Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Alrekstølen



Alrekstølen ligg i Stølsheimen, like ved grensa til Høyanger kommune og Hordaland. Stølen er grundig oppmålt og nedteikna, og stølshusi er restaurerte i samsvar med gamal byggjeskikk.

Alrekstølen (Vøvringen) er støl for gardane Alrek og Vetlesand. På biletet er stølen i full drift, med kyr, sauer og hestar.

Alrekstølen (Vøvringen) er støl for gardane Alrek og Vetlesand. På biletet er stølen i full drift, med kyr, sauer og hestar.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-94255.0010

Datering: 1920-40.

Fotograf: Ukjend.

Om stølen

Stølen ligg 700 moh på ein liten terskel i eit opnare dalføre kring 2 km nord for Solrenningvatnet. Det er ikkje veg fram til dette fjellområdet. Gangtida frå Arnafjorden er kring 4-5 timar. Tilkomsten er noko lettare frå sør.

Historie

Alrekstølen vart nytta av gardane Vetlesand og Alrek, og drifta i dette fjellområdet har lange tradisjonar. Stølssesongen varte frå tidleg i juli til ut i september. På stølen var det kring 80 geiter, 12-15 kyr og dessutan sauer. Tre budeier stølte her ei tid. Folk frå bygda henta stølsprodukta og kom med forsyningar ein gong i veka. Intens vedhogst og sterk beiting har gått hardt utover skogen rundt Alrekstølen. Der er ikkje tre i dag sjølv om stølen ligg under tregrensa. Det har ikkje vore slått på stølen, då det vart for langt å frakta foret til gards. Stølsdrifta tok slutt kring siste verdskrig.

Sjølve stølen

I 2000 er det 7 stølshus på Alrekstølen, dei ligg samla. Alle er bygde i stein og har åstak. Sela har oftast innsel og skot. Særmerkt ved stølen er den store fjøsbygningen. Fleire av stølshusa er restaurerte og har fått torvtak. Der er og tufter etter eldre stølshus. Eit spesielt anlegg er ein kanal som er graven ut for å sikra vassforsyninga. Vassveita går frå den eine fjellbekken, over stølsvollen og like forbi selsdørane. Alrekselva renn like ved stølen. På kvar side av stølsvollen renn det ei grov frå fjellsida og ned i elva.

Skjøtsel

Bygningsmassen på Alrekstølen er sett i stand etter ein restaureringsplan der ein tek sikte på å gjenskapa eit tidshistorisk korrekt eksteriør på stølshusa. Steinmurar og torvtak er det vanlege. Fleire merkte turstiar går forbi Alrekstølen. Området har såleis spesiell verdi for rekreasjon og friluftsliv.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hauge, Leif: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Vik kommune. HSF. Sogndal 1990.
Stølar i Stølsheimen. Registreringsrapport nr. 5. Fylkeskonservatoren i Hordaland. Bergen 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR