Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jostedalsvegen



Jostedalen var lenge eit svært isolert dalføre. Den store breelva går i tronge gjel, og det var vanskeleg å få farbar veg til sjøen. Rundt midten av 1800-talet såg fylket det som si oppgåve å gi innlandsbygdene vegutløysing til sjøen, og fylket gav si første bygdevegsvegløyving til Jostedalen i 1842.

Gjerde i Jostedalen rundt 1900. Huset til venstre er butikk. I dag går vegen på oppsida av butikken.

Gjerde i Jostedalen rundt 1900. Huset til venstre er butikk. I dag går vegen på oppsida av butikken.

Eigar: Jorunn Grov Hestetun. SFFf-1995080.0005

Datering: 1900-1910.

Fotograf: K. Nielsen.

Dei første vegane i Jostedalen

Folk i Jostedalen hadde frå gammalt av samkvem både med bygdene i Oppland og Sogn. I 1750 skriv Mathias Foss, prest i Jostedalen 1741-1792, at jostedølene i august brukte å dra til Skjåk og vidare, anten til Røros eller Christiania, med slakt, smør, talg, truger og trevarer av ulike slag. På Røros kjøpte dei med seg jern til gardsreidskap. Varer som korn og sild kjøpte dei i Gaupne, der dei selde never og husdyr. Det var fleire ferdslevegar over fjellet, og to kløvvegar ned til Sognefjorden. Den eine gjekk over Vigdalen via garden Kilen til Luster (Døsen) på austsida av Jostedøla, medan den andre gjekk frå Jostedalen om Alsmo, Leirmo og til Røneid. Den siste vegen var det som etter kvart utvikla seg til å bli hovudferdelsåra til Jostedalen.

Vegen mellom Røneid og Alsmo

Tidleg på 1800-talet vart det sagt at vegen frå Røneid til Leirmo (ca 7 km) var god. Den 2-3 km lange strekninga vidare til Alsmo gjekk over ein bratt ås. Biskop J. Neumann var i 1823 på bispevisitas i fylket, og drog oppover Jostedalen. Han kallar det ".. den frygtelige Reise". Han fortel at vegen frå Røneid opp dalen gjekk bakke opp og bakke ned. Han måtte gå av hesten 20-30 gonger og gå nær halve vegen, ofte på hender og føter der det var brattast. Biskopen skildrar dette som bratte, trappeliknande vegparti. Vegen var betre om vinteren, for då kunne dei bruka den islagde elva som ferdaveg. Leirmo og Alsmo høyrde til Luster kommune, medan gardane vidare opp dalen høyrde til Jostedal kommune.

Første løyvinga frå fylket

I 1842 løyvde fylket for første gong pengar til eit bygdeveganlegg. Løyvinga var på 250 spesidalar og gjekk til Jostedalen for å utbetra vegen over Haukåsen (mellom Alsmo og Myklemyr). "Denne Vei, der er høist nødvendig til Ophjælpesen af dette District, der ved dets isolerede Beliggenhed har mange Vanskeligheder at bekjæmpe", heitte det i grunngjevinga. Vegbygginga i fylket bygde på det faktum at sjøvegen var den viktigaste samferdsleåra, og at innlandsbygdene difor først måtte få vegutløysing ned til fjorden.

Ingen køyreveg

Den engelske geologen James Forbes fann vegen slik i 1851: "Den Neste morgen steg vi til hest og startet ferden til Justedal. (-) Selv om det ikke er noen kjørevei, er den omhyggelig anlagt på alle farlige steder: nesten hele strekningen følger den Storelvens viltre løp, og til tider stiger veien til anselige høyder, der man har majestetiske utsyn."

Store utbetringar på 1800-talet

Det kan sjå ut som vegen i Jostedalen vart prioritert framfor andre bygdevegar. Nye løyvingar vart gitt i 1845 (200 spesidalar) og i 1848 (600 spesidalar). I 1857 vart det gått opp ei vegline frå Lom i Opland gjennom Jostedalen ned til Sognefjorden. Jostedalen vart nok sett på som ein del av ein mogeleg gjennomgangsveg til Gudbrandsdalen og konkurrerte såleis med Sognefjellsvegen. Planen følgde stort sett den eksisterande ridevegen, men bygginga vart fråråda av vegdirektøren. Ut over 1800-talet vart det ei aukande utveksling av varer. I 1871 søkte Jostedal kommunestyre om å få granska lina Røneid-Fåberg. Etter framlegg av H. U. Sverdrup gjorde fylkesformannskapet vedtak om å tilrå undersøkingar om korleis Jostedalen på billigaste måte kunna skaffast vegsamband "med den øvrige Verden".

Hovudveg i 1883

I vegdirektøren sitt budsjettframlegg for 1874 vart det ført opp rundt 20.000 kroner til eit hovudveganlegg gjennom Jostedalen, og omlegging av dei verste bakkane i den nederste delen av dalen. Pengane vart nytta til omlegging av Stegebakken, Husbakken, Tømmermyrbakken, Leirmoreina og Alsmostranda i perioden 1875-82. Køyrebreidda var mellom 2 og 4 m. Fylket tok på seg heile distriksttilskotet. I 1877-85 vart det bygd veg mellom Marifjøra og Røneid (3 km). Vegen Marifjøra-Røneid-Alsmo-Jostedalen kyrkje vart hovudveg i 1883.

Jostedalsvegen bygd "ferdig"

Vegen vidare var ikkje køyrande med kjerre, og det kravde store omleggingar for å få det til. Haukåsen var eit "betydelig Bakkeparti", heitte det i eit brev frå løytnant Hansen til vegdirektøren. Oppstigninga var på mellom 1:4 og 1:5. I 1885 tilrådde fylkesformannskapet at vegen over Haukåsen vart omlagd. Stortinget løyvde pengar til dette i 1889 mot 1/3 distriktstilskot. Arbeidet vart utført i åra 1889-91.

I 1891 gjekk fylkesformannskapet, etter oppmoding frå vegdirektøren, med på 1/3 distriktstilskot også til omlegging ved Knippenese, Sandbakken og Stegegjerde. Desse arbeida vart utførde i 1893-95. Når fylkesformannskapet godtok distriktstilskotet var det av di at dei då såg seg ferdig med Jostedalsvegen. Jostedalen ønskte fleire ombyggingar, men det tok mange år før dette vart gjennomført.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Tang, Per: Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger 1955.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Kvitrud, Arne: Soga om Gaupne. Stavanger 1989.
Kjærvik, Norman: Glimt frå pionertida, s. 79-85, Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. Oslo 1989.
Ferdselsvegar i kulturlandskapet. Luster kommune Landbruks- og miljøetaten 1995.
Williams, Mattieu: I Norge for 100 år siden. J. W Cappelens Forlag AS 2005.
Neumann, Jacob: Bemærkninger paa en Reise Sogn og Søndfjord i 1823. 1823.

PERMANENT IDENTIFIKATOR