Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Veg mellom Askvoll og Stongfjorden



Stongfjorden var ein av dei første industristadene i Sogn og Fjordane, med den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Industribygginga byrja i 1897, og skjedde parallelt med utbygginga i Vadheim. I 1906 bygde BACO (British Aluminium Company) den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia her. Først i 1946 fekk Stongfjorden vegutløysing til kommunesenteret Askvoll.

Vegen Askvoll-Stongfjorden var heilt ferdig i 1947. Tettstaden Askvoll ligg på ei halvøy. Ein noko spesiell fjord byrjar med Askvika ved  Askvoll, går i aust, bøyer rett nord gjennom ein grunn straum (Straumen)og held fram i dei breiare stykka av fjorden, Leira og Kyllaren. Frå nord går ein arm av Stongfjorden rett sør til eit lågt eid mellom Eidsfjorden og Kyllaren. Stongfjordvegen fylgjer desse to fjordane.

Vegen Askvoll-Stongfjorden var heilt ferdig i 1947. Tettstaden Askvoll ligg på ei halvøy. Ein noko spesiell fjord byrjar med Askvika ved Askvoll, går i aust, bøyer rett nord gjennom ein grunn straum (Straumen)og held fram i dei breiare stykka av fjorden, Leira og Kyllaren. Frå nord går ein arm av Stongfjorden rett sør til eit lågt eid mellom Eidsfjorden og Kyllaren. Stongfjordvegen fylgjer desse to fjordane.

Askvoll-Stongfjorden

Askvoll-Stongfjorden var planlagt i siste del av 1800-talet. I 1893 fekk Askvoll fylkestilskot til ombygging av Strømsbrua i Askvoll, som ein del av anlegget. Første del av veg mellom Askvoll-Stongfjorden var med i vegplanen av 1907. I 1910 søkte Askvoll om at anlegget måtte påskundast, då det var komme fabrikkverksemd i Stongfjorden. Det gjorde det naudsynt med veg. Men fylkestinget fann ikkje at dei kunne flytta det fram.

Anlegget fekk ikkje vanleg løyving før i 1935-36. Stongfjorden (Gjerde)-Stafnes vart bygd for naudsmidlar i 1921-22 og 1924-25, og avlevert i 1927. I siste halvdel av 1930-talet vart Stafnes-Størdal bygd. Parsellen Størdal-Søreide vart avlevert i 1947, og mellom Søreide-Ringstad var det samstundes vegutbetringar. Vegen mellom Askvoll og Ringstad var ein gammal veg.

Arbeid under krigen

Under andre verdskrig var det ein del viktige veganlegg som tyskarane forserte. Det gjaldt Totland-Måløy, Førde-Florø, Årdalstangen-Årdal. Ein del av dei ordinære veganlegga var og delvis i gang, som til dømes Leikanger-Hella, Osen-Dale, Vetlefjorden-Tjugum og Stongfjorden-Askvoll. Under krigen var det ei tid tunnelarbeid i Eidsfjorden. Etter eit opphald byrja dei på nytt i februar 1945, og gjennombrotet mellom Stongfjorden og Askvoll kom i 1946.

Ein "actionprega" kvardag

Albert Nistad frå Dale arbeidde hausten 1944 med muring like nord for tunnelen i Stegaberget i Eidsfjorden. Han fortel at han ein morgon, då han kom på arbeid, såg at ein tysk konvoi hadde søkt tilflukt i Eidsfjorden. Like før klokka 12.00 høyrde dei flydur, og søkte ly i tunnelen. Han seier at det vart eit inferno av skyting, og at det kanskje var så mykje som 37 fly i lufta. Eitt av flya vart treft og hadde kurs for tunnelen. Det landa rett i sjøen nedanfor og eksploderte. Tyskarane forsvann, men nye båtar dukka opp seinare. Eit av skipa vart bomba av eit fly som kom ned fjellsida. Skipet flakna frå kvarandre og sokk etter kort tid. Vegarbeid var altså ikkje heilt ufarleg i dei tider.

Til Askvoll med båt

Turen mellom Stongfjorden og Askvoll var ikkje gjort i ei handvending før vegen kom. Nokre "rodde under Eidet", inn Eidsfjorden, og gjekk om garden Fristad. Andre hadde motorbåtskyss ut Stongfjorden og sør gjennom Granesundet. Industriverksemda BACO heldt ein større skyssbåt, "Stangfjord".

Til Askvoll til fots

Nokre valde å gå den lange vegen. Då Ytre Fjordane Kraftlag på byrjinga av 1920-talet bygde kraftlina mellom Stongfjorden og Askvoll over Eidsfjordfjellet, sette dei opp to sterke, impregnerte stigar på dei brattaste hamrane. Det førekom og at dei aller sprekaste drog med seg sykkel opp stigane for å nytta seg av dei bitane av vegen som alt var ferdige. Dei måtte då gå eit kort stykke på fjellet over Lynghogen. Ein av stigane står der enno. På vegen som kom i 1946 er det to tunnelar: Stegabergtunnelen og Lynghogtunnelen. Den første fekk namnet sitt etter stigane.

Ein del av Kyststamvegen (ytre rute)

Ruta, som den gongen vart kalla hovudvegrute 600, var ein del av Kyststamvegen, som gjekk frå rv 570 ved Flekke til Tysse-Holmedal-Ringstad-Stongfjorden, Ålen-Vevring-Eikefjord, Grov, Straumsnes-Svelgen, Bortne, Elde, Bryggja, Maurstadeidet. Dei fleste vegpartia av denne planlagde kystvegen var enno ikkje opparbeidde.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statisktisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. del II, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Nistad, Albert: Krigshandlingar, vegarbeid og daglegliv. I Vegstubben, s. 11, nr. 2-1995.
Malmfrid Stang, Stongfjorden

PERMANENT IDENTIFIKATOR