Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskarstovene på Liset



Tek ein turen til vestsida av garden Liset i Bremanger vil ein finne ein fredeleg stad. Berre gamle grunnmurar står att og vitnar om tidlegare hektisk aktivitet, då opp til fleire hundretals menn "låg i Geitholmen". Den sesongvise bruken av staden har eldgamle røter, med eit siste høgdepunkt under vårsildfisket på midten av 1800-talet.

Oversikt over området ved Geitholmen sett frå Hovdenakken, slik det såg ut kring 1930. Sjølve Geitholmen ligg heilt til venstre på biletet. Her ser vi Utvikstova og tuftene etter Ulvestadstova. På Meholmen, midt på biletet, finn ein tuftene etter Heggdalsstova. Tistambua er bygningen vi ser åleine på den vesle holmen, ho vart riven i 1937. Heilt til høgre stod Randastova.

Oversikt over området ved Geitholmen sett frå Hovdenakken, slik det såg ut kring 1930. Sjølve Geitholmen ligg heilt til venstre på biletet. Her ser vi Utvikstova og tuftene etter Ulvestadstova. På Meholmen, midt på biletet, finn ein tuftene etter Heggdalsstova. Tistambua er bygningen vi ser åleine på den vesle holmen, ho vart riven i 1937. Heilt til høgre stod Randastova.

Eigar: I Gamalt frå Bremanger.

Datering: Ca. 1930.

Fotograf: Ukjend.

Sildefisket lokka folk ut på langferd

Silda har vore ein etterspurd, men lite trugen ven for kystfolket i Noreg. Periodevis har innsiget likevel vore årvisst og ført til gode inntekter for mange lokalsamfunn. I 1808 kom silda tilbake for fullt etter fleire års dårleg fiske. Ho kom først til Hordaland, men flytta seg raskt nordover til Kinn og Bremanger. Dermed starta eit sildeeventyr som skulle vare heilt fram til vel 1870.

Frå heile Vestlandet

Sildefisket var til glede for langt fleire enn dei som budde i nærleiken av dei beste fiskeområda. Folk kom roande og siglande, og etter kvart på slep etter dampbåtar, frå store delar kyst-Noreg. Kyststroka frå Rogaland og nordover til Møre var alle godt representert, men også frå inst i fjordane og til og med frå innlandsbygder som Voss, vart folk lokka til sjøs av utsikter til forteneste og eventyr.

Kring 30 fiskarstover

Under det gode sildefisket kring Kinn og Bremanger tok mange tilreisande inn hjå folk i Kalvåg eller etter kvart på losjibåtar som låg ankra i hamna der og andre stader på Frøya. Andre hadde derimot alt lenge før sildeeventyret tok til, fått seg tak over hovudet. Ein del nordfjordingar hadde nemleg alt tidleg fått bygd fiskarstover sørvest for Kalvåg, inn under Storehovden og på Geitholmen. Totalt skal det ha vore kring 30 fiskarstover her på midten av 1860-talet. Av desse kjenner ein namnet på sju som vart bygde av folk frå Innvik-bygdene. Det er usikkert kva tid nordfjordingane fatta interesse for området, men fleire av dei vart bygsla på siste halvdel av 1700-talet. Desse stovene var likevel ikkje dei første. Gamle hustufter og andre spor tyder på at det også har vore verksemd her lenge før den tid, kanskje heilt tilbake til 500-talet. Kva folk det då var tale om, veit ein derimot ikkje.

Bilete av naustrekkja i Randabygda.

Livet på Geitholmen

Geitholmen var eit godt val både for nordfjordingar og andre som brukte staden. Frå Storhovden, eller Torshovden, hadde dei eit godt utsyn over fiskefelta og kunne sjå om kval eller fugl bar bod om sildeinnsig. Sjølve fisket gjekk føre seg i området frå sør om Liset til nord om Havrøy. Av og til var dei så pass heldige at silda gjekk heilt innmed land i Geitholmen eller ved Steinsetvågen. Sjølv om silda utgjorde hovudfangsten, hadde områda kring Frøya også andre ting å by på. Torsk og sei følgjer silda og også denne vart salta og seld vidare, men ein del vart sjølvsagt teken med heim som kjærkome næringstilskot for familien.
Det var ikkje noko latmannsliv dei freista karane som rodde fiske frå Geitholmen. Etter at dei hadde gjort unna ein lang dag på feltet, stod det att ei solid kveldsøkt. Fisken måtte sløyast og saltast, og garn og utstyr klargjerast til neste dag. Dette var eit viktig arbeid, for det kunne verte bale om ein vart hefta av garnviklingar under settinga.

Teikning av fiskarstove i Geitholmen.

Teikning av grunnplanen til fiskarstove i Geitholmen.

Fiskarstovene

Sjølve butilhøva var nok etter dagens målestokk heller primitive. Ei av fiskarstovene er teikna av etter minnet og fortel om eit hus som var 7,5 m langt og 5 m breitt, og med vegger av solide tømmerstokkar. Då vedomnen vart teken i bruk, bygde ein gjerne loft/hems over stova, noko som vanskeleg lèt seg gjere i ei røykstove. Vidare hadde dei soverom og bislag. Soverommet var på snautt 10 m², utan vindauge og med ei felles seng. Dei hadde det altså ikkje særleg romsleg, men fann likevel ofte ledig plass å leige bort til andre fiskarar. Det var gjerne hemsen over stova som då vart leigd bort.

Trongt, men sosialt

Med tolv mann og kanskje leigebuarar vart det trongt om plassen. Stova skulle fungere som opphaldsrom, kjøkken og klestørke. Ein kan difor førestille seg at lufta kunne verte heller tjukk og fuktig til tider. Særleg når dagevis med regn og påfølgjande forsøk på å tørke kleda. Var vêret for ille, vart det landligge. Den ledige tida vart gjerne nytta til førefallande arbeid med båt og utstyr. Eller så nytta dei høvet til å hente fram øl og dram for å besøke andre "fjæremenn". Underhaldninga stod dei for sjølve, og mang ei god historie vart nok servert i ulike versjonar kringom i stovene, til liks med trallar på munnharpe. Krangling og eit og anna slagsmål vanka nok også, men det skal ikkje ha vore noko stort problem.

Felleseige

Fiskarstovene var som oftast felleseige av folk frå same garden eller same grenda og alle hadde namn frå Innvik eller Utvik så som Utvikstova, Heggedalstova, Ulvedalstova, Bergsetstova, Tistamstova og Sølvbergstova. Den einaste vasskjelda på staden låg oppanfor Randastova og vart difor kalla Randabekken.

Bilete av Utvikstova.

Portrettbilete av Ola Moldrheim.

Ein lang epoke tek slutt

Etter at silda praktisk talt vart borte frå Bremanger i åra mellom 1868 og 1875, forsvann også mesteparten av dei tilreisande under fisket. Også fiskestovene på Liset var etter kvart ståande tomme. Eit til sine tider rikt torskefiske førte likevel til at nokre av dei var i bruk også lenge etter silda tok slutt. Midt på 1920-talet reiste dei siste nordfjordingane heim frå "brømongsfiskje". På den tida hadde alt fleire bygningar vorte rivne eller hadde falle i hop. Materialen vart brukt til andre bygningar, mens ein del av grunnmurane vart brukte i utbetringa av kaia i Kalvåg.

Sildeopptak kring 1930.

Nordfjordingane vender tilbake

Etter at den siste fiskarstova vart riven kort tid etter krigen, er det no ingen av dei opphavlege fiskarstovene som står att. I 1998 vart derimot ei ny stove innvigd med namnet Utviksstova. Ho vart bygd etter initiativ frå folk i Utvik som gjerne ville live opp att dei gamle banda til Geitholmen. For å få finansiert bygginga vart andelslaget Geitholmslaget stifta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergset, Ola: Fjordbuen på fiske i Geitholmen. I: Gamalt frå Bremanger. Bremanger Sogelag 1982.
Nesbø, Sverre: Bygseltufter under Liset. I: Gamalt frå Bremanger. Bremanger Sogelag 1982.
Solhaug, Trygve: De norske fiskeriers historie 1815 - 1880. Bergen, Oslo, Tromsø 1976.
Sandal, Rasmus: Siste gongen Randabygdarane var på fisketur i Geitholmen. Artikkel i Jul i Nordfjord, 1977.
Aaland, P. R.: Randakarane på fiske i Geitholmen. Artikkel i Årbok for Nordfjord, 1973.

PERMANENT IDENTIFIKATOR