Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Samferdslerevolusjon i midtre og indre Sogn



Tida før 1940 må seiast å ha vore litt av ein samferdslerevolusjon i midtre og indre Sogn. Gaularfjellsvegen og Sognefjellsvegen og dei nye ferjesambanda over Sognefjorden skapte eit heilt endra kommunikasjonsmønster som påverka næringslivet, turismen og kvardagen til folk flest.

Den offisielle opninga av vegsambandet Leikanger-Sogndal på Hermansverk, 13. oktober 1937. Dei tre næraste husa er vekke i dag. Ordførar Olav Tveit heldt opningstalen.

Den offisielle opninga av vegsambandet Leikanger-Sogndal på Hermansverk, 13. oktober 1937. Dei tre næraste husa er vekke i dag. Ordførar Olav Tveit heldt opningstalen.

Eigar: Trygve Tveit.

Datering: 1937.

Fotograf: Ukjend.

Gamle planar om veg langs fjorden
Alt i 1887 kom det forslag om å halda fram med vegruta Jostedalen-Sogndalsfjøra ut til Fardal. Årsaka var delvis å skaffa samanhengande veg frå Sogndal ut til isfri hamn, og delvis å gi bygda Norum vegsamband med Sogndal. I vegplanen av 1907 vart vegprosjektet Sogndalsfjøra-Slinde oppført, og i ein tilleggsplan av 1908 vart det føreslege å føra vegen fram til Leikanger.

Sogndal-Slinde
Alt i 1888 hadde Sogndal kommunestyre gjort vedtak om å løyva grunn og gjerde til anlegget Sogndal-Slinde. Det gjekk nær 20 år før anlegget fekk vegløyving. Vegen til Slinde var ferdig i 1933. Det var planlagt veg vidare til Leikanger slik at det skulle bli samband mellom Leikanger og vegnettet i indre Sogn til Flåmsbana kunne opnast. Flåmsbana var då under byggjing, og var ferdig i 1940.

Slinde-Leikanger
Fylkestinget vedtok i 1922 distriktsbidrag til heile anlegget ut til Leikanger. Alt i 1923 løyvde Stortinget midlar til Slinde-Njøssanden. Frå 1933 vart løyvingane gitt til heile anlegget Sogndal-Leikanger. Køyrebreidda varierte frå 3,6-5 m. Arbeidet byrja i 1923, og i 1934 var vegen ferdig fram til Fardal. I 1937 var det veg fram til Leikanger.

Mange vegsamband
Året etter, i 1938, opna Sognefjellsvegen og Gaularfjellsvegen. Gaularfjellsvegen vart opna i desember 1938, men vart ikkje halden open gjennom vinteren. Først sommaren 1939 kom trafikken i gang. På Sognefjellsvegen byrja heller ikkje trafikken før i 1939. Riksveg 170 over Sognefjellet om Sogndal over Gaularfjellet til Førde, vart eit svært viktig tverrsamband mellom Austlandet, Sogn og Sunnfjord. Samsundes kom det utbetra og stadvis omlagd bilveg mellom Loftesnes og Kaupanger og ferjesamband til Lærdal.

Ferjesambanda
Gaularfjellsvegen gjorde det naudsynt å oppretta ferje mellom Ulvestad (Vetlefjorden i Balestrand) og Grinde i Leikanger. Ferjesambandet kom i 1939. Den første ferja i denne ruta var motorkuttaren "Vesle Øyvind", som berre kunne frakta 4-5 bilar om gongen. Også kuttaren "Thorsnes", bygd i Sværefjorden, gjekk i denne ruta. Frå Grinde gjekk det og ferje til Noreide der det kom ferjekai i 1937. I 1938 vart det frakta 896 bilar mellom Grinde og Noreide.

M/F "Vetlefjord"
Ferja "Vetlefjord" gjekk i sambandet Grinde-Balestrand-Vetlefjord frå 1939 til 1951. Ho var opphaveleg dansk og bygd i 1925. Årsaka til at ein brukte denne ferja, var at dei trong ei ferje som kunne frakta bussar. I 1955 vart ho sett inn i ferjesambandet Instefjord-Lavik, som første ferje der. Seinare gjekk ho andre stader. Ho enda sine dagar hausten 1991, då ho gjekk ned i ein storm. Rundt 1948 gjekk og "Fjalir" i bilferjeruta Vetlefjorden-Grinde-Vangsnes-Balestrand. "Fjalir" kunne ta 12 bilar, og 3 bussar i breidda, men då stakk bakenden på bussane langt ut frå ferja.

Bilturistane kjem til Sogn
Tverrsambanda og vegbygginga langs Sognefjorden hang delvis saman med den aukande bilturismen frå 1930-åra. Sogns Tidend uttrykte i 1938: "Ein trudde at når bilane frå Sognefjell, Lærdal og Grinde, var i den jagande fart, so vilde dei susa framom Sogndal som fykande fuglar. Men mange stoggar og kviler her både ein og fleire dagar, so godt likar dei seg". I august 1939 vart det gjort ei trafikkteljing på Nestangen i Sogndal, der tre vegar kryssa kvarandre. Talet på bilar som passerte var 139, og av desse gjekk 60 med ferja over Loftesnessundet.

Dei første ferjekaiane
Det vart bygd ferjelemmar på dei gamle kaiane på Grinde, Vangsnes, i Balestrand og Vetlefjorden. Ferjelemmen var om lag 6 m og breidda var aldri over 2,5 m. Ferjelemmane vart felte inn i ekspedisjonskaia, og på kaifronten vart det montert ein galge med 5 tonns patenttalje på kvar side for å løfta og senka brua til dekkshøgd.

Nye næringar voks fram
Med bilen kom nye næringar. Bilane måtte ha bensin. Bensinstasjonane voks etter kvart fram, men i byrjinga var det nokså primitive forhold. På trelastlageret på Nestangen i Sogndal selde dei bensin frå bensinfat med handpumpe. Med skipinga av Indre Sogns Automobilselskap i 1916 kom sjåførane som ny yrkesgruppe. I 1938 var det 17 sjåførar i Sogndal. Indre Sogns Automobilselskap byrja med rutekøyring mellom Sogndal og Skjolden og til Jostedalen. Selskapet, som vart til Sogn Billag, fekk stadig fleire ruter etter kvart som vegnettet vart utvida. I byrjinga gav turistkøyringa den største inntekta.

Privatbilismen
Men privatbilismen let venta på seg. Ikkje mange sogningar kjøpte seg privatbilar før krigen. I 1928 var det registrert 72 bilar i Sogn. Det var ei tidobling i høve til 1920. Berre 11 av dei 72 bilane var registrerte som privatbilar. I indre Sogn var bilane fordelte slik: 33 i Lærdal, 2 i Borgund, 8 i Sogndal, 7 i Hafslo, 1 i Jostedalen og 3 i Luster.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896, Kristiania 1899.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919, Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Pedersen, Stein Arne: Då automobilen kom til Indre Sogn, Årbok for Sogn 1999.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR