Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Skipstunnel gjennom Stad



I åra 1990-2011 arbeidde mange med stort engasjemnet for å realisera ein gamal tanke om skipstunnell gjennom ”Statten”. Det kom etter kvart nærare 20 rapportar. Ein rapport frå Kystverket i januar 2011 konkluderte med å ikkje byggja tunnell.

<p>Skipstunnel gjennom Stadlandet, fr&aring; Kj&oslash;defjorden i aust til Moldefjorden i vest er prosjektert til rundt 1700 meter. Tanken om &aring; byggja ein slik tunnell g&aring;r tilbake til 1800-talet, med f&oslash;rste kjende dokumentasjon fr&aring; 1874.&nbsp;</p>

Skipstunnel gjennom Stadlandet, frå Kjødefjorden i aust til Moldefjorden i vest er prosjektert til rundt 1700 meter. Tanken om å byggja ein slik tunnell går tilbake til 1800-talet, med første kjende dokumentasjon frå 1874. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 

1887

Kva tid kom ideen om å slå hol i Stadlandet opp, og kva tid dei byrja å diskutera og sjå nærare på eit slikt prosjekt. Ein rapport L/L Stad Skipstunnel la fram i 1990 opplyste at det var tyskarane som for alvor tenkte på skipstunnel, under krigen 1940-1945. Dette korrigerte samferdselskonsulent Idar Mo i Sogn og Fjordane fylkeskommune. ”Det første framlegget om ein slik båttunnel er over hundre år gammalt!” slo han fast i ei eller anna utgreiing. Det kom i 1887!

1874

”Sanningar” er ofte kortvarige. I 2004 kunne Fylkesarkivet setja strek over 1887. ”Kanaltunnel gjennem Stat” var fyrsteside-sak i Nordre Bergenhus Amtstidende fleire år før, den 11. september 1874.

Signaturen ”N”

Stykket er signert ”N” og datert Moldøen, 26. august 1874. Innsendaren viser til samtidige drøftingar om samferdsla ved Stadlandet, - over, rundt og på begge sider. Han er forundra over at ein ikkje like godt får i gang ein diskusjon om ”muligheden af at hugge Knuden helt over” – gå tvers gjennom, byggja ein ”kanaltunnel” så stor og så djup at både ”Baade, Kystfartøier og mindre Dampskibe kunne gaa derigjennem.” Han trur det kan la seg ordna for rundt rekna 400 000 Spesidalar.

”N” sluttar innlegget sitt med å oppmoda ingeniørar og økonomar om å sjå nærare på tunnel-ideen og laga eit grunnlag for å tenkja vidare på om og når ”denne Gjennembrydning” kan koma på dagsorden –

”.. jeg tror jo før jo bedre, da man vanskelig kan paavise nogen større Lettelse saavel for Færselen mellem Distrikterne som for vore hele Kystsamfersel.”

Levis Smitt i Florø: Bygg sporvegstunnel!

”N” fekk svar på innlegget sitt kort tid etter. Overrettssakførar L. Smitt i Florø støtta N i at tanken hans om ein kanaltunnel absolutt hadde noko for seg, men meinte at tida ikkje var komen for eit slikt ”Kjæmpeforetagende”. Han óg hadde rekna på kostnaden og enda opp med millionbeløp, nesten 4 000 000 Spesidalar. ”Man faar nok vente dermed, indtil Videnskaben udfinder nye i betydelig Mon billigere Sprængingsmethoder en de, man nu kjender.” 

Men Levius Smitt hadde ein annan ide, eit anna alternativ, – eit betydeleg mindre ”Foretagende” - for å få fiskebåtar trygt og lettvint frå eine sida av Stadlandet til den andre. Han ville byggja sporvegstunnel gjennom Mannseidet, utstyrt med vogner eller triller og opptrekksgreier og heiseanordningar i begge endar. Til ein pris på berre 200 000 Spesidalar!

(Utskrift av begge artiklane om påtenkt tunnel gjennom Stad i Nordre Bergenhus Amtstidende 1874 finn du nedanfor, under Aktuelle nettstader på Internett.) referansar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR