Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Rognaldsvåg bedehus



Rognaldsvåg ligg vest på øya Reksta i Flora kommune. Bedehuset på staden stod ferdig i 1913. I 2003 var det 90-årsmarkering. "Folket i Rognaldsvåg er glade i bedehuset sitt. Her har vore samlingsstad gjennom fleire generasjonar - både i sorg og glede", skreiv Malvin Toft i eit avisstykke etterpå.

Rognaldsvåg bedehus vart bygt og vigsla i 1913. Påbygget kom i 1960.

Rognaldsvåg bedehus vart bygt og vigsla i 1913. Påbygget kom i 1960.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Bjarnhild Samland

90 år i 2003

Jubileet vart feira søndag 16. november 2003. Malvin Toft skreiv fylgjande:

"Jubileumsdagen starta med gudsteneste klokka fire om ettermiddagen og det var kapellan Knut-Magne Nesse som gjorde presteteneste. Til salmesongen hadde han god hjelp av Imke Scüren på orgel og Otto Søvig på trompet. Pensjonert, men framleis svært effektive Kåre Vølstad frå Normisjon i Førde, var også med. Det var han som preika, og etterpå tok han ein song til eige gitar-akkopagnement. Vølstad hadde ogå ordet litt seinare, han fortalde litt misjonshistorie og også om vår tids misjonsoppgåver."

Kaffi og kaker

"Vi nordmenn kan vel ikkje feire noko som helst utan kaffi, og sjølvagt måtte kaffien på bordet også når Rognaldsvåg bedehus hadde stor dag. Kake med nitti lys på var ikkje å sjå, men elles så var det eit ganske imponerande kakebord bedehusstyret sette fram." (Så langt Malvin Toft)

Saman med trekkspelaren Alfred Kvellestad hadde songkoret Reroska-koret fleire nummer. Ein av songane var den lokalskrivne Stjerna over Reksta.

Historiske opplysningar

Ninni Pedersen fortalde om når bedehuset vart bygt og litt om bruken av bedehuset opp gjennom åra. Huset vart oppsett sommaren 1913 og vigsla om hausten, den 13. november, same året.

Utanom oppbyggjelege møte har huset vore nytta til mangt anna. I dei store sesongfiskeria og i mellomkrigstida vart huset brukt til kafé, og lese- og skrivestad for tilreisande. Ei tid vart galleriet brukt som skulestove.

Det har vore halde årviss juletrefest, andre juledag, "så lenge som nokon kan hugse," fortalde Ninni Pedersen. Ho uttrykte von om at denne tradisjonen ville halda fram. Frå kring 1995 vart huset brukt til kyrkjelege handlingar som gudstenester, barnedåp og gravferder.

Utviding

I 1960 fekk bedehuset påbygg med plass til garderobe og eit par små toalett.

kjelder:

Firdaposten. 18.11.2003

PERMANENT IDENTIFIKATOR