Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Dei første vegane i Solund



Slank og smidig buktar riksveg 606 seg gjennom Solund-landskapet. Men det har kosta å bryte seg fram gjennom konglomeratet for å knyte saman kommunen frå vest til aust. Og dei som våga seg frampå med feisel og minebor i Illekleiva for 140 år sidan, ville aldri trudd det gjekk an.

Brua over Indre Steinsund under bygging. Bruarbeidet starta 1. mars 1963 og støypearbeidet var ferdig 1. november. Firmaet Lau-Eide frå Bergen utførte arbeidet, ein del av arbeidarane kom frå Solund.

Brua over Indre Steinsund under bygging. Bruarbeidet starta 1. mars 1963 og støypearbeidet var ferdig 1. november. Firmaet Lau-Eide frå Bergen utførte arbeidet, ein del av arbeidarane kom frå Solund.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-88165.0005.

Datering: 1963.

Fotograf: Ola Steinsund.

"Den nye ridevei"

Då den nybygde Solund kyrkje vart teken i bruk i 1860, vart det meir ferdsel mot kyrkjestaden Hardbakke. Ikkje så få av kyrkjelyden måtte trakke lange stykke i utmark før dei kom i robåt til garden Hop. Men derfrå til Hardbakke gjekk delar av stien i særs ulendt terreng. I 1863 løyvde fylket pengar til denne kring 2 kilometer lange bygdevegen, det første bygdeveganlegget i kystkommunane som fekk pengar av fylket. Vegen, som gjekk frå Hop til krambukaia på Hardbakke, vart den einaste offentlege vegen i Solund mest fram til krigsåra. I kjeldene er han nemnd både som veg og rideveg.

Bratt, men og romantisk

Denne første vegen i Solund hadde ein slik standard at å ta seg fram på han med hjulreiskap, skulle framkalle både sveitte og tårer. Det var særleg i det bratte partiet Illekleiva at folk måtte ha gode nervar om dei ville freiste med hest og kjerre. Men som gangveg for kyrkjefolk, skuleborn og andre med rimeleg helse, fungerte vegen bra. Han vart meir og meir nytta av folk inna- og nordafrå etter kvart som Hardbakke utvikla seg til kommunesenter. Mykje av vegen ligg der enno, og mange ber gode minne om romantiske kveldar på Hopsvegen.

Bygdevegsarbeid Vaulen - Hardbakke

I øvre Hagefjorden ligg vintersdag mykje sjøis til meins for ferdsel. I 1897 hadde hagefjordkrinsen kosta seg skulehus på Gylta, - huset skulle vere flytta frå Gåsvær. For å lette ferdsla i dette området vart det i 1937 sett i gang eit bygdevegsanlegg (fylkesveg) frå Vaulen mot Hardbakke, med sidearm til Eide. Løyvingane var små, så det gjekk ikkje fort fram. Noko av dette anlegget gjekk seinare inn i riksvegen.
Det var dei heilt elendige kommunikasjonane med omverda som vekte tanken om riksvegbygging gjennom Solund. Ordførar frå 1948 - 1955, Sverre Takle, la ned eit stort arbeid både med å få vegplanane på skinner og å løyse ut midlar til å byggje for.

Elendige kommunikasjonar

Startskotet gjekk nok då Takle på fylkestinget i 1948 tok opp og sette lyset på dei heilt elendige kommunikasjonstilhøva i Solund. Etter dette møtte kommunen velvilje både hos vegsjef og fylkesmann. Det vart mange konferansereiser for ordføraren. Gamle "Stavenes" la ut på synfaring kommunen rundt med Fylkesmannen, toppane i Fylkesbaatane og sjølvsagt ordførar Takle. På ein liknande rundtur med "Firda" var også post- og samferdselsfolk frå Stortinget med.
Hovudvegen skulle gå frå Kolgrov til Krakhella. Men det var for stort føretak å ta alt i eitt jafs. Bygdeveganlegget Gylta - Hardbakke var eigentleg under løyving. Derfor vart det tale om to lengre vegstykke: Krakhella - Eidevågen og Nåra - Kolgrov.

Kolgrov - Krakhella, 13 års byggjetid

Fylkesmann Schei rådde til å konsentrere innsatsen på Krakhella - Eidevågen. Han hadde litt av eit puslespel med å spøte saman finansieringa. Bortsett frå noko vegarbeid ved Hagefjorden 1950/51 framfor bygging av lyslinja, vart vegarbeidet sett i gang i Eidevågen 2. november 1954, på forskoterte midlar, også frå Fylkesbaatane.
Kommunevalet 1955 resulterte i nytt kommunestyre på to nær, sterkt representert i vest. Takle vart avløyst av Anna Herland som ordførar. Ein freistnad på å først byggje Nåra - Kolgrov nådde ikkje fram.
Hausten 1960 kunne vegen Hardbakke - Krakhella opnast. Hardbakke - Ytre Steinsund vart overlevert Solund kommune samtidig med Nåra - Kolgrov i 1967.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Dagblad, 29.12.1984 og januar 1985.
Steinsøy, Alf:Solund. Gards- og ættesoge. Bind 1 og 2. Solund 1982.
Informasjon frå:
Oddvar Sanden.

PERMANENT IDENTIFIKATOR