folket sitt i Gaupne, og at ho ikkje var på besøk i Gaupne dei fire åra ho var på heimen. Elles fortalde ho at Mundal og kona (styrarparet) var snilde, dei var foreldre, la aldri handi på nokon. Men så kom Aalen [styrarparet Alfred Aalen og kona Signe Aalen, 1920-1937]. Då blei det forandring. Han var det ikkje noko å seia på, menho, [brukte sterke ord om kor fæl fru Aalen var], ho sleit ut mange buske, fekk juling, over røvi.

Om somrane var Johanna hjå folk på ein gard i Sogndal, der ho og kom i teneste etter at ho 15 år gamal reiste frå barneheimen. Sidan kom ho i teneste fleire stader i Luster.

Barneheimen einaste utvegen

Skriftlege kjelder stadfester og utfyller noko av det Johanna fortalde. Far hennar, Mons Andersson Haugen, fødd 25.2.1857, døydde som husmann og enkjemann 12.2.1917. Han etterlet seg tre mindreårige born, Ole fødd 1906, Guro Johanne (Johanna), fødd 2.6.1908, og Elen fødd 1910. Ingen i familien såg seg i stand til å ta seg av borna. Dermed blei det ei sak for fattigstellet. Luster fattigstyre vende seg til Sogns Barneheim med inderleg bøn om å ta imot borna. Barneheimen svara ja, og fattigstyret fann å kunna yta kr. 75.- pr barn pr år som "gaava" til heimen.

Elles var det lite av gods og gull etter far til Johanna, - to skrøpelege bygningar - ei lita gammal stove, ein fjøs og noko innbu. Fattigstyret fekk ordna det slik at begge husa vart rivne. Dei brukande materialane vart utdelt til fattigfolk i krinsen, det beste av innbuet vart selt, og resten gjort til inkjes.

Ei moster fylgde dei

Johanna og syskina hennar kom til barneheimen tidleg om morgonen ein aprildag i 1917. Ei moster deira, Guro Øvrebø, fylgde dei. Guro hadde med seg papir på at borna var undersøkt av lækjar, at dei var friske og var vaksinert mot koppar. Derimot hadde ho ikkje med dåpsattest som reglane tilsa, men dette skulle ordnast seinare. Guro hadde óg med melding om skulegong for dei to eldste, Ola og Johanna.

Hjå andre om somrane

Fyrste sommaren på heimen, i 1917, var Johanna og Elen hjå "sommarforeldra" Søren Kjelby og kona i Oppdalsbygda i Gulen. Ola var hjå E. Mundal i Fjærland. Seinare var Johanna hjå folk i Sogndal om somrane.

Minstesystera døydde

Hausten 1918 vart barneheimen råka av Spanskesjuka. Fleire blei sjuke, også Johanna, men ho kom snart over det. Derimot fekk systera Elen det hardare, med oppkast, nasebløding og feber. Ho kom seg ikkje. I eit dagbokhefte skreiv styraren: "Elen gik det nedover med stadig. Sanser sig ikke de sidste dager og nat til fredag (25.10) sovnede hun 3 ½ om natten. Johannes paa Haugen arbeidede kiste og kl 7-8 lagde [vi] hende med pene klær i Kisten og vi haaber, at [hun] fare med Jesus og [får] være med i [den] store barneflokken deroppe og svinge sine palme for Lammets trone."

Miste mange av dei næraste

Det høyrer med til menneskelivet å mista einkvan av sine næraste. Når det skjer, er det tungt og vanskeleg. Hardast kjennest det når døden kjem brått og uventa, når det ikkje er naturleg. Johanna Haugen vart råka hardare enn andre i barndomen. Ho vart morlaus då ho var 7 år, ho mista to systre då ho var 4, far hennar og systera Marie døydde då ho var 9, og endeleg mista ho systera Elen då ho var 10. Dessutan hadde ho høyrt om broren Tore som døydde i 1892, og om den eldste broren Anders, som dei "mista" då han utvandra - og ikkje let høyra frå seg.

Seinare i livet

Johanna Haugen var ikkje av dei me vil kalla velutrusta for livet då ho reiste frå barneheimen 15 år gamal. Ho mangla det me i dag tenkjer på med godt sosialt nettverk, hadde på ingen måte den beste skulegong i bagasjen, og var ikkje evnemessig av dei sterkaste. Ho vart tenestejente rundt om på fleire gardar, fyrst i Sogndal, seinare i Luster. Johanna Haugen arbeidde for og hjå andre til ho vart pensjonist. Dei siste åra av sitt yrkesaktive liv arbeidde ho som reinhaldar i Luster kommune.

Johanna Haugen opplevde to store ting på slutten av livet sitt. Det eine var at ho fekk bu hjå seg sjølv, i ei lita stove ho fekk leiga i Gaupne. Det andre at ho i 1984 kom i kontakt med etterkomarar av Amerika-broren sin, Anders. Det var eit resultat av Lars Øyane sitt bygdebokarbeid. Ho hadde Amerika-besøk fleire gonger seinare, siste gongen kort tid før ho døydde. Johanna Haugen ligg gravlagd på kyrkjegarden ved den gamle kyrkja i Gaupne.

 

kjelder:

Øyane, Lars: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 4, Gaupne sokn. 1991.
Opplysningar frå:
Johanna Haugen.
Gudrun Vigdal, Luster.
Kommunearkivet i Luster: Fattigstyret, møtebok.
Privatarkiv: SFF-93085 Sogns barneheim.

PERMANENT IDENTIFIKATOR