Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minne- og merkesteinar - etter skreder i Vetlefjorden



Garden Eiki ligg på austsida, heilt nede ved sjøen i Vetlefjorden. Husa på to bruk ligg på kvar si side av store avsetningar etter skreder frå Eikjadalen i vest. Gardstunet vart delt og husa flytta etter store øydeleggingar og tap av menneskeliv i to enorme skreder i 1868 og 1877. Etter det siste raset reiste dei to minnesteinar, ein på kvar side av rasområdet.

Utsyn mot Eiki og Eikjadalen frå Ulvestad. Svære mengder grus og stein har opp gjennom tidene kome ned frå Eikjadalen i skreder. Etter skredene i 1868 og 1877 vart gardstunet som før låg på Storåkerhaugen i rasområdet delt og bygd opp att sør og nord om rasområdet. Eikjadalen er ein typisk hengjande u-dal.

Utsyn mot Eiki og Eikjadalen frå Ulvestad. Svære mengder grus og stein har opp gjennom tidene kome ned frå Eikjadalen i skreder. Etter skredene i 1868 og 1877 vart gardstunet som før låg på Storåkerhaugen i rasområdet delt og bygd opp att sør og nord om rasområdet. Eikjadalen er ein typisk hengjande u-dal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minne- og merkesteinane

"Ligger farlig til for Elffuebrud" står det som merknad til Eiki i matrikkelen i 1667. Frå dalsida på austsida av dalen ser ein tydeleg resultatet av elvebrot og ras frå Eikadalen ned mot Vetlefjorddalen. Som ei svær vifte ligg avsetningane. Etter det siste store raset vinteren 1877 låg rasmengdene att i fleire hundre meters breidd.
No bygde dei husa opp att sør og nord for rasområdet, og reiste ei tid etter opp to minnesteinar. Steinane er kring to meter høge. Ein står i tunet på bruket i sør, den andre eit stykke sør for tunet i nord. Begge markerer ytterkantane på rasmassane. Dei fann steinane i Øygardslia lenger nord på Eiki.

Skredulukker

Bygdeboka for Balestrand fortel om øydeleggjande skredulukker på Eiki frå 1667 og framover. Begge skredene på 1800-talet kom 11. februar. I fyrste skreda gjekk det med eitt menneskeliv og begge gongene var fjøsen på Eiki øydelagd.

1868

"Årstalet 1868 vert stadfesta gjennom fylgjande innførsle i kyrkjeboki: "Markus Johannessen Eiken, Tjenstedr, omkom i Sneskred." Markus døydde 11. februar og vart gravlagd 18. februar. Markus og ein annan dreng sov på fjøslemmen då skreda kom. Skreda velta fjøset. Markus låg nærast veggen, og han fekk ein stokk over bringa. Han døydde før dei fekk han laus. Han levde med det same og kunne tala noko. Han tolde ikkje at dei hogg i stokken. Då fekk dei tak i ei stikksag som høyrde Truls Sande til. Han var i arbeid på Eiki. Den andre drengen kom frå det utan skade.

Torald og Ingrid miste mest all buskap. Ei ku og ein gris levde etter skreda. Kui vart vill og sette horni grisen so han laut slaktast.

Då nyhendet spreidde seg i bygdi, samla grannane seg og hjelpte Torald og Ingrid med ny buskap. Kvar bonde tok med seg ei daud ku og gav Eikjafolket att ei levande. Tor Ulvestad var 3 år då dette hende. Han mintest at faren om kvelden hadde med seg fire kuføter som han la på golvet.

Skreda kom ned på Eikjaøyrane med ein stor stein som vart liggjande på den andre sida av elvi. De seig han ned i moldi."

1877

"I 1877 gjekk ei ny skrede. Dagen var på nytt 11. februar. No gjek skreda om dagen. Torald Eiken og drengen skulle fram på Øygarden og henta lauv eller høy. Det var ei svær snødokk, og ein skulle ri føre og laga veg. Dei oppdaga då at den eine selepinnen var borte. Torald måtte laga ny pinne, og dette hefte dei litt. Då dei køyrde laust, kom skreda. Ho feidde heilt inn på tunet og tok fjøset, men karane og hesten var trygge.

Den store steinen frå skreda i 1868 låg fastfrosen i marki. Skreda støytte mot steinen. Han klovna ved marki og vart ført over elvi minst 200 meter opp i Ulvestadbakkane til Anfinnhaugen. Det var 30 meter høgare enn steinen låg før. Tor Ulvestad minte bort steinen. Det var 84 steinlass på godt føre."

Gjekk tvers over dalen

"Båe skredene fylte heile dalen frå Eiki til Ulvestad, og andre fonni låg heilt opp til løa på Ulvestad. Folk kunne stiga frå løa og bort på fonni. Tor Ulvestad og Knut Torsnes gjekk opp breiddi der fonni låg. Siste fonni var 400 meter brei. Den fyrste skreda skal og ha øydelagt to løer på Ulvestad som stod der Bakkaløa stod kring 1960. Andre skreda gjorde ingen skade på Ulvestad."

Tidlegare skredulukker

Bygdeboka for Balestrand fortel at Eiki vart råka av øydeleggjande skred i åra 1659, 1674 og 1718. Skreda i 1718 er ei av dei verste ulukkene me kjenner til i Vetlefjorden. Seks menneske miste livet.

Den same skreda gjorde stor skade på innmarka. I 1667 var Eiki ein stor gard etter lokal målestokk, men i 1723 var garden kraftig redusert. Det skuldast truleg at skreda i 1718 reduserte åkerarealet frå om lag 17 mål til under det halve. Skreda må ha lagt store mengder stein og grus ut over den beste innmarka.

Ikkje berre Vetlefjorden

Året 1868 er truleg det verste snøskredåret i Sogn og Fjordane nokon gong. Ulukka på Eiki var berre ei av mange ulukker som kravde menneskeliv, medførde tap av husdyr og påførde folk veldige materielle øydeleggingar. På garden Heggheim i Stardalen i Jølster miste 14 menneske livet. Norsk Folkeblad melde om tragiske hendingar i Luster, Sogndal, Balestrand, Jølster, Stryn og andre stader på Vestlandet.

Om Balestrand i Norsk Folkeblad

"Sneskredene afstedkommer denne vinter ualminnelige Ulykker" skreiv Norsk Folkeblad i ei melding 29. februar 1868. Om Balestrand står: "I Balestrands Præstegjeld er flere Hølader bortrevne paa Gaarden Jordal og en Tjenestedreng med Hest omkommen. Paa Gaardene Farnes, Thorsnes og Sværen er en hel Del murede Huse nedrevne, og paa Gaarden Eiken ved Bunden af Vetlefjorden bortrev et Sneskred Fæhuset, hvori 4 Mennesker havde sit Natteleje. Et Menneske omkom, og af Kreaturerne, 30 Stkr., blev kun 3 Stkr. [berga].

Hjelp frå Afrika

Mange menneske kom i stor naud etter rasulukkene i 1868. Offentlege hjelpeordningar og trygdeordningar fanst så og seia ikkje. Likevel vart ikkje dei skadelidne ståande åleine. Nære slektningar, grannar, sambygdingar og andre kom til med hjelpande hender. Jamvel ein nordmann i Afrika sende hjelp. Norsk Folkeblad hadde i desember 1868 fylgjande notis: "Missionsbiskop Schreuder har skjænket 45 Spd [spesidalar] til de i sidste Vinter her i Landet ved Sneskred Nødlidende.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards og ætte-soge. (..). Balestrand kommune 1991.
Kjelda. Nr. 1. 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR