Vandring rundt Selja
Det går sti rundt heile Selja. Den mest brukte og lettaste delen av vegen går på nordsida av øya med utsyn mot Stadfjella i nord og Stadhavet i vest. Det tek ein liten halvtime å gå i flatt og myrlendt terreng til klosterområdet på vestsida. Denne delen av stien er den eldste, og dei siste åra er vegen sett i god stand med trebruer og treplattingar lagt over dei våtaste partia. Vegen på sørsida er ikkje så mykje brukt. Terrenget her er meir krevjande, og ein må rekne ein times gange frå klosterområdet til Bø langs denne stien. Naturen er meir dramatisk på sørsida av øya, og utsynet er storfelt mot Røysetfjorden, øya Silda og sjølve havet.
Vegen på nordsida
Vegen mellom Bø og klosteret langs nordsida av øya er svært gamal. Frå Bø, der soknekyrkja stod fram til 1654, følgjer turgåaren same vegen som pilegrimar og andre vegfarande gjekk i mellomalderen. Myrane på nordsida av øya var dyrka den gongen. I seinare tid vart det skore torv her. Halvvegs mellom Bø og klosteret ligg Buskhaugen, eller Bispehaugen som han óg har vore kalla. Her finst murrestar etter ein bygning som ikkje er granska eller tidfesta. Helmavika, (eigentleg Heilag-mannavika, dvs. heilag manns-vika) ligg nær klosterområdet. Dette skal vere staden der Sunniva og følgjet hennar, etter legenda, først steig i land.
Vegen på sørsida
Tek ein vegen frå klosterområdet langs sørsida innover mot Bø, kjem ein til Dunhelleren. Helleren ligg heilt i sjøkanten og har fleire opningar. Namnet kjem truleg av buldringa, "dønet", bølgjene lagar når dei slår mot land her. På turen langs sørsida av øya kan ein få auge på dei ville geitene som held til på Selja. Det er heller ikkje uvanleg å sjå havørn i dette området. Vegen går over fleire små høgdedrag, og innimellom svingar han seg heilt ned i fjøra.
Sørvendt og i le av fjellet ligg Heimen. Her skal munkane ha dyrka humle og kanskje andre varmekjære vekstar. I Heimen og i Heimsskaret er det funne gravrøysar og restar etter eit gamalt hus, truleg eit langhus frå jernalderen. Ilshaugen (av eld) på søraust-sida av Selja, var frå gamalt ein veteplass til bruk i leidangstida. Siste gongen veten var i bruk til å varsle ufred, var i 1810, under Napoleonskrigane.
På austsida går vegen forbi garden der målaren Bernt Tunold (1877-1946) vart fødd og voks opp. Frå denne staden henta han motiv til mange av måleria sine.
Sigrid Undset fekk ikkje kjøpa tomt
I 1926 freista Sigrid Undset å få kjøpt seg ei tomt på Bø, men det lukkast ikkje. Ho var så oppteken av Selja og St. Sunniva at ho i 1926, same året som ho fekk Nobels litteraturpris, skreiv ferdig eit eige manus, Den hellige Sunniva, som ho fekk kunstnaren Gøsta af Geijerstam til å illustrere. Boka kom først ut på norsk i år 2000!