Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Landnotfisket etter storsild i Solund



Ein rusta bolt i ei vik kan vere einaste synlege minnet etter landnotsteng, frå tider då sjølve sildetyngda vestapå pressa silda inn i tronge sund, og båtar roterte i straumida.

Sildeopptak ved Nautøy vinteren 1928/29. Båtar for årar og motor ligg i ein ring og held på kastet. Silda rimmar dei inn i rogavlen. Det er notlaget til Oluf Trovåg frå Solund som haustar av havets sølv. Mannskapet er frå Gulen, Hyllestad og Solund.

Sildeopptak ved Nautøy vinteren 1928/29. Båtar for årar og motor ligg i ein ring og held på kastet. Silda rimmar dei inn i rogavlen. Det er notlaget til Oluf Trovåg frå Solund som haustar av havets sølv. Mannskapet er frå Gulen, Hyllestad og Solund.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-88176.0001.

Datering: 1928-1929.

Fotograf: Kverhellen.

I ørska av optimisme

Fleire sulingar kosta nye nøter etter at storsilda tok land eit par år under første verdskrigen. Båtbyggjarane i Hardanger fekk rikeleg arbeid med å levere opne rogavlar og gavlar med motor, mange dekka. Men først frå 1927/28 kom silda nokolunde årvisst oppunder land. Sjølve toppåra var 1936 og 1944. Nautøy var rekna for ein sikker plass, men også Ospa, Gåsvær og Kolgrovområdet måtte vaktast nøye. Ei registrering viser at det har vore kasta storsild på til saman 65 ulike plassar i Solund.
Optimismen framfor fisket var skyhøg. Også nothunden - mannskap - som gjerne kom inne frå fjordane, drøymde om rask velstand.

Det legendariske storkastet

I 1936 vart det stengt sild over eit særs vidt område. Dei stengde jamvel tvers over Rørdalsfjorden, og medan dei kasta, ville silda leggje nota flat frå utsida. Då opna dei berre opp og sleppte endå meir inn i kastet. 82 000 hektoliter til kr. 3,85 leverte dei frå kastet. Dei hadde dukkar heime som såg etter at alt var tett ved botnen - Me hadde 1400 på lut, fortel Jørgen Trovåg. Til samanlikning kosta eit hus 2-3 tusen kroner med den tids standard. Nye, store landnøter vart leverte på kortaste varsel, bl. a. ei som rakk tvers over denne fjorden.

Koffertar med setlar

Storkasting vart det ved Kolgrov og Hjønnevåg i 1944. Mange ungdommar var reiste til England, så det kneip med mannskap. Sildeprisane var gode, nær 23 kroner hektoliteren. I Solund vart det berre med landnot fiska for over 4 millionar kroner, ein svimlande sum den tid. Det store delingsoppgjeret føregjekk i ungdomshuset på Hardbakke. Pengane førelåg i setlar. Notbasar som mottok ein halv million og meir, måtte bere pengane i koffert eller sekk. Lagavtalar føreåt gjorde at ein stor del av lutane vart nokså like. Dette året reiste også nothunden heim med pengar i lomma. Solund kommune gjorde seg skuldfri.

Fortenesta smuldra bort

Stundom kunne dei jage ein stor sildestim langs land, med skimling, skjelsand og bråk, til dei nådde ein stengjeplass og kunne setje not. Notlaga var avhengige av å hjelpast åt. At 2-3 lag eller fleire på førehand avtalte å dele likt same kven av dei som berga fangst, var vanleg. Den veikaste parten profiterte mest på dette. Med altfor mange å dele på vart lutane opp i inkje jamvel i bra år, også for den som hadde gjort fangsten.
Inn imellom gode år vart det bomturar. Anten kom ikkje silda inn, eller storvêr hindra notlaga i å kaste.

Tungt å godta

Frå tronge lugarar steig odøren av våte klede og bomma skråtobakk på pipa. Vesle kokeomnen stod gloraud eller iskald, iallfall noko av røyken kom opp røyret. Hygienen var laber, men helsa var god: Pumpe båtar, måke snø, utpå med loddestrengen, frette sildenytt, fortelje skoser, vente. Fleire år blei med berre det. Då måtte noteigaren, som heldt kosten, gå i fjøsen og leie oksen på dampen så utgiftene kunne dekkast.
I 1945 skimla dei på plass eit storsteng ved Utvær, sidan var landnoteventyret godt som slutt. Ingen landgang meir. Seint godtok folk realitetane, og fleire notbruk og gavlar vart selde.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Vintersildfisket med landnot i Solund. Ein gong stordrift med liv og forventning, i dag historie i halvlys. I Årbok for Sogn. Nummer 29. Sogndal 1983.
Solund kommune, kommunearkivet:
Steinsund, Hans H.: Registrering av kasteplassar og stengjeplassar som vart brukte under landnotfisket etter storsild i Solund.Solund 1996.
Færøyvik, Bernhard red.:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane,Band 1. Bergen 1939.
Johnasen, Karl Egil:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980.Bergen 1982.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR