Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Totland - Måløy - "en fullt tjenlig vei"



Strekninga Totland-Deknepollen var det siste stykket som stod att før ein fekk samanhengjande veg mellom Måløy og Oppland over Strynefjellet. Den første løyvinga kom i 1938, men det var tyskarane som sto for byggjinga av anlegget under krigen. Om vegen vart det seinare sagt: "Anlegget viser hvorledes det i kostbart terreng med beskjedne fordringer til trasé og utstyr kan bygges en etter norske forhold fullt tjenlig vei."

Vegen over Almenningsfjellet slik tyskarane bygde han under krigen. Vegen var smal, svingete og bratt. Tyskarane ville raskt ut til isfri hamn og hadde ikkje tid til å venta på den planlagde tunnelen.

Vegen over Almenningsfjellet slik tyskarane bygde han under krigen. Vegen var smal, svingete og bratt. Tyskarane ville raskt ut til isfri hamn og hadde ikkje tid til å venta på den planlagde tunnelen.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Vegplanar og løyvingar

I 1926 var det sterk semje mellom kommunane Eid, Selje, Davik, Nord- og Sør-Vågsøy om å fremja veg til Måløy (Kulen). Sør-Vågsøy ville same året forskottera veg frå Deknepollen til Kulen og til Daviks grense (vest for Almenning), men fylket gav ikkje løyve. Først i 1937 vart Totland-Måløy teke med på budsjettframlegget for 1938-39. Strekninga var 18,3 km, og arbeidet byrja same året. Men det var smått med løyvingane, og framdrifta var difor ikkje så stor.

Tyskarane overtok

Den tyske okkupasjonsmakta såg på vegen som ein strategisk viktig veg, og anlegget vart difor sett opp som eit ekstraordinært anlegg med auka midlar. Vegen vart sett på lista for "samfunnsmessig særlig betydningsfulle og uoppsettelige arbeidsoppgaver". Årsaka var Måløy si plassering ved kysten, med store festningsanlegg som var militære mål. Dersom det kom eit angrep på Måløy ønskte tyskarane å ha ryggen fri og trekkja seg tilbake langs landevegen. Okkupasjonsmakta forserte også fram andre krigs-strategisk viktige vegar som Førde-Florø, Årdalstangen-Øvre Årdal og utbetringar over Filefjell.

Måløyraidet sette fart i vegbygginga

Det skulle visa seg at tyskarane hadde all runn til å sjå på vegen som særleg viktig. Tredje juledag 1941 gjekk dei allierte til åtak på Måløy. Det var den allierte landgangsstyrken med mellom anna Kompani Linge, som slo til. Sentrale anlegg vart øydelagde, og både tyske fangar og leiande NS-folk vart tekne med til England.

Vanskeleg med folk

Det var ikkje så lett å skaffa nok arbeidsfolk for å få fortgang i vegbyggjinga. Ikkje ein gong auka forskotsbetaling hjelpte. Mange av arbeidarane var bønder som måtte heim i onnene, eller fiskarar som skulle ut på feltet. Dei fleste arbeidarane kom frå distriktet rundt, frå Gloppen, Breim, Stryn, Hornindal og Eid. I 1942 var det gitt ordre om å overføra arbeidarar frå veganlegget Årdalstangen-Øvre Årdal, men også dette anlegget hadde for få arbeidarar i periodar. Av di vegen var så viktig for tyskarane, tvangsoverførde dei folk.

Vanskeleg med mat

Arbeidet var som på alle anlegg hardt, og det sleit på både kropp og sjel. Eitt av problema for arbeidsfolka var vanskane med matforsyningar. Heimturane betydde difor mykje. Dei fekk dra heim kvar andre veke på fredag. Turane var viktige for å proviantera. Maten dei fekk var stort sett poteter og klippfisk med kaffierstatning (Rika) som dessert. Alt anna måtte dei halda seg med sjølve. Det vanlege var at dei frå Eid var heime kvar helg. Dei frå Hornindal og Stryn var heime annakvar helg. Dei frå Gloppen og Breim kunne dra heim kvar 4. veke. Forventningane var store når dei som hadde vore heime kom tilbake med båten. Kva hadde dei greidd å skaffa av mat? Hadde dei kjøt med seg?

Potetkakene berga dei gjennom krigen

Potetkaker var svært populære, og brødrasjonen var så liten at potetkakene redda dei gjennom krigsåra på anlegget, i tillegg til heimeavla tobakk. Heimturane kunne av og til vera vanskelege. Først måtte dei ta båt frå Skavøypollen til Rødegga. Vidare gjekk turen med lastebilar som gjekk på "knott" (vedgass). Når det var litt stigning gjekk farten ned, og vart det for ille måtte dei hoppa av og dytta bilen. På tilbaketuren var det rett som det var kontroll av "ulovlege" varer.

Ein levande radio

Hygienen var det så som så med. Dei vaska seg ein gong om dagen i ein bekk ovanfor brakkeinngangen. Dei hadde ein handduk og B-såpen (erstatningssåpe) på deling. Annakvar helg hadde dei besøk av "Ola i Pollen" som fortalde nyhende. Ola hadde radio. Alle visste når Ola kom, då vart rommet fylt opp av folk og siderommet med. Når han fortalde var det stille. Ola vart teken av tyskarane sommaren 1944. Han vart arbeidsleiar for ein arbeidsgjeng på eit veganlegg, og med der var óg ein av sjefane i vegvesenet i Sogn og Fjordane.

Tunnel gjennom Almenningsfjellet

Vegen fram til Deknepollen sto ferdig i 1943/44. Men standarden var mindre god. For å få vegen ferdig hadde tyskarane bygd vegen over Almenningfjellet i staden for å byggja tunnel, av di det ville ta lenger tid. Vegen over fjellet var knapt køyrbar, slik at tunnelarbeidet vart sett i gang like etter krigen. I 1950 kunne dei opna den 335 m lange tunnelen. Stordelen av tunnelarbeidet vart utført utan maskiner. All stein frå tunnelen vart lasta for hand og køyrt bort med trillebår og tralle.
Riksveg 15, som vegen vart heitande frå midten av 1960-talet, var no samanhengjande frå Oppland til Ulvesundet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III. Oslo 1950.
Aasebøstøl, Kristian: Veganlegget Totland-Maaløy. I Vegstubben, s. 20-21, nr. 2/3-1975.
Ommedal, Andreas: Eit blad or minneboka. IVegstubben, s. 21-23, nr. 1-1976.
Nordstrand, Ingemar: Vegfolk fortel. Vegminne frå Sogn og Fjordane. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR