Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 15. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Glimt frå Amerika



I 1905 vart Norge eit fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Den 13. august var det folkerøysting om oppløysing av unionen med Sverige. Berre nokre få røysta mot oppløysing. Den 12. og 13. november var det røysting for eller mot kongedøme. Vel 79 % røysta for kongedøme. Denne artikkelen gjev nokre glimt frå stemninga hjå norsk-amerikanarar i 1905.

Oppslag i Decorah-Posten 28. november 1905. Den nye norske kongen fekk stor merksemd.

Oppslag i Decorah-Posten 28. november 1905. Den nye norske kongen fekk stor merksemd.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1905.

Norge i Amerika

Sidan 1825 hadde nordmenn utvandra til Amerika, men det var fyrst frå 1840-åra at utvandringa fekk eit noko større omfang. Etter 1865 auka utvandringa sterkt og heldt seg jamt høg mest fram til 1. verdskrigen. Nær 850 000 utvandra i tida 1825 - 1924, kring 60 000 kom attende. Frå Sogn og Fjordane reknar ein at kring 43 000 utvandra i same tidsrommet, dei fleste frå Sogn.

På byrjinga av 1900-talet var det meir enn 1 million menneske i USA med norsk som morsmål. Utvandringa var framleis stor, og berre i 1903 drog kring 26 800 frå landet. Kontakten med Norge var difor nær og levande, og svært mange følgde godt med i det som skjedde i heimlandet. Dei store norske avisene i USA, som Decorahposten og Skandinaven, var fulle av stoff om hendingane i Norge.

Utvandringa tidleg 1900-talet

Utvandringa til Amerika heldt fram i det nye århundret og nådde eit høgdepunkt i 1903. Året 1905 synte oppgang for utvandringa fyrste kvartalet samanlikna med året før:
"I de 3 første Maaneder af Aaret er der over de 6 vigtige Havne i Norge udvandret 5996 norske mod 3774 i samme Tidsrum i fjor. Der er saaledes en Stigning mod 1904 af 2200. Bare over Kristiania er der udvandret 2720 norske mod 1442 i fjor." (Sogningen, 02.06.1905).

Ser me på åra 1904, 1905 og 1906 for Sogn og Fjordane var utvandringa om lag på same nivået desse åra. Nokre færre i 1905 enn i 1904, medan det aukar noko i 1906. Tala er noko usikre, då dei har med personar som var heime på vitjing og som reiste attende til USA. Me kan i alle høve seia at dei politiske hendingane i 1905 ikkje stagga utvandringa til Amerika. Fleire dreg frå fylket i åra 1905 - 1909 enn i åra 1900 - 1904. Det var dei unge som i hovudsak drog, dei mellom 17 og 25 år. Desse hadde heller ikkje røysterett i 1905. Det vart og hevda at den store utvandringa i fyrstninga av 1905 skuldast at mange "ser til at komme ud af Landet for at slippe Militærtjenesten." (Sogningen, 24.05.1905).

Sogns Tidende har i 1905 denne meldinga: "Utvandringi til Amerika vert ogso iaar svært stor i ymse bygder i Sogn. Fraa Sogndal skal reisa kring 30 ungdomar, og fraa den vesle fjellbygd Jostedal skal det vera endaa fleire som skal dra av garde. Etter som eit Bergensblad veit aa melda, so skal det der vera ein amerikanar, som set reisefeberen i ungdomen". (Sogns Tidende 21.02.1905).

Mange reagerte på den sterke utvandringa og ville at styresmaktene skulle gripa inn:

"Tusinder av norske Mænd og Kvinder forlader nu hver Uge vort Land for at drage til Amerika. Der maa nu, snarest ske kan, fra det Offentliges Side gjøres noget for at standse denne Strøm, der tærer vor Kraft og undergraver vor Fremtid." (Sogningen 05.04.1905).

Engasjerte norsk-amerikanarar

Avisene i Sogn og Fjordane har mange brev og innlegg som syner engasjementet dei utvandra hadde kring hendingane i 1905. Me skal ta med nokre av desse innlegga for å få fram noko av stemninga.

Amerikabrev frå Frost, Minnesota, datert juni 19, 1905:

-- "Atter nogle ord fra Frost, hvor hele befolkningen er fyldt med gode ønsker for fædrelandet. Stor begeistring og fædrelandskjærlighed hersker hos alle. Enhver taler om Norges store foretagender og ønsker dem til lykke, og naar flere mødes er spørgsmaalet: "Hvordan tror de det gaar med Norge".
Igaaraftes den 17de var her et stort møde angaaende Norges selvstændigheds-spørgsmaal. Gribende taler blev holdt af dr. Nannestad, pastor Sondreson med flere, og den store forsamling lyttede med stor begeistring og haandklap. A. A. Hanson (fra Nedreberg) og flere fik dette møde samlet og gamle og unge mødte op i store masser. To musikkorps spillede hele aftenen under mødet.
Efter talerne var underskrivelse af en liste, som bliver sendt til præsident Roosevelt med ønske om hans sanktion for Norges selvstændighed.
Mødet sluttede med et tredobbelt hurra for Norges selvstændighed. Lignende møder holdes over hele staten og alle tænker visst stort om sit moderland. Jeg sender disse ord for at de kan se, at store ting er ogsaa gjort her i dette land og i dette norske settlement.
Vil ønske alle kjendte og det hele land god lykke i dets foretagende.
Venlig hilsen, Over Ytreeide. (Fjordenes Blad, 12.07.1905).

-- "Fra Amerika melder en i disse Dage hjemvendt ældre Mand fra Jølster, der for 34 Aar siden reiste over havet paa en seilskude, at Unionsopløsningen er det almindelige Samtalemne blandt Skandinaverne derborte. Der holdes neppe et Møde, hvor ikke forholdene paa den skandinaviske Halvø er mer eller mindre omtalt.
Alle Norsk-Amerikanere ønsker selvfølgelig at Krisen maa faa et for Noreg ærefuldt Udfald. Ogsaa blant Svensker er Stemmningen paa sine Steder til Gunst for Norge. I Tilfælde Krig er det sandsynlig at mange norske vil reise tilbage til Hjemlandet og hjælpe, ja endog gamle Gubber havde udtalt, at da var de ikkje i stand til at holde sig borte. Tiderne derborte er nu taalelig bra. Det har i det sidste vært svært varmt." (Søndfjords Avis, 03.08.1905).

"Noreg spelar storkar"

-- "Me her i Amerika hev ogso lese ein del om den politiske situasjonen der heime. Eg trudde ikkje det, at eit folk som kunde sjaa tilbake paa ein dag som den 7de juni, kunde gjera slike ting, som det vart i Karlstad, og seinare velja seg ein konge. Det maa vera svært so herlegt aa hava ein konge med ei løn på 700 000 kr. - eller 4 gonger so stor løn som president Roosevelt hev. Er det ikkje svært so gildt, at Noreg med sine 2 mill. innb. er i stand til aa hava ein konge med ei løn til aa "byrja" med, som er fire gonger so stor som den U.S. med sine 80 mill. innb. betalar til presidenten sin. Onkel Sam lær i skjegget. Han tykkjer visst det er løgje aa sjaa det fatige Noreg spelar storkar". (Signatur L. F. Innlegg i Fjordenes Blad, 22.12.1905, Tittel "Amerikabrev". Frå Lakefield, 27.11.05).

-- "Jeg maa storligen og af mit ganske hjerte gratulere Norges Folk med det storslagne Skridt de har taget, ved at udvikle sin Frihed og Selvstændighed uden nogen Revolution og Blodsudgytelse, - det er storartet. Og Norge har derigjennom skabt for sig en stor Respekt af andre Nationen og især af dette Land". (USA). (Sogningen 22.09.1905).

Pengar til krigsskip?

Mange stader vart det sett i gang aksjonar for å gje hjelp til Norge på ymse vis. Det vart samla inn pengar og laga underskriftsaksjonar. I staten Washington ville dei gjerne samla inn pengar til nokre krigsskip!

-- "For det gamle Fædreland Norske Amerikanere i Staten Washington, Nordamerika, har holdt et Massemøde i byen Bellingham i Anledning af Unionsstriden og der vedtaget en Resolution, hvori de udtaler sig mod en Krig mellom Norge og Sverige. Da de imidlertid ikke ansaa en Krig for umulig, har de besluttet å sætte i gang en Indsamling over hele Amerika for at kunne Skaffe Norge 2 nye, moderne Krigsskibe". (Sogningen 18.08.1905).

Andre satsa på å samla inn pengar, slik det kjem fram i eit amerikabrev frå Endre Romøren, Stoughton, Wisconsin.

-- "Her har i sommer været stor spenning hvorledes det vil gaa med Gamlelandet, som man siger her, og mange gange har jeg hørt norskere har sagt: "Vi skal hjælpe Norge med penge, bliver det krig. Giver vi ikke mindre enn 5 daler hver, saa skal det nok blive penge". Ja de kan ikke tro det i Norge, hvor godt Amerika i sommer har fulgt med i Norges sag, og en varm bøn lød fra prædikestolen for Norge hver eneste søndag." (Sogns Tidende, 24.10.1905).

-- "Vore Landsmænd i Amerika. Chicagobladet "Skandinaven" oplyser, at det i disse Dage fra Nordmænd derover har modtaget en hel Række Breve om Begivenhederne i Norge, og alle aander de dyb og sterk Kjærlighed til Moderlandet". Enkelte Brevskrivere tager endog Ordet for, at Nordmændene i Amerika strax bør begynde at forberede sig til at yde Hjælp, om det skulde trænges". (Sogningen 10.05.1905).

Underskriftsaksjonar

I Chicago var 5000 nordmenn samla og sende denne helsinga til statsminister Michelsen (utdrag):

-- "..udtaler vi 5000 norske amerikanere forsamlet i Auditorium i Chicago den 17. juni 1905 under det norske nationale forbunds auspicier herved vor fulde tilslutning til de skridt, som blev taget af det norske storting den 7. juni 1905 samt vor glæde og stolthed over den maade, hvorpaa forandringen blev gjennomført." (Sogns Tidende, 27.06.1905).

Ulike mindre foreiningar i USA sende og støtteerklæringar, som laget 'Ullabrand' i Chicago, og 'Sønner af Norge' i Fargo, Nord Dakota.

Ein landsomfattande underskriftsaksjon sende eit skriv til president Roosevelt og ba han slutta opp om dei norske standpunkta. Berre i Chicago vona dei å få 20 000 underskrifter. Både svenskar og amerikanarar vart oppmoda til å skriva under. Skrivet til presidenten lyder slik:

-- "Vi, borgere af De forenede stater, af norsk fødsel eller blod, som hjertelig slutter os til det norske stortings optræden, saaledes som den framgaar af dets enstemmig vedtagne beslutning av 7. juni 1905, saalydende (her umsett), haaber inderligt og beder ærbødigt, at De ved første leilighed vil meddele Deres anerkjennelse af den nye regjering i Norge, som saaledes er skabt af det norske folks suveræne vilje, udtrykt ved den enstemmige beslutning af dets repræsentanter i det nu forsamlede storting." (Sogns Tidende, 07.07.1905).

Stortingsdokument nr. 81. 1904/1905 inneheld eit oversyn over 'Udtalelser, indløbne direkte til stortinget og regjeringen'. Mange av desse fråsegnene er komne frå Amerika: 4 frå Wisconsin, 10 frå Sør- og Nord Dakota, 4 frå Iowa, 6 frå New York, 1 frå Washington DC, 2 frå Washington (staten), 14 frå Minnesota, 5 frå Illinois (Chicago), 1 frå Massachusetts (Boston), 1 frå Kansas, 1 frå Oregon. I alt 49 fråsegner.

17. mai 1905 i Amerika - med helsing frå president Roosevelt

Det vart i 1905 halde ein stor 17. mai fest i Minneapolis, ein by med sterkt skandinavisk innslag. Initiativet til festen kom truleg frå guvernøren i Minnesota, som var svensk. 3000 deltakarar var samla i den største svenske kyrkja i byen, med om lag like mange nordmenn som svenskar. Det var guvernøren som heldt festtalen.

President Theodore Roosevelt var invitert til festen, men måtte melda avbod. I staden sende han ein bodskap som vart opplesen. Her heiter det mellom anna, i følgje referat i Fjordenes Blad:

-- "Deri udtaler han de sterkeste lovord over de i Amerika bosatte Nordmænd og Svensker og deres hæderlighed og foretagsomhed, deres klare begreber om borgerpligtens krav, deres uafhængighedsfølelse og deres varme fædrelandskjærlighed, som giver dem en fremskudt plads, saa enhver villig indrømmer, at Amerika maa prise sig lykkelig over at kunne regne dem blandt sine sønner. Han udtalte ogsaa sine bedste ønsker for deres landsmænd hinsides havet og mente, at det eneste, de behøvede, for altid at leve sammen i broderlig kjærlighed og gjensidig fordragelighed er, at de lærer hinanden nærmere at kjende, saaledes som Svensker og Nordmænd har gjort det i Amerika." (Fjordenes Blad, 17.05.1905).

Senator Knute Nelson for unionen

Den kanskje mest kjende nordmann i USA, senator og vossing Knute Nelson, synest ikkje å ha støtta ei oppløysing av unionen. I eit brev attgjeve i Sogningen 17.05.1905 heiter det mellom anna:

-- "Som svar paa Deres Spørgsmaal kan jeg ikke annerledes udtrykke min Mening om Sagen end at ønske og haabe, at Unionen maa bevares med lige Ret og lige Ansvar for begge Lande." (United States Senate, Alexandria, Minnesota, 18.04.1905).

USA var likevel mellom dei fyrste som telegrafisk anerkjende Norge som eigen stat, ein av fyrste dagane i november 1905

Norske guvernørar i 1905

James O. Davidson, husmannsguten frå Ve i Øvre Årdal, vart i 1905 guvernør i staten Wisconsin. Jens Olsson Ve, som han heitte i Norge, kom til USA som attenåring i 1872. Han tok utdanning som skreddar og bygde opp ei eiga verksemd i Soldiers Grove, Wisconsin. Han kom aktivt med i politikken, og vart alså til slutt guvernør. Dette embetet hadde han i to periodar. Ein annan vestlending, O. Hereid frå Hardanger, var samstundes guvernør i Sør Dakota.

 

kjelder:

Sogningen


Sogns Tidende


Fjordenes Blad


Søndfjords Avis


Emigrasjonsdatabasane til fylkesarkivet.


Emigrasjonslitteratur, fylkesarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR