Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 27. januar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik



I 1939, etter at Gaularfjellsvegen var opna, vart det ferjesamband mellom Grinde på Leikanger og Vetlefjorden. Dette gav sommars tid raskare vegsamband mellom indre Sogn og Sunnfjord. Men ferjestrekninga var svært lang. Det kom tidleg planar om eit kortare samband.

Ferjekaia på Hella 1957. Ferja "Sogn" held på å leggja til. Leigeferja "Leif" ligg i den andre ferjestøa. Ferjesambandet Hella-Dragsvik opna 16. oktober 1956.

Ferjekaia på Hella 1957. Ferja "Sogn" held på å leggja til. Leigeferja "Leif" ligg i den andre ferjestøa. Ferjesambandet Hella-Dragsvik opna 16. oktober 1956.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1957.

Fotograf: Nordmann.

Hella-Dragsvik-Balestrand
Vegen frå Leikanger til Hella var ferdig i 1956. Då kunne ferjestrekninga Grinde-Vetlefjorden kortast inn til Hella-Dragsvik, der det vart bygd moderne ferjekaier. Opphaveleg var det planen at ferjekaia skulle liggja i Holmen (Balestrand sentrum), men uvilje frå grunneigarane gjorde at vegsjefen i staden valde Dragsvik.

Veg over Vikafjellet
Samstundes kunne ein venta at Voss-Vik-vegen ville komma i brukbar stand, slik at bilar kunne nytta denne vegen, sjølv om han offisielt ikkje vart opna før i 1958. Denne vegen gav samband med tog til Bergen. Ei heilt ny ferje vart sett inn på det nye sambandet. Frå 1957 rekna vegsjefen med to ferjer i Balestrandsområdet. Ei ferje som gjekk Hella-Dragsvik og ei som gjekk Vangsnes-Hella-Dragsvik med anløp i Balestrand av og til.

Ferjene i trekantsambandet
Ferjesambandet Hella-Dragsvik vart opna 16. oktober 1956. Den første ferja i sambandet var den nybygde ferja "Sogn". Ho var svært enkelt utstyrt utan lugarar og med ei lita bysse/messe. Det var heller ikkje noko serveringstilbod til folk. "Sogn" frakta 61 bilar på tre turar dei første dagane. Sommaren 1957 vart ferja "Vangsnes" sett inn som suppleringsferje. I 1960 overtok "Losna" som hovudferje.

Gaularfjellsvegen - ein sommarveg
Både Gaularfjellsvegen og Vikafjellsvegen var sommarvegar. Berre Filefjellsvegen og Hemsedalsvegen vart haldne opne om vinteren. Når Gaularfjellet stengde, gjekk ferjene mellom Hella-Dragsvik-Vangsnes og Nordeide. Turen tok 2,5 time kvar veg, og ferja gjorde to turar fram og tilbake om dagen. Drøftingane om eit tverrsamband Balestrand-Kongsnes-Høyanger for å få heilårssamband, hadde då alt teke til.

Ulvestad-Tjugum
Trafikkplanen av 1919/1921 har strekninga Tjugum-Vetlefjorden som samanhengjande prosjektert bygdeveg. I vegbudsjettet for 1937 var det opplyst at vegen skulle vera ein lekk i hovudsambandet Balestrand-Sogndal. (Tanken då var å leggja ferjekai i Balestrand sentrum). Det måtte byggjast ny veg mellom Tjugum og Farnes og gjerast utbetringsarbeid fleire stader på strekninga Farnes-Vetlefjorden. Arbeidet byrja i 1938. Vegen var ferdig i 1951.

Arbeidsløyse
Dei fleste vegarbeidarane på vegen mellom Vetlefjorden (Ulvestad) og Tjugum var frå distriktet. Mange av arbeidarane på Gaularfjellsvegen frå Balestrand. Då Gaularfjellsvegen var ferdig, kravde fagforeininga, som hadde stor oppslutning mellom vegarbeidarane, at veganlegget Farnes-Tjugum skulle setjast i gang, og at ein skulle prioritera arbeid til dei som alt var vegarbeidarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896, Kristiania 1899.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919, Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR