Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Prolog til bedehuset Solvang i Olden



«No er komen vigsledagen / vi har gledt oss til. Ver velkomne alle saman!». Slik står det mot slutten i Andreas Aabrekk sin prolog, skriven til vigslinga av Olden sitt nye bedehus, Solvang, 5. august 1979. Det gamle bedehuset var rive og erstatta med heilt nytt hus. Aabrekk fortel heile historia til bedehusa i Olden – på vers, om gamle og nye Solvang. (ingress slutt)

Bedehuset Solvang i Olden. Huset ligg på tettstaden, på austsida av vegen til Oldedalen. Biletet er teke mot Oldedalen.

Bedehuset Solvang i Olden. Huset ligg på tettstaden, på austsida av vegen til Oldedalen. Biletet er teke mot Oldedalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Kort historikk

Indremisjonsfolket på i Olden skipa foreining år 1900. I 1915 bygde dei bedehus. Huset fekk namnet Solvang. I 1964 kom det på tale å modernisera huset, men planen møtte ymse vanskar. Arbeidet blei utsett år for år, og i 1977 vart det vedteke å byggja nytt bedehus. Det nye Solvang stod ferdig i 1979, og vart vigsla søndag 5. august. Formannen i byggjenemnda, Bernhard Agjeld, orienterte om byggjearbeidet, og sa til slutt: «No vonar vi at huset vil tene oppgåva si, og bli eit åndeleg kraftsenter der unge og eldre ofte vil søkje inn og kjenne seg heime.»

Prolog

Andreas Aabrekk hadde skrive prolog til vigslinga. Prologen er her attgjeven slik han stod prenta i Nordfjord Indremisjon sitt blad Ljosstrålar. Nokre forklaringar følgjer etter prologen:

1 Det var lenge skulehusa som var møterom
for dei mange samlingar og talarar som kom.
Folket samlast, Ordet lydde vekkjande og klårt,
og misjonens sak i framgang var i folket vårt.

2 Lov så kom at skulehusa skulle stengjast for
offentlege møter. Til å samlast vansken då var stor.
Og misjonens folk no såg det som eit naudarbluss,
valde nemnd og samla pengar, bygde bedehus.

3 Elling Auflem mura muren. Den har stade godt.
Elias Sæthre bygningsformann. Høgreist har det stått.
Nitten hundre og femten byggjinga fekk start.
3. juledag var dagen vigsla vart.

4 Andenes heldt vigslingstalen. Mugen glade var.
Tvende prestar Echoff, Farnes, helsing fram dei bar.
A.M. Kvamme han var den som fremst i lina stod.
Lett på foten, god forkynnar og med heilagt mod.

5 Gamle Solvang får den lagnad, verte rive ned.
Mange også borte er av dei som først var med.
Deira minne vi velsignar, der dei song og bad.
Sekstifire år har vore kjær og heilag stad.

6 Gamle Solvang først ein tenkte få betra på.
Så det nye tiders standard såleis kunne få.
Men det let seg ikkje gjera. Då var saka klår:
Nye Solvang lyt ein byggja, og til verks ein går.

7 Tomt vart kjøpt og styremakta gav sin sanksjon til.
Skarstein-Per han huset teikna i moderne stil.
Kostnader og dokumenter fekk ein også klart.
Bernhard Agjeld bygningsformann, klar han stod til start.

8 Det vart djupt i tufta grave. Arbeid kom i sving.
Bygningsformannen og Obin kunne sine ting.
Mengder jarn og høg forskaling snart ein kunne sjå.
Bod vart sendt på «gratisgjengen»: Kom til arbeids gå!

9 I frå sjølve byggjestarten, dette var ein glytt
No er nye Solvang ferdig, prydeleg og nytt.
Det har sterke konstruksjonar, trengst i stormens brus.
Må så Herrens rike signing fylle dette hus.

10 Det er ikkje bygd av seder eller Ofir gull.
Men vi har då peis og kjøken. Gleda den er full.
Og vi har to fine salar, skyvedører skil,
og kan bruka storesalen når det treng til.

11 Aksjonsnemnd for økonomien måtte slå eit slag
Inn kom hundre tusen kroner på den aksjonsdag.
Dine gåve glade gjevar vil vi takke for,
vonar vigsledagens gåver og vert retteleg stor.

12 Indremisjonslaget er det som har ansvar her.
Andre organisasjonar og velkomne er.
Evangelisk Luthersk var det merke ættene som kvarv
samlast under, og vi pliktar lyfta deira arv.

13 No er komen vigsledagen, vi har gledt oss til.
Ver velkomne alle saman! No vi ynskje vil.
Vi vil samlast for å høyre bodskapen frå Gud.
Frelst av nåde får vi vera, Kristi dyre brud.

14 Og for Herren vil vi kveda sterke sigerskvad.
Du som fred med Gud har funne; takka og ver glad!
Må han oss i striden finna fylte av hans eld.
I hans gjerning trugne standa til vår siste kveld.

Merknader

7 Skarsteins-Per: arkitekt Per Wilhelm Skarstein
8 Obin: Obin Aabrekk
9 seder eller Ofir gull: viser til byggjevyrke i Salomos tempel, sedertre og gull frå Ofir.
12 Evangelisk Luthersk: den evangelisk lutherske truvedkjenninga

kjelder:

Wergeland, Norvald: Nordfjord Indremisjon 100 år. Bakgrunn. Framvokster. 1879-1979. 1979.
Bladet Ljosstrålar. Nordfjord Indremisjon. April 1975 og august 1979.