Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegsamband mellom Høyanger og Vadheim



Trass i etableringa av ei viktig industribedrift (NACO) i Høyanger i 1915, var Høyanger utan vegsamband heilt fram til 1937. Først då det var råd å køyra til Vadheim. Fylket prioriterte i fleire år vegen frå Vadheim til Guddalen før vegen Høyanger-Vadheim.

Det var ikkje berre Høyanger som fekk industriutvikling tidleg på 1900 talet. Vadheim hadde med grunnlegginga av A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 1907 også ei vesentleg utbygging. Den fekk likevel aldri den storleiken som aluminiumsverket i Høyanger. Her ser vi Vadheim sentrum avbilda på eit kort nytta som julehelsing, truleg i 1908.

Det var ikkje berre Høyanger som fekk industriutvikling tidleg på 1900 talet. Vadheim hadde med grunnlegginga av A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 1907 også ei vesentleg utbygging. Den fekk likevel aldri den storleiken som aluminiumsverket i Høyanger. Her ser vi Vadheim sentrum avbilda på eit kort nytta som julehelsing, truleg i 1908.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-100109.118271

Datering: 1907-1908.

Fotograf: Stavanger forenede fotografer.

Høyangsfjorden

I 1900 budde det 121 menneske i Høyanger, eller Høyangsfjorden, som den vesle, isolerte grenda med fem matrikkelgardar gjerne vart kalla. Fjorden var den einaste vegen til og frå omverda. Høyanger kom med som fast stoppestad i Fylkesbaatane sine ruter Bergen-Sogn hausten 1913, med stogg ein gong i veka på inngåande og på utgåande. Men då var Høyanger i ferd med å endra seg frå ei fredeleg jordbruksbygd til ein travel industristad.

Vasskraft og industri

Det var vassdraga som gav gav grunnlag for storstilt kraftutbygging og industrireising fyrst på 1900-talet. Oppkjøpet av vassrettar byrja i 1890-åra, og i 1914 søkte konsul Harald Larsen og hans interessentselskap om å få løyve til å gå i gang med utbyggjing. Tanken var å framstilla stål. Stortinget gav konsesjon, men planane vart endra frå stål til aluminium. Under leiing av direktør Sigurd Kloumann vart det skipa to selskap, A/S Høyangerfaldene og Norsk Aluminium Company (NACO).

Frå grend til industristad

Utbygginga av vasskrafta og industrien byrja i 1915. Det omskapte heile det vesle bygdesamfunnet. Ein heil liten by steig gradvis fram. Høyangsfjorden "er nå under forvandlingens tegn" kan ein lesa i avisa Sogningen. Etter kvart auka arbeidsstokken til rundt 1000 arbeidarar. I 1917 stod fabrikken klar, men produksjonen kom ikkje i gang med det same. I 1930 budde det 2218 menneske i Høyanger, og produksjonen gjekk då for fullt.

 

Telefon før veg

Høyanger vart etter kvart ein god marknad for jordbruksvarer. Det vart snart eit krav om å få vegsamband til Vadheim og hvoudvegnettet. NACO ville fyrst ha telegraf og telefonsamband. Verksemda forskotterte anleggskostnaden og telefon- og telegrafsambandet vart teke i bruk i 1917.

Omprioritering

I trafikkkomiteen si innstilling av 1919 står strekningane Høyanger-Vadheim og Vadheim-Lavik grense (Ullebøvegen)oppførde som prosjekterte hovudvegar. Vadheim-Lavik grense var prioritert før Høyanger-Vadheim. I 1925 gjorde kommunestyret i Kyrkjebø, med tilslutnad frå fylkestinget, vedtak om å byggja Vadheim-Lavik grense som bygdeveg, og å setja Høyanger-Vadheim opp som nummer ein av hovudvegane. Kommunen ynskte å koma i gang med vegarbeid snarast råd, og fylkestinget tilrådde at kommunen fikk høve til å setja i gang byggjinga med forskotsmidlar.

Vegarbeidet

Heile strekninga Høyanger og Vadheim var 24,5 km. Det gjekk bygdeveg mellom Bergsvika/Nordeide og Klævold, men det måtte byggjast heilt ny veg på strekningane Høyanger-Bergsvika og Vadheim-Klævold. Anlegget byrja i 1927, og den fyrste parsellen, Høyanger-Sandvika, vart offisielt avlevert 8. oktober 1929. Strekninga Høyanger-Nordeide (8 km) var ferdig i 1934. Då det i periodar var ein god del arbeidsløyse i Høyanger, kom vegarbeidet som kjærkome sysselsetjingsarbeid for mange arbeidslause.

Anleggsarbeidet på strekninga Vadheim-Klævold nådde ein historisk "milepel" i 1937. I årsmeldinga til fylkesingeniøren for 1937 står: "Arbeidet fortsatte utover vinteren og våren til det veiløse parti blev gjennembrudt i juni måned fra hvilken tid Kyrkjebøstranden og Høyanger har vært tilsluttet landets veinett." Seinare vart det utført etterarbeid og utbetringsarbeid i fleire år. Det vart halde offisiell avlevering av strekninga Vadheim-Nordeide i 1951.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Engesæter, Aage: Høyanger. Utviklinga av industristaden fram til om lag 1945. Sogn og Fjordane Distrikshøgskule, Sogndal 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR