Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eika på Eikenes



På Gardneset, der Hyefjorden munnar ut i sjølve Nordfjorden, tronar Eika på Eikenes. Den gamle kjempa har nok gjeve garden Eikenes det namnet han har i dag. Alderen til treet har av fagfolk tidlegare vore tippa til å vere mellom 500 og 600 år. Nye opplysningar kan tyde på at eika er mykje eldre enn det.

Neset som stikk fram lengst framme i biletet er Langneset. Neset bak er Gardneset med eika nesten ut på pynten. I bakgrunnen Nordfjord.

Neset som stikk fram lengst framme i biletet er Langneset. Neset bak er Gardneset med eika nesten ut på pynten. I bakgrunnen Nordfjord.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2001.

Fotograf: Helge Lyslo.

Klimatiske forhold

Kjempeeika på Eikenes står i den solrike sørhellinga på Gardneset. Snøen fer tidleg om våren når sønnavinden leikar i trekronene og sola bakar inn bakken. Nordavinden tek elles godt på Hestenesøyra, men Gardneset ligg såpass i le at eika vert rimeleg godt skjerma for dei kalde vindane.

Lite eik i området

Eit stykke frå storeika finn vi eit mindre eiketre, men elles er det ikkje eik i dette området. På motsett side av Hyefjorden, både nord og sør for Skjerdal, finn vi derimot litt eik. Og reiser vi til Lotsstranda, på Nordsida av Nordfjorden, er eika ganske vanleg.

Alderen har sett sitt preg

Omkrinsen av eikestammen er om lag 6 meter, medan omkrinsen av trekrona er ca. 60 meter. Høgda på treet er derimot berre 12 - 15 meter.
Det er ikkje uvanleg at gamle eiketre rotnar innanfrå. Så er også tilfelle med Eika på Eikenes. Både i hovudstammen og i store gamle greiner er det store opningar i midten. Såleis har det vore ein sport for gutane i grenda å klatre opp i treet på utsida, ta seg inn i ein av opningane som har kome til etter at store greiner har falle av, og så klatre ned til marknivået gjennom hovudstammen.

Stor livskraft

Sjølv om rotnings-prosessane i treet går sin gang, tykkjest eika framleis å ha stor livskraft. Ingebrigt Eikenes, seniorbonden på garden der eika står, meiner at det framleis er kraftig vekst i treet. "Eg hugsar at vi tidlegare måtte hoppe opp for å nå fat i nokre mindre greiner på nordaust-sida av treet. I dag har dette vorte lange, kraftige greiner som har lagt seg nesten ned til marka."
Det er ikkje noko som tyder på at Eika på Eikenes har tenkt å gje tapt med det første.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind 4. Sandane 1972.
Informasjon frå:
Ingebrigt Eikenes, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR