Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Den angliske steinkrossen i Eivindvik



To gamle steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Ein av dei har elegante, bogne kantar og står på Krossteigen i bakken opp frå kommunehuset.

Eivindvik kring 1916. Den angliske steinkrossen står på Krossteigen, i bakken opp frå det kvite huset til venstre på biletet. Den keltiske krossen står ved hovudinngangen til kyrkjegarden, på biletet like til venstre for kyrkja. Dei to krossane står ikkje langt ifrå kvarandre. Prost Niels Griis Alstrup Dahl hadde stor interesse for dei to krossane og fann store eikestokkar då han grov for å dyrke opp jorda på sletta mellom dei. Om stokkane har noko med krossane eller tingstaden å gjera, og kva funksjon dei har hatt, veit ein ikkje.

Eivindvik kring 1916. Den angliske steinkrossen står på Krossteigen, i bakken opp frå det kvite huset til venstre på biletet. Den keltiske krossen står ved hovudinngangen til kyrkjegarden, på biletet like til venstre for kyrkja. Dei to krossane står ikkje langt ifrå kvarandre. Prost Niels Griis Alstrup Dahl hadde stor interesse for dei to krossane og fann store eikestokkar då han grov for å dyrke opp jorda på sletta mellom dei. Om stokkane har noko med krossane eller tingstaden å gjera, og kva funksjon dei har hatt, veit ein ikkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1916.

Fotograf: Postkort. G. Einan.

Vestleg inspirert

Krossen er 2,65 m høg, 1,3 m brei, 8-10 cm tjukk og laga av hyllestadstein, ein glimmerskifer med isprengde granatar. Han er forma slik at kantane mellom endane på krossarmane er store bogar, noko som gir han nemninga "anglisk". På framsida, som vender mot den andre krossen berre nokre hundre meter ifrå, er ein 63 cm høg og 55 cm brei latinsk kross hoggen ut i 1-2 cm djupt relieff. Med si angliske form er krossen eineståande blant dei 60 steinkrossane i Noreg. Dette kan tyde på at han vart laga av utanlandske hoggarar. Tradisjonen med å sette opp steinkrossar kom truleg frå dei britiske øyane.

Bilete av den angliske krossen i Eivindvik.

Bilete av den keltiske krossen, som står nokre hundre meter ifrå.

Olav eller Håkon

Rett nedanfor den angliske krossen ligg ei vasskjelde som skal ha vore ei heidensk offerkjelde. Ei segn fortel at Olav den Heilage sette opp krossen på Krossteigen for å tyna heidenskapen som var knytt til kjelda. Ei anna segn fortel at Olav skaut tre pilar i kvar si retning frå tingplassen, og sette opp ein kross der kvar pil landa. Krossgranskaren biskop Fridtjov Birkeli (1906-1983) meiner at det er meir sannsynleg at Håkon Adalsteinsfostre sette opp krossen, saman med biskop Sigfrid frå Glastonbury i Sørvest-England. Det flate området nedanfor krossen egnar seg som tingplass og liknar på andre tingplassar, til dømes Thingvellir på Island. Kong Håkon skulle ha sett opp krossen for å markera kristninga av tinget. Såleis vert begge steinkrossane i Eivindvik viktige i diskusjonen om kvar Gulatinget låg.

Bilete av ein stein, som Skaasheim mente var området for gulatingstaden i Eivindvik.

Plasseringa

I eit skrift frå 1626 finn ein den tidlegaste skildringa av krossane i Eivindvik. Det er ikkje noko som tyder på at den angliske krossen har vore flytta. Tvert om er det ting som tyder på at plasseringa er nøye utvald. Det er nemleg knytt ein solobservasjon til den angliske krossen. På vinterjamndøgeret, 22. desember, kjem sola akkurat høgt nok til å lyse opp heile krossen.

Krossen i dag

Av di krossen halla framover, vart han med støtte frå Gulen Kommune retta opp av Historisk Museum i 1974. I ein tilstandsrapport frå 1994 vert krossen rekna for å vere i god stand. Eit minnesmerke reist på Floli i samband med at Gulatinget vart vald til Sogn og Fjordane sin tusenårsstad, er tydeleg inspirert av krossane. Dei to krossane i Eivindvik er symbol i kommunevåpenet til Gulen kommune.

Bilete av kommunevåpenet til Gulen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. 2001.
Birkeli, Fridtjov: Norske steinkors i tidlig middelalder: et bidrag til belysning av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Oslo 1973.
Helle, Knut: Gulatinget og Gulatingslova. Skald 2001.

Sjå også artikkelen:

PERMANENT IDENTIFIKATOR