Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bokbyen i Fjærland



I juni 1996 opna kulturminister Åse Kleveland Den norske bokbyen i Fjærland, den åttande i Europa og den fyrste i Norden. Den vesle tettstaden Mundal blei med det eit eldorado for bokormar og bibliofile på litterær skattejakt.

Den norske bokbyen har mange støttespelarar og eldsjeler. Dei to fremste er ekteparet Claus og Kari Kvamme, som har lagt ned eit umåte stort arbeid for bokbyen.

Den norske bokbyen har mange støttespelarar og eldsjeler. Dei to fremste er ekteparet Claus og Kari Kvamme, som har lagt ned eit umåte stort arbeid for bokbyen.

Datering: 2007

Fotograf: Per Olav Bøyum

Bakgrunn

Bokbyen var eit svar på dei utfordringane kommunikasjonsforbetringar hadde skapt for tettstaden Mundal. Fjærland fekk vegutløysing mot Jølster i 1986. Snaue ti år seinare blei det opna vegsamband til Sogndal, og Fjærland vart med eitt ei gjennomfartsåre i fylket. Biltrafikken gjennom Mundal forsvann, og den turisttrafikken som bygda i hundre år har hatt som del av næringsgrunnlaget, stod i fåre for å døy ut.

Bygdeutvalet sette i 1994 ned ei styringsgruppe for å sjå på nye aktivitetsområde for Mundal. Gruppa, som bestod av Kari og Claus Kvamme, Nils Paulsen, Marit Orheim Mauritzen og Barbra Vangsnes, kom opp med ein spanande idè: Kva med å etablere ein bokby i Fjærland? Handling erstatta snøgt tanke, og i 1995 blei det sett i gang to forsøksvise utsal. Året etter vart bokbyen sett i ordinær drift med 11 utsalsstader.

Bokbyar

Bokbyar er tufta på fleire idèar. Eit viktig føremål er å halde litteratur i sirkulasjon. Sidan boktrykkarkunsten blei oppfunnen, har det på verdsbasis blitt gjeve ut om lag 100 millioner boktitlar. Jamvel om 90% av dei har blitt trykte etter 1960-talet, kan det ofte vere vrient å få tak i bøker som er meir enn nokre få år gamle. Av økonomiske omsyn er det sjeldan bøker blir liggande på lager lenger enn eit par år.

Nærings- og distriktstiltak er også eit viktig fundament i bokbykonseptet. Då Hay on-Wye blei etablert som den fyrste bokbyen i 1961, var det som eit tiltak mot fråflytting og urbanisering. Difor vert bokbyar ofte lagt til litt avsidesliggjande plassar.

Landsbypreget har også ein annan føremon. I ein bokby er det bøkene som skal dominere, helst i eit fredfullt sentrum der folk kan rusle fritt omkring utan å bli sjenert av støyande trafikk. I tillegg er det naudsynt å ha godt med ledige lokale. Dette hadde Mundal i rikt mon, og nedlage fjøs, naust og fryselager blir no nytta til bokbutikkar. Slik tek ein vare på bygningane, og - like viktig - dei blir fylte med liv.

Bøker og bokutval

Bokbyen i Fjærland har eit stort utval av litteratur. Her er både fag- og skjønnlitteratur, nye og gamle bøker, norske og utanlandske titlar. Per september 2007 utgjer bokstamma heile 250 000 bøker, eller ei bokhylle på fire kilometer, for å setje talet i eit større perspektiv. I tillegg kjem blad og tidsskrift.

Mange av bokladene er spesialiserte på nokre få litteraturområde. Til dømes har bokkafèen Onkel Mikkel konsentrert seg om krim, medan Seriesalget har funne ein nisje i teikneseriar. Bokbyen har dessutan mellom dei største samlingane i landet av barnelitteratur og bøker med kristent innhald.

I 2007 er det fire sjølvstendige bruktbokhandlarar som utgjer Den norske bokbyen. Grunnlaget for bruktbokhandel er det store og umissande verdet gamle bøker representerer, og her er kundane sitt møte, ikkje berre med gamle bøker, men med slik mengd av bøker, viktig for å halde oppe interessa for tidlegare tiders litteratur.

Den norske bokbyen er open for besøkande frå april til september, og heile året for handel over internett, telefon eller e-post.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Mauritzen, Hilde: Fjærland. Førde 2007.


Den norske bokbyen : idègrunnlag. Fjærland 1995.


Sogndal Lokalhistoriske Arkiv: SFF-2006020 Den Norske Bokbyen.


Munnleg informasjon frå: Kari og Claus Kvamme.

PERMANENT IDENTIFIKATOR