Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eidestøylen



Eidestøylen ligg ca. 500 m o.h., og er brukarane på garden Eide, gard nr. 76, sin støl. Gamle hustufter skal vera frå den tida at garden Evebø også støla her. Stølen har fin grasvoll med skog omkring. Vi kan sjå restar etter steingarden kring stølskvia.

Fjordhestar på godt sommarbeite på Eidestøylen.

Fjordhestar på godt sommarbeite på Eidestøylen.

Eigar: Torgny Ueland, Sandane

Datering: 1997

Fotograf: Torgny Ueland

Tilkomst

Stølsråsa går via Kleivedammen og Leirstølen til Eidsstølen, og turen tek minst ein time. I dag har det 4 km skogsbilveg (bomveg) fram mot stølen. Resten er bratt rås om lag 0,5 km opp. Folk på Sandane nyttar denne som turveg heile året.

Bruk av stølen

Gardbrukarane på Eide slutta tidlegare med geiter enn det som var vanleg elles i bygda. Etter bygdeboka har det òg vore smalefjøs på Eidsstølen, i 1890-åra var det tre av dei. Dei vart nytta den tid dei gjette sauene for bjørnen, og kom truleg av bruk før århundreskiftet.

Dei reiste til støls kring jonsok og heim att midt i september. Stølsjentene som hadde ansvar for mjølkestellet, gjekk opp om kvelden og ned att etter mjølkinga om morgonen. Fjøsane var nokså store med lem for høyet frå stølskvia. På stølen stod det i eldre tid faste trehesjer. Høyet køyrde dei heim på slede med sloe om vinteren. Det vert elles sagt at fordi Eide låg så nær Sandane, hadde ungdomen så mange attraksjonar at dei ikkje var så interesserte i å gå til støls om helgane. I 1940-åra gjekk det attende med stølsdrifta. Etter 1949 var det slutt med stølsdrift på Eidestøylen, og fjøsane tok til å forfalle.

Nokre fakta

Eide, gard nr. 76, Vereide sokn, hadde åtte bruk i 1890. Det budde 96 menneske på garden i 1865. I 1891 var talet 103.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 583. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR