Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. september 2013

Sist oppdatert 12. juni 2019

Kategori

Rå-data

SS «St. Sunniva» - verdas første spesialbygde cruiseskip i Gudvangen



Sommaren 1892 ankra SS «St. Sunniva» opp i Gudvangen. Skipet var det første i verda bygd som cruise-skip. På stader båten ikkje kunne leggja til kai, blei passasjerane frakta til og frå med eigen dampdriven småbåt. Og det var det vesle skotske rederiet med det lange namnet The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company som stod bak. I åra 1887-1908 var «St. Sunniva» fast sommargjest på Vestlandet. I 1892 stod det ei reiseskildring frå ein av turane, i ei australsk avis.

Turistskip i Gudvangen kring århundreskiftet 1800/1900.(Sjå elles første avsnitt i artikkelen)

Turistskip i Gudvangen kring århundreskiftet 1800/1900.(Sjå elles første avsnitt i artikkelen)

Eigar: Mike Bent/I boka Coastal Express (…)

Datering: Kring 1900

Fotograf: Ukjend

Reisemål Gudvangen

«St. Sunniva» er med på eit bilete i Mike Bent si bok Coastal Express The ferry to the top of the world. Motivet er frå Gudvangen. Truleg er det attgjeving av eit postkort. På land står fullt med folk og eit tjue tals karjolar. Ute på fjorden ligg tre passasjerskip for anker. To er Bergenske Dampskibsselskab sine, det eine «Vega» (nærast), det andre enten «Mira» eller «Neptun». Det tredje skipet er «St. Sunniva». Lettbåtar fraktar folk til og frå. Inne ved kaia skimtar vi skorsteinen av den dampdrivne landgangsbåten til «St. Sunniva». Biletet viser Gudvangen rundt århundreskiftet 1800/1900, ein travel dag med besøk av ikkje mindre enn tre turistskip.

“med eget Dampskib»

Den 22. juni 1886 hadde Fjordenes Blad, Nordfjordeid, ei notis om sterkt aukande turistferdsle på Voss. Avisa hadde Søndre Bergenhus Amtstidende (Voss) som kjelde. - Turistar kjem i heile karavanar frå Eide (Granvin) og Gudvangen, og jernbanen (Vossebanen opna 1883) «bringer os Engelskmænd i Hundrevis ad Gangen».

«Turiststrømmen over Voss voxer stadig (…), hele Karavaner af Reisende ankommer snart frå Eide [Granvin], snart over Gudvangen, foruden at jernbanen bringer os Engelskmænd i hundrevis ad Gangen. Med Aftentoget igaar ankom saaledes 125 Personer i et Følge, der imorges fortsatte Turen til Gudvangen hvorfra de med eget Dampskib ut Sognefjorden gik nordover.»

Notisen har ikkje med namnet på det ventande dampskipet. Det har derimot ei reiseskildring i den australske avisa Launcestone Examiner, 6. august 1892.

Reiste med "St. Sunniva"

Ein ikkje namngjeven turist frå Tasmania fortel om ei reise med «the steam yacht St. Sunniva», eit vakkert fartøy på om lag 1000 tonn, med god kaptein, godt mannskap og hyggjelege medpassasjerar. Eit reisefølgje reiste med tog frå Bergen til Voss der dei overnatta på «a nice hotel.» Neste dag reiste turistane til Gudvangen.

«Next day a journey of 30 miles to Gundvangen was made in a carrioles. Here the yacht awaited under the second largest waterfall in the world. 1500 ft; most glorious. Words can give no idea of the grandeur of the Naerodale Pass, the finest in Europe, seven miles long, between majestetic mountains, nearly perpendicular, between two of which Tears Falls descend. One is drenched with spray. After many turnings and windings at last you stand below that splendid fall, looking up from the depth to those giants mountains, through green hazel and rowan bushes, and a feeling of deep peace and thankfulness steals over the spirit.”

Eit lite reiarlag satsa stort på cruisefart

The North Company (kortversjon av The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company) trafikkerte Nord Skottland-Orknøyane-Shetland. I 1883 auka rederiet flåten sin med nybygde «St. Rognvald», eit skip på vel 1000 tonn, og med dette skipet innleia The North Company cruisefart Skottland-Noreg. Første cruise til Bergen og Vestlandet med avgang frå byane Leith og Aberdeen, 24 juli 1886, vart ein dundrande suksess. Oppskrifta var fastsett rute, kort varighet og etter måten rimeleg billett. Reiarlaget følgde opp med to turar til, same sommaren. Men ikkje berre det, vesle North Company kontraherte eitt spesialbygd skip for cruisefart for levering til sesongen 1887. Somme stader står det at dette var verdas første skip bygd for cruisefart, andre stader at det var eit av verdas første.

“St. Sunniva”

Skipet fekk namnet “St. Sunniva”. Nettstaden Ships nostalgia har desse sespifikasjonane:

Type: Cruise Ship
North Company service: 1887-1930
Builders: Hall Russell & Co Ltd
Yard: Aberdeen
First voyage: 26 May 1887
Gross tonnage: 960 tons
Net tonnage: 437 tons
Length: 236 feet
Breadth: 30 feet
Depth: 22 feet
Hull: Iron
Engines: Triple expansion steam reciprocating
Power: 141 kW at 96 rpm
Propulsion: single screw
Speed: 15.5 knots
Maximum passenger accommodation: 142

Avvikla i 1908

Boka Passage to the Northern Isles (..) (2010) handlar om rutetrafikken mellom Nord-Skottland og øygruppene Orknøyane og Shetland. Her står det om cruisefarten The North Company tok til med i 1886, først med ruteskipet «St. Rognvald», og frå 1887 med spesialbygde «St. Sunniva». Utanom cruise Bergen – Trondheim, hadde reiarlaget også turar til Nordkapp. Raskt aukande konkurranse frå større reiarlag, både norske, britiske og tyske, gjorde at The North Company avvikla cruisefarten på Norge i 1908.

Lite i norske trykte kjelder

Eit kort og avgrensa leiteprosjekt etter North Company og «St. Sunniva» i cruisefart på Norge gav magert resultat. Ikkje eit ord i bygdebøker for Aurland, heller ikkje i jubileumsbøker for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Det Bergenske Dampskibsselskab. Dei einaste funna var eit bilethefte utgjeve på Beyer, Bergen, i 1905 og eit par setningar i jubileumsheftet «1884-1984 Alexandra. Eit familiehotell – alltid i takt med tida» (1984):

«S/S «St. Rognvald» som tilhøyrde reiarlaget Nord-Skottland, Orkenøyane og Shetland Steam Navigation Company, gjorde første turane til fjordane på Vestlandet i 1886. Dette selskapet hadde hovudkontoret i Aberdeen.» (…) «S/S «St. Rognvald» gjekk til Hardanger, Sogn og Romsdal første gongen i 1886.»

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:


Passage to the Northern Isles: Ferry Services to Orkney and Shetland 1790-2010. Miles Cowsill and Colin Smith. 2010.


Harvey, Charles, W.: 1884-1984. Alexandra. Eit familiehotell - alltid i takt med tida. 1984.


Louncestone Examiner 06.08.1892, Tasmania


Fjordenes Blad 22.06.1886

PERMANENT IDENTIFIKATOR