Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Mardalsvårstøylen



Mardalsvårstøylen ligg ca. 445 m o.h og dermed 200 m lågare enn sommarstølen (Mardalsstøylen, sjå eigen artikkel). Vårstøylen vart brukt nokre veker vår og haust, av gardane Mardal (gnr 3) og Elvebakk (gnr 4). Dei fleste husa er enno oppeståande og rimeleg vedlikehaldne.

Det er mange fine sel på Mardalvårstølen.

Det er mange fine sel på Mardalvårstølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Mardalvårstøylen i Jardalen ligg om lag 1 times gange frå heimegardane.

Bruk av stølen

Denne stølen er truleg ca. 150 år gamal. Vi sakser frå "Stadnamn i Mardal krins" (III):

"På Mardalsstøylen var dei eldre sela utan vindauga. Dei hadde berre ljore. Elles har dei fleste glas i gavlveggen. Det gamle Rass-selet på Vetlestøylen har berre ljore, og må minst vere so gammalt som Vetlestøylen. Kanskje er det flytt frå støylen på Gamletuftene. Der stod det hus om lag 1840, so flyttinga har kan hende gått føre seg kring 1850. På Gamletuftene stod altso den gamle støylen før husa vart flytt inn der Vetlestøylen står no. Husmurar syner enno, og kviegarden til Tue og Elvebakk er godt synleg."

Gamletuftene skal ligge noko nedanfor Vetlestøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 25, 36. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR