Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hans Nielsen Hauge og Sunnfjord



Mads Flokenes (1895-1983), lærar i Askvoll i 43 år, var interessert i lokalhistorie og ein god skribent. Han hadde mange artiklar i fleire lokalaviser. Ein artikkel handlar om Hans Nielsen Hauge i Sunnfjord. Vi får høyra om dei seks gongene Hauge var i Sunnfjord.

<p>Hans Nielsen Hauge vitja Sunnfjord seks gonger, siste gong i hungers&aring;ret 1809. I 1954 reiste Svan&oslash;y-&aelig;tta ein minnestein over Hans Nielsen Hauge og haugevenen Ole Torjussen Svan&oslash;e.</p>

Hans Nielsen Hauge vitja Sunnfjord seks gonger, siste gong i hungersåret 1809. I 1954 reiste Svanøy-ætta ein minnestein over Hans Nielsen Hauge og haugevenen Ole Torjussen Svanøe.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Artikkelforfattaren

Mads Floknes vart fødd 7. februar 1895 og døydde 20. mars 1983. Han var son til snikkar og gardbrukar Mads Olsson Flokenes og Anna Sofie, fødd Flokenes. Familien budde i Askvoll på garden Ask som ligg i nærleiken av Straumen. Mads Flokenes gjekk framhaldsskule, Sogndal folkehøgskule og Volda Lærarskule. ”Hans vide, kulturopne menneskesyn var nok ein arv frå folkehøgskuledagane”, skriv Sverre Hausberg i minneord i Askvoll Sogeskrift. Flokenes var lærar i Askvoll i åra 1917-1924, i Haus, Hordaland 1924-1926, og i Askvoll 1926-1962. Utanom skulearbeidet var han med i kommunepolitisk arbeid (også ordførar), fråhaldsarbeid og målrørsla. Han var interessert i lokalhistorie og ein god skribent.

Stykket om Hans Nielsen Hauge stod i Firda Folkeblad. Flokenes byggjer på skriftlege kjelder og tradisjon, det vil seia minne om Hans Nielsen Hauge som har levd på folkemunne. Flokenes har det han har nemnt om tradisjon frå Nils Husetuft, ein lokalhistorikar i Sunnfjord. Husetuft hadde Abraham Hornes, Karl Olsen Hafstad og fleire som kjelder. Her er stykket attgjeve slik det stod i Firda Folkeblad. Mellomtitlar og innskot i hakeparantesar er skøytte på her.

Innleiing

Folket i Sunnfjord har med rette havt ord for å vera djupt religiøst, og det var difor rimeleg at den rørsla som Hans Nielsen Hauge skapa i landet [frå rundt 1800], fengde her i Sunnfjord og. Ja, det ser ut til av dei meldingane som vart gjevne om rørsla i samanheng med rettsaki mot Hauge, at Sunnfjord var ein av dei stadene rørsla hadde grepe mest om seg, serleg i Kinn, Vevring og Naustdal. Etter dei meldingane som ligg fyre om Hauge si reiseverksemd var han i alt 6 gonger i Sunnfjord. Og det var gjerne ikkje mange bygdelag han gjesta so mange gonger, i alle fall her vest.
 

Første reisa til Vestlandet

Fyrste ferdi på Vestlandet gjorde Hauge sumaren 1798. Men han var ikkje i Sunnfjord den gongen. Likevel er det i denne samanheng av interesse å nemna at medan Hauge på denne turen var i Bergen, budde han (i allefall ei tid) hjå ein sunnfjording, Erik Larsen Svorstøl frå Naustdal. Han kom til Bergen i 1787 og var regimentsmed der. Han var av same ætti som lægpreikaren Anders Hove. Svorstøl var ein mann med kristeleg røynsle, og gav råd og hjelp til folk som var i åndelege vanskar. Soleis var Samson Traa hjå Svorstøl og rådførde seg i kristelege spursmål. Hauge held møte i huset til Svorstøl, og her var det Traa råka Hauge og vann fram til kristeleg klårleik, og han vart seinare ein av Hauge sine fremste læresveinar.

Våren 1799 - første gongen i Sunnfjord

Andre ferdi til Vestlandet gjorde Hauge våren 1799. Denne gongen stogga han lite i Bergen. Han tok straks ut på ferd til Trondheim, og på denne ferdi er det han fyrste gongen er i Sunnfjord. Om folket seier han i boki si ”Reiser”: ”Jeg fandt her i desse bygder ikke
så få bæleste mennesker, syntes også, især inne i fjordene at der herskede nogen kultur, fasthed og venlighed, så jeg, så jeg på nogle steder fikk fortrolige venner”.

Det er vanskeleg å seia kva bygder han gjesta på kvar av turane sine. Han nemner ikkje det sjølv i sine ”Reiser” og det er heller ikkje nemnt i Bang si store bok om Hauge (1874). Og tradisjonen – dei munnlege meldingane – her i Sunnfjord gjev heller ikkje greide på det, so det vert for det meste gjetingar dette om kva bygder han stogga i og heldt møte. Men det er grunn til å tru at han denne gongen heldt møte i Askvoll, men kvar helst i Askvoll er det uråd å vita. Dinæst må det reknast nokolunde visst at han stogga i Høydalsfjorden og fekk ”fortrolige venner” der, soleis P. Steinhovden og Kristian Knutson Aa som var frå Hyen og budde i Ausevik. Hauge skulde tala og liggja ei natt i Store Høydal. Han for so til Eikefjord og derifrå til Hyen. ”Den andre leidi” som dei sa.
 

Sommaren 1801 – andre gongen

I 1801 tok Hauge til som handelsmann i Bergen og fyrste forretningsferdi hans gjekk til Sunnfjord. Den sumaren siglde han hit med ei liti jakt og salta sild. Men me må gå ut ifrå at han heldt møte medan dei lasta jakti. Og var det i Kinn, må me gå ut ifrå at han denne gong og gjesta Høydalsfjorden, for etter tradisjonen skulde han vera der fleire gonger. Det kan henda at det var denne gongen han var ein snartur til Gryta i Vevring, og heldt møte der. Det var eit møte med mykje folk, radt frå Svanøy, og det var sterk åndeleg rørsle på møte, og mange vart vakte. Dette var einaste gongen Hauge var i Vevring.
 

Hausten 1801 – tredje gongen

Om hausten 1801 skipa Hauge seg ut på større forretningsferd til Nordland. Jakti hans skulde sigla til Trøndelag, og sjølv skulde han fara landevegen til Trondheim. Han for difor denne gongen og gjennom Sunnfjord og visseleg den same leidi som i 1799, for det er visst at han var i Hyen, og han heldt møte på Hyeneset og Hestnesøyra. Me må difor gå ut ifrå at han på denne turen var i Høydalsfjorden for tridje gong. Det var nemleg i Høydalsfjorden og strøket der ikring at Haugerørsla slo dei djupaste røter. Det kan og henda at det var no om hausten han var i Vevring, og ikkje om sumaren. Det er truleg uråd å slå dette heilt fast no. Men Vevring var i alle høve ein avstikkar frå leidi hans. – Hauge var radt til Gjæslingane i Namdalen på denne turen sin.
 

Våren 1802 – fjerde gongen

Og då han kom attende til Trondheim vart han arrestera, men slapp snart laus att. Han vart so pålagd å fara frå lensmann til lensmann postvegen attende til Bergen. Dette var våren 1802. Lensmennene sytte for skyss til han over fjordane, men dei fylgde honom ikkje når han ”havde fået fast landevei”. Og då tok han det som han sjølv vilde, stogga og heldt møte.

Denne postvegen gjekk til Sunnfjord soleis: Frå Breim til Jølster, gjenom Førde, Bygstad, Dale og til Leirvik i Sogn. Det skulde soleis vera visst at han på denne ferdi var på desse stadene. Tradisjonen i Sunnfjord seier at han heldt møte på Mo i Førde, og på Hafstad. Frå Mo tok han vegen gjenom Holsa, yver Rørvikfjellet, Øvrebotten, Mjell og til Balestrand. Då han for gjenom Holsa, skaut dei tvo skræmeskot etter han, for futen hadde varsla dei om at han var ein fårleg landstrykar. Tradisjonen seier og at denne turen til Sogn var ein avstikkar frå ruta, at han kom attende til Jølster og for lenger (tid)? Men det høyrest noko urimelegt ut at han skulde gjera ein so stor avstikkar på denne ferdi til Bergen. Er det rett det som tradisjonen seier, høyres det mest ut til at dette måtte henda ein nordtur. I so fall laut det vera på den fyrste i 1799, og det er ting som talar både for og imot det.

Våren 1804 – femte gongen

Femte gongen han var i Sunnfjord var i 1804 i april månad. Ærendet hans hit nå var fyrst og fremst det å kjøpe Svanøy til Ole Torgersen [Torjussen]. Kjøpesummen var 11 999 riksdalar. Me kan gå ut frå at han på denne turen og heldt oppbyggjingsmøte, endå han visseleg mest var oppteken med kjøpet og med å leggja planar for den drifti Ole Torgersen hadde der. Men denne gongen var den siste han har halde møte i Sunnfjord. Same året den 24. oktober vart han arrestera i Hokksund ved Drammen. Og etter den dag heldt han ikkje oppbyggjingsmøte meir.
 

Sommaren 1809 – sjette gongen

Det er kjent at den saki som vart reist imot han hausten 1804 ikke vart ferdig fyrr i 1814, og denne tidi sat han for det meste fast. Men han fekk ”permisjon” den 27. februar 1809 so han kunde koma avstad og få i stand saltverk langs kysten. Han var då på Svanøy sumaren 1809 for siste gong. Der var fyrr skipa eit saltverk, men Hauge gjorde ymse vølingar og rettingar med det. Lenger nord var han ikkje, han snudde på Svanøy og for sudetter att, og kom aldri meir til Sunnfjord.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bang, A. Chr.: Hans Nielsen Hauge. Et tidsbillede frå omkring 1800. 1874/1910.
Sogeskrift for Askvoll. Nr. 11.1998.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR