Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Årdal med husmannsplassen Rydjorda



Garden Årdal ligg i ein liten dal like ved fjellet Liberra (470 m o.h.) på sørsida av Stadlandet. Avstanden inn til Selje er om lag fem km. Garden er fråflytt og har ikkje bilveg.

<p>Husa p&aring; garden &Aring;rdal ligg oppe p&aring; ein terrasse i skr&aring;ninga med fritt utsyn over Sk&aring;rfjorden mot Kr&aring;keneset p&aring; V&aring;gs&oslash;ya. </p>

Husa på garden Årdal ligg oppe på ein terrasse i skråninga med fritt utsyn over Skårfjorden mot Kråkeneset på Vågsøya.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Dei eldste spora

Den første busetnaden ein har funne spor etter i området, ligg lenger oppe i fjellet, der det i dag heiter Liberstølen. På ei hylle i den stupbratte fjellsida er det hustufter og spor etter steingardar. Det er gjort fornminnefunn i dette område, men historia til denne staden er ikkje kjend.

Allsidig bruk

Garden Årdal ligg i den bratte skråninga ned mot fjorden, og er først nemnd i 1585. Brukarane her har gjennom tidene livnært seg gjennom kombinasjon av gardsdrift og fiske, slik det ofte vart gjort langs kysten. Husa ligg om lag 40 m over havet, og den dyrka marka ligg i dei heller bratte skråningane eller som små engflekker innimellom rydningsrøysene. Strandlinja vekslar mellom glattskurte berg og rullesteinsfjøre, og i gamle matriklar heiter det at her var "ond landing i blæst".

Men jorda var god og garden gav bra inntekt. Etter ei jordeboka frå 1626 var gardbrukaren då "temmelig formuende". Det vart drive fiske både til eige bruk og for sal. Bruket fødde 4-5 kyr og i tillegg ein del sauer. I tidlegare tider var også geitehald vanleg. Hest hadde dei ikkje på garden, så alt arbeidet vart gjort med handemakt. Det vart dyrka poteter, havre og bygg. Slåtten vart gjort med ljå, og både tare og lyng vart nytta som tilleggsfôr.

Bygningane på garden

I tunet i Årdal har det lege heile 9 bygningar. I dag står det att to stover, eit uthus og ein fjøs. Nede ved sjøen har det vore to naust, og elva har hatt kvernhus. Det er murt køyreveg opp til huset og ei lita bru over elva. Fleire strengspel (løypestrenger) leier inn til tunet frå jorda og frå fjellet.

Husmannsplassen Rydjorda

Vestanfor sjølve garden syner endå ei hustuft. I siste delen av 1800-talet låg det ein husmannsplass her. Plassen vart kalla Rydjorda.

Venelag

(Tillegg 2014) Husmannsplassen vert halden vedlike av eit venelag. Laget skipar til dugnader og samkomer av ymse slag. «Aardalens Venner er eit lag som på ideelt grunnlag skal arbeide for at bygningar og landskap i Aardalen (og Rydjajorda) vert halde i best mogeleg hevd for framtida.»

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Selje, Nord- og Sør-Vågsøy. II Gards- og ættesoga. Sandane 1943.
Helle, Turid: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Selje kommune, Kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Bruk og vern. Rapport nr 23 side 63-65. Sogn og Fjordane distriktshøgskule, avd. for landskapsøkologi. 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR