Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. august 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kongebesøket i Selje i 1733



Anno 1733 den 9 August Reiste Hans Kongelige Majestet [og] Hendes Majestete Dronningen (…) Over dette Field Mandseidet. Denne informasjonen står under eit bilete som vart laga kort tid etter kongerisa i 1733. Mannseidet er namnet på høgda mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Det høgaste punktet er omlag 350 moh. Landskapet på maleriet minner meir om eit dramatisk alpelandskap.

Utsnitt frå biletet av kongereisa over Mannseidet. Fleire båtar med fint folk ligg til lands. Heile biletet er svært rikt på detaljar, t.d. i dette utsnittet, to personar som handhelsar.

Utsnitt frå biletet av kongereisa over Mannseidet. Fleire båtar med fint folk ligg til lands. Heile biletet er svært rikt på detaljar, t.d. i dette utsnittet, to personar som handhelsar.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Christian VI

Christian VI (1699-1746) var konge i Danmark-Noreg 1730-1746. Som kronprins vart han i 1721 gift med Sophie Magdalene (1700-1770) av Kulmbach-Baireuth frå Wolfstein i Tyskland. I historiebøkene står ikkje kong Christian VI fram som nokon ruvande skikkelse, snarare tvert om; i Norges historie (1911) står denne oppsummeringa: "etter alt å dømme har Kristian VI været en aandelig som i legemlig henseende svagt udrustet mand." Likefullt var det i Christian VI si kongetid Danmark-Noreg fekk tre store reformer: 1736 Innføring av konfirmasjonen, 1739 Ny ordning for skulestellet og 1739 Ny ordning for fattigstellet.


 

Kongereiser
 

Tre kongar i tvillingriket Danmark-Noreg vitja Noreg i tida 1685-1733: Christian V (konge 1670-1699) i 1685, Frederik IV (konge 1699-1730) i 1704 og Christian VI (konge 1730-1746) i 1733. Alle tre reisene var svære hendingar: a) dei varde lenge (i 1733 tre månader), b) dei utgjorde store følgje (i 1733 over 150 personar), c) dei innebar omfattande førebuingar og sette store krav til stadene som fekk besøk (skyss, husrom, kost), d) dei skapte mykje virak langs reiseruta (mange folk møtte fram, æresportar, minneskrift, minnemedaljer, minnemyntar, opne kongetaffel, m.m) og e) dei etterlet seg spor (til dømes historier om ting som skjedde, kongerelaterte gjenstandar, stadnamn, m.m.).

Kongereisa til Noreg

Det var sommaren 1733 kong Christian VI var på sitt einaste besøk i Noreg. Det vekte begeistring at dronninga var med denne gongen. Dei to kongane før han hadde kome åleine. Christian VI og følgjet hans, på godt og vel 150 personar, kom til Kristiania om kvelden 3. juni og reiste tilbake frå Larvik 4. september. Frå Kristiania gjorde kongen fleire reiser til byar og ladestader på Austlandet før følgjet tok fatt på landverts reise til Trondheim. I Trondheim oppheldt kongeparet seg frå 19. til 28. juli. Reisa vidare, til Bergen, Stavanger og Sørlandet gjekk langs kysten, og for det meste til sjøs. Kongeparet kom til Selje søndag 9. august og reiste dagen etter vidare.

Selje og prestegarden

Ein liten bit av reisa mellom Trondheim og Bergen føregjekk landverts, frå Kjødepollen på nordsida av Stadlandet til prestegarden i Selje som ligg mellom Seljesanden og Nabben, namnet på ein del av det tettbygde sentrum i Selje. Me har ikkje informasjon om kvifor kongsfylgjet tok vegen over Mannseidet, men det ligg nær å tenkja at det vart gjort for å sleppa det verharde havstykket rundt Stadt.

Den store hovudbygningen i prestegarden (år 2009) er frå 1782-1784. I følgje bygdeboka for Selje og Vågsøy (1957) er det påvist byggjemateriale frå eit eldre hus. I 1782 var hovudhuset nemnt Herresalen.

Prestefolket

Det var prestefolket Herr og Fru Madsen som hadde den store æra og den krevjande oppgåva å gje kongeparet Christian VI og dronning Sophie ei overnatting i august 1733. Søren Madsen, prest i Selje 1716-1742, var dansk, fødd i Korsør i 1686. Han var gift med Anna Harboe Frimann (1673-1769), enkje etter Claus Frimann, sokneprest i Selje 1709-1715.

Dronningsenga

Signaturen "S.N." fortel noko om kongevitjinga i ein artikkel i Fjordenes Tidende, 16.04.1933. Det var sjølvsagt "stor ståhei" i prestegarden med å førebu besøk av så høgtståande gjester. Der blei slakta og bakt, og til dronninga blei det laga ei heilt ny himmelseng. Denne senga fekk "efter å ha ydet hennes kongelige majestet den sikkert tiltrengte hvile for natten," namnet Dronningsenga. Ho stod seinare som ei klenodium i prestegarden i over 100 år, til "motten" truleg gjorde det av med det mykje spesielle praktmøbelet.

Ingen ting skulle sparast

Ingen ting skulle sparast på. Det har vorte fortalt at smøret flaut i rennesteinane frå prestegarden, fortel S.N. i stykket sitt. Dette var ei heilt uhøyrt "råflotthet". Prestefrua Anna var snarare kjend for å vera den som spinka og spara, noko som heller ikkje var så rart, sidan ho hadde 11 born i første ekteskapet sitt på etter måten små og usikre inntekter.

Fekk kongetienda

Det kan sjå ut til at kongen vart kjent med at prestefolka ikkje hadde meir å greia seg med enn det naudsynte, for som avskilsgåve fekk prestefrua kongetienden i Selje for resten av sine levedagar.

Dronningbekken

Det var elles ved dette høvet at Dronningbekken fekk namnet sitt. Denne bekken vart sommaren 1933 til hjelp for mange gjennom ein lang tørkeperiode. Etter den kongelege vitjinga vart det seinare skikk at det klare og kalde kjeldevatnet i Dronningbekken skulle hentast og brukast ved høgtidlege høve. (Så langt frå artikkelen i Fjordenes Tidende.)

Andre spor

Avisstykket til S.N. fortel om at kongevitjinga sette spor: ei himmelseng, namnet på ein bekk og munnleg tradisjon (det flaut smør i "rennestenen"). Eit par andre spor etter kongevitjinga i 1733 finn me i ein artikkel i Norsk Folkeblad i 1868: det eine at det endå fanst pengestykke i prestegarden som "ved den Leilighed blev utdelt", og det andre ei historie om at soknepresten var ute for eit lite uhell då han gjekk kongeparet i møte då dei nærma seg prestegarden: "Han var uheldig nok til at sætte den ene Sko fra sig i en Myr."
 

Tillegg: I Kierulfs Journal

Etter at artikkelen var ferdig, har me kome over meir i Fjordenes Tidende om kongebesøket i Selje i 1733. Stykket er signert Gullig Brække. Han har med eit sitat frå ei skildring frå kongereisa som står i Kierulfs Journal. Brække har lagt inn nokre forklaringar i parantes.

I stykket går det fram at kongefølgjet vart frakta sjøvegen frå Trondheim dels med "kongechalupper" og nokre andre båtar som var med heile vegen, og dels med båtar som var med etappevis. Vidare går det fram at kongeparet og dei andre som var med over Mannseidet, vart skyssa i vengebåtar frå Eidet, inst i Moldefjorden, ut til prestegarden. Det står:

"Søndag den 9de gik reisen derfra (Hauksholmen) noget betimelig med frisk skyds og roende til Mands-Eidet som er 5 Miil. De fleste Trundhjems-Baader blev her permittered at begive sig hjem igjen, mens Hans Mayest's og de øvrige (hermed menes vel kongechalupperne og de farkoster der skulde benyttes på hele reisen langs vestkysten) tok utenom Stathavet, og gik det Høy. Kong. Herskap over Eidet til lands som er ¾ Miil.

Denne vey til lands var meget dificiel (vanskelig) saa at ikke kun de brukes enten vogn eller kariol. Hans Myest. maatte derfor sætte sig til Hæst og undertiden og bemøye sig med at gaae til fods. For Hendes Mayset. Dronningen og Margrevinden blev forfærdiget en Machin som en Bære-Baar hvorpaa de satte og blev ved Bønderne frembragte. De andre av Sviten (følget) fremkom enten til fods eller til Hæst. Hoff-Fraulingerne ved tversadler, ja hele besværlig og dem ubevandt som efterfølgende tegning nærmere utviser.

Ved ankomsten til Eide befandtes en 60 Vingebaater, som derpaa Sviten indtog, og videre frembragte til Sellø Præstegaard Hr. Søren Madsen 1 Miil"
 

kjelder:

Fjordenes Tidende. 16.08.1933.
Norges historie, bind V-1, 1911.
Norsk Folkeblad, 18.04.1868

PERMANENT IDENTIFIKATOR