Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tsunami i fjordane frå undersjøiske skred



Ordet tsunami var ukjend for dei fleste nordmenn før naturkatastrofen 2. juledag 2004. Men flodbølgjer frå store fjellskred har og råka vårt fylke fleire gonger. Ulukkene i Loen i 1905 og 1936 er dei som har gjort mest skade og hatt størst tap av menneskeliv. Men skred kan og losna under havflata og føra til tsunami i fjordane våre.

Eit profil langs indre del av Faleidfjorden syner det området som rasa ut sommaren 1967

Eit profil langs indre del av Faleidfjorden syner det området som rasa ut sommaren 1967

Eigar: Aarseth, Inge

Datering: 2005

Fotograf: Aarseth, Inge

Fjordavsetjingar
Fjordar er utgravne av isbrear gjennom fleire istider. Fjellsidene under havflata er like bratte som dei vi ser over sjøen, og i tillegg kan det vera fleire "trinn" utetter fjorden der fjorddjupet brått vert større. I tillegg er hovudfjordane mest alltid mykje djupare enn sidefjordane slik at det vert ei bratt skråning frå sidefjorden og ned mot fjordbotnen. Sjølv om det er lite lausmassar langs fjorden er det oftast tjukke lag av sand og leire på botnen. Dei tjukkaste laga finn vi i nærleiken av moreneryggane som er omtala annan stad. Nokre av sidefjordane er og overfyllt av leire og dannar såleis ei ustabil skråning ned mot hovudfjorden.

Tsunamibølgje i Nordfjord i 1967
Under opplodding av botnen i indre del av Nordfjord (Faleidfjorden) i 1982 vart det oppdaga at fjorden var djupare enn det som stod på sjøkartet. Sjømålingane synte at eit område sør for Staveneset i Stryn var opp til 55 m djupare i 1982 enn i 1967. Nye målingar gjort av Sjøkartverket i 1983 synte at 15 millionar m3 leire hadde rasa 1-2 km utover fjorden. Dette var så nyleg at det kunne vera folk som hadde observert noko uvanleg, og lokalavisa Fjordingen vart kontakta. Kolbjørn Stensaker frå Blakset rapporterte då om underlege bølgjer sommaren 1967. Under båttransport av turrhøy vart høybørene i stranda våte då sjøen brått steig nesten ein meter. Blakset ligg mest ei mil utanfor rasstaden. Når leira sklei ut og sjøen fyllte gropa førde det til at vassflata sokk ned. Slik vart tsunamien danna og to-tre bølgjer spreidde seg utover fjorden. Televerket hadde og hatt problem med telekabelen som kryssar fjorden her (sjå profil).

Skredet på botnen mellom Balestrand og Hella
Fjærlandsfjorden munnar ut i Sognefjorden ved Hella. Her er fjorddjupet 300 m mot 1100 m i hovudfjorden. Ytre del av Fjærlandsfjorden har 100-150 m tjukke lag av leire som går heilt ut til den bratte skråninga ned mot Sognefjorden. Ut frå forma på botnen ved Hella kan ein sjå at 30 million m3 leire må ha rast ned til den flate, 1100 m djupe leirbotnen mellom Hella og Vangsnes. På botnen er det ei grop: 1 km2 stor og 30 m djup. Når skredmassane traff botnen grov dei ut denne gropa og kasta massane frå skredet opp i ein voll omkring. Prøver syner at skredmassane har fløymd vidare utover. Slike skred går føre seg mykje likt snøskred på land. Ei kjerneprøve inneheld grus og småstein (sjå bilde), som var frakta ut på den heilt flate botnen. Når hende dette skredet? Oppå skredmassane ligg det berre eit 20 cm tjukt lag av fin leire. Ut frå det vi veit om avsetjingsfarten andre stader i Sognefjorden kan vi sei at det store skredet ved Hella gjekk for mindre enn 1000 år sidan. Om vikingane hadde langskip langs strendene i nærleiken har dei nok fått seg ein omgang når tsunamibølgja nådde land.

Skredet på Storegga
Eit av dei største undervasskreda i verda gjekk på kontinentalskråninga utanfor Møre for 8000 år sidan. Frå granskingar andre stader langs kysten veit vi at dette skredet forårsaka ein stor tsunami som og sette merkje etter seg innover i fjordane. På Møre var truleg bølgja meir enn 10 m høg. I Sognefjorden kanskje berre halvparten. Men det budde steinalderfolk ved kysten, og om var dei vakne når sjøen fall gjekk dei kanskje ut på stranda for å plukka seg ein lettvint middag. Dette veit vi sjølvsagt lite om, men vi veit at folk budde nær sjøen på den tida.
Faren for tsunami i fjordane våre er nok størst frå fjellskred frå bratte fjellsider. I 1983 gjekk det eit stort skred like ved Årdalstangen som forårsaka ei 5 m høg tsunamibølgje, og dei fleste av dei 70 småbåtane i hamna vart knust. Det er aukande merksemd om potensielle skred-problem i fjordane, særleg i nabofylket i nord.

kjelder:

Aarseth, I., Lønne, Ø., Giskeødegaard, O. 1989: Submarine slides in glaciomarine sediments in some western Norwegian fjords. Marine geology 88, 1-22.
Aarseth, I. 1995: Sedimentene på bunnen av fjordene i Vest-Norge. Naturen 5 1995, 212-220.

PERMANENT IDENTIFIKATOR