Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Askrova bedehuskapell



Askrova bedehuskapell vart vigsla av biskop Ragnvald Indrebø den 14. april 1957. Men arbeidet med å bygge bedehus på Askrova, er mykje eldre. Opptaket vart gjort i 1920-åra.

Askrova bedehuskapell opningsdagen, 14. april 1957. Kapellet er det første kyrkjehuset i Sogn og Fjordane som som er bygt i teglstein, og er den minste av teglsteinskyrkjene i fylket med kring 100 sitteplassar.

Askrova bedehuskapell opningsdagen, 14. april 1957. Kapellet er det første kyrkjehuset i Sogn og Fjordane som som er bygt i teglstein, og er den minste av teglsteinskyrkjene i fylket med kring 100 sitteplassar.

Eigar: Are Fjellestad/Fylkesarkivet.

Datering: 1957.

Fotograf: Kåre Botnmark.

Basarar og innsamling

Det starta med basarar og innsamlingar. Den første var ei eldre dame som gav 10 kroner til føremålet. Men 1920-åra var ei dårleg tid med lite midlar, og dei makta ikkje få i gang noko føre krigen. I 1953 kom det nye folk i styret, og arbeidet vart teke opp på nytt. Sokneprest Hjalmar Tjelta rådde dei til å satse på eit bedehuskapell, ei såkalla arbeidskyrkje. Det ville tene folket betre. Då kunne dei ha både gudsteneste, bryllaup, barnedåp, konfirmasjon og gravferd i eige hus. Dette vart det fort semje om, og etter desse retningslinjene vart det arbeidd.

Plassering

Bilete av Askrova bedehuskapell frå lufta.

Etter mange diskusjonar om plassering, vart huset til slutt bygt på Espeset. Det vart lånt 40 000 kroner, i tillegg til innsamla midlar. I pengar kom huset på kring 60 000 kroner. Byggmeister var Kristoffer Stenbakk. Elles vart det utført svært mykje dugnadsarbeid, både med tomta, og med sjølve huset. Det første styret for bedehuskapellet var Johan A. Espeseth, Aslaug Hovland, Anders Hovland, Borghild Flølo Æsøy og Samson Vallestad.
I 1962 vart det påbygt mot nord, blant anna med større gang og garderobe. Askrova bedehuskapell fekk seks gudstenester for året, i tillegg til andre kyrkjelege handlingar.

Bilete av interiør frå Askrova bedehuskapell.

Høgtideleg vigsling

Vigslingsdagen var ei storhending. Det var godt ver og folk kom til frå heile øya og distriktet og øyane ikring. Huset var stappa til siste benk og ståplass, og enno var det dei som ikkje kom inn. Fleire prestar var til stades, i tillegg til biskop Indrebø. Det var Hjalmar Tjelta, Salamon Steinhovden, Einar Tuvin og Steinar Ihle. Sistnemnde sat ved orgelet. Mangeårig klokkar i Florø, Olav Fagerheim, las inngongsbøna og leia songen. Det var også dåp den dagen, og dåpsbarnet var Magne Espeseth, ein av sønene til Liv og Sverre Espeseth.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 260. Førde 1999.
Henden Aaraas, Djupedal, Vengen, Førsund: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord. s. 194. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR