Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 12. mars 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dampbåten «Engøy» – minesprengd i Frøysjøen år 1943



Laurdag 6. mars 1943 var fartøyet «Engøy» med ein liten båt på slep i leia nord for Florø. I bygda Botnane var folk i gravferd. Dei blei brått vitne til ei krigshending. Ved middagsbordet lydde ein voldsom eksplosjon frå skipsleia. Kystfolk handlar raskt når ulukker hender på sjøen, og straks etter fossrodde båtar ut for å sjå om det var trong for hjelp.

Utsyn mot Frøysjøen og Frøyalandet frå fjellet mellom Husefest og Botnane. Skipsleia går mellom fastlandet og rekkja av skjer og holmar der Olaskjeret fyrlykt ligg lengst sør (venstre). Det var litt innom og sørom Olaskjeret dampåten «Engøy» gjekk på ei mine og sokk 6. mars 1943.

Utsyn mot Frøysjøen og Frøyalandet frå fjellet mellom Husefest og Botnane. Skipsleia går mellom fastlandet og rekkja av skjer og holmar der Olaskjeret fyrlykt ligg lengst sør (venstre). Det var litt innom og sørom Olaskjeret dampåten «Engøy» gjekk på ei mine og sokk 6. mars 1943.

Eigar: Ståle Sørbotten

Datering: 18.07.2009

Fotograf: Sigbjørn Sørbotten

Folk i gravferd

Bestefar min, Ananias Nordbotten, døydde våren 1943 og vart gravlagd 6. mars. Etter jordfestinga var gravferdsfolket samla i Sletten [gardsnamn] til middag med sosekjøt som vanleg var ved gravferder på den tida. På slutten av middagen høyrde vi ein eksplosjon ute i skipsleia og mor kom fort inn og sa at eit skip hadde gått på mine, innom og sør for Olaskjeret.

Fossrodde for å hjelpa

Middagen fekk ein brå slutt. Ein del av karfolka sprang frå matbordet og rett til sjøen, løyste båtane og fossrodde ut for å sjå om det var folk som trong berging. Mannskapet hadde imidlertid kome seg om bord i ein dykkarbåt som fartyet hadde på slep. Dei var berga, men korleis dei kom seg vidare kan eg ikkje minnast. Seinare fekk vi greie på at det var D/S «Engøy», sannsynlegvis ein båt som dreiv med dykkaroppdrag sidan den hadde ein dykkarbåt på slep. Det vart ogso berga opp ein del utstyr som tydde på dykkararbeid.

Vraket teke opp i deler

Der fartyet sokk var det så grunt at mastetoppane stakk opp av sjøen. Ei tid seinare kom det eit bergingsfarty som skulle fjerne vraket. Korleis det vart gjort, er borte frå «harddisken» min. Eg veit dei arbeidde med dykkar, for bergingsfartyet – Sterkodder, kanskje - brukte tåkeluren ofte for å varsle skipstrafikken om å seinke farten når dei passerte. Det var det nok ikkje alle som respekterte, i alle høve ikkje dei tyske krigsfartya som traffikerte nord-sør i leia. Sannsynlegvis vart vraket knust og teke opp stykkevis. Det er vel mogeleg at det enno ligg vrakdelar igjen ute på Sørbottsflua.

Smått med opplysningar om forliset

Trygve Nordanger nemner så vidt «Engøy» i boka si Lang kyst, men det er sparsomt med opplysningar om hendinga. Nettsida Warsailors har heller ikkje meir on hendinga enn at «Engøy» gjekk på ei mine i «Sunnfjordleia». Nettsida Skipet.no opplyser at mina var lagd ut av den norske MTB-619, under kommando av Lt. Ch.O. Herlofson, 23. februar 1943.

Fartøyhistorikk

DS «Engøy» hadde ei lang og omflakkande historie bak seg då slutten kom i «Sunnfjordleia», laurdag 6. mars 1943. Fartøyet vart bygd som jekt i Steinkjer år 1882. I 1909/1910 vart jekta ombygd og fekk innsett dampmaskin, og nå med namnet «Norma». «Engøy» hadde vore innom mange eigarar før Stavanger Skibsophugning kjøpte fartyet år 1937, ga båten namnet «Engøy» og etter alt å døma brukte «Engøy» som hjelpefarty i verksemda si.

Ei salsannonse i Norges Handels- og Sjøfartstidende, 10. oktober 1919 inneheld mange historiske fakta, og skriftet Skipet, 2-2014 har kronlogisk ordna historikk.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordanger, Trygve: Full storm! En saga om menn og skip. Bergen: Nordanger, 1973


Norges Handels- og Sjøfartstidende. 10.10.1919


Skipet 2-2014


PERMANENT IDENTIFIKATOR