Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølen i Eldedalen



Dei fleste bruka på garden Søndre Nes hadde vårstøl på Elda og sommarstøl fire-fem kilometer inne i Eldedalen. Stølen har same namnet som dalen, og det skal ha vore 11 sel på det meste. Hausten 2005 stod det att seks. Stølsdrifta varde heilt til 1978.

Eldedalen går opp frå Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Etter ein dryg kilometer flatar dalen ut og endar i Tuftebotn snaue 15 kilometer inne. Stølen Eldedalen ligg fire - fem kilometer inne i dalen.

Eldedalen går opp frå Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Etter ein dryg kilometer flatar dalen ut og endar i Tuftebotn snaue 15 kilometer inne. Stølen Eldedalen ligg fire - fem kilometer inne i dalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stølsvegen
Før det vart bygd bilveg til Elda og bru over elva, fekk dei dyra fram på to måtar, i føringsbåt og ved å driva dei over eit vad. Frå Elda er det no traktorveg fram til stølen, ein veg dei byrja å byggja i 1930-åra og vart ferdig med på 1950-talet. Somme stader har vegen vorte utbetra dei seinare åra, ein stad også omlagd.
Veitastrondi Bygdelag har sett opp namneskilt nokre stader. På Eldhaugane rett ovanom Elda ligg ei lett synleg gravrøys, og dei fann ei jernøks frå yngre jernalder (600-1050 e.Kr.) her då dei heldt på med vegarbeidet.
Ein dryg kilometer oppe, der dalen flatar ut, er sett opp eit høgt og solid gjerde tvers over dalbotnen. På grinda står stadnamnet Heimstegarden.

Trygg stad for snøras og steinsprang
Folk valde stølsstadene med omhug. Dei la vekt på fleire ting: - beite, tilgang på vatn og brenne, tryggleik mot snøras og steinsprang. Staden Eldedalen oppfyller alle vilkåra. Her er særs godt beite, rikesleg med vatn heile sommaren, god tilgang på ved, og trygt mot ras. Eit bratt fjell med ei grovsteina ur nedunder gjev trygg plassering for stølshusa.
Brattfjellet er reint. Ura og steinane er grå. Det finst ikkje lyse fargar korkje i fjellet eller ura som tyder på steinsprang av nyare dato. Dei som fyrst sette opp stølshusa sine her, har nok kjent seg trygge både mot steinsprang og snøras.

8 - 10 veker
Eldedalen var ein etter måten stor og allsidig støl med kyr, kalvar, geiter sauer og griser. Dei dreiv mest med ysting, men laga óg smør og væte (brim/primost).
Buforingsdatoen var i siste halvdelen av juni, og dei reiste heimatt til vårstølen Elda (som då vart hauststøl) i byrjinga av september.

Beiting 2003
Eldedalen er kring 15 kilometer lang, har liten stigning (rundt rekna 300 moh lengst heime til 700 moh lengst inne). Fleire bruk på Søndre Nes driv med mjølkeproduksjon. Om somrane, når kyrne ikkje mjølkar (gjeld-perioden), driv bøndene kyrne sine og ein del ungfe opp i Eldedalen. Der beitar dei på begge sider av elva heilt til endes av dalen. I 2003 var 130 dyr på beite i Eldedalen og Tuftedalen, som dalen heiter lengst inne.

Dyra vert fyrst sleppte på beite nedmed vatnet på Elda, den gamle vårstølen. Den 15. juli er felles buforingsdag til sommarbeitet, medan kvar einskild hentar heimatt dyra sine om hausten, og då ikkje nødvendigvis alle på ein gong, men etter kva tid kyrne skal kalva.

kjelder:

Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.
Munnlege opplysningar frå:
John Molland, Veitastrond.
Hilleren, Aud Marit og Grefsrud Anne M: Kulturminneåret 1997. Notat.

PERMANENT IDENTIFIKATOR