Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Med sulespringar på dansefoten



Ein variant av springdansen er sulespringaren. Denne dansen, og feleslåttar oppteikna etter spelemenn i ytre Solund, gjer stor lukke anten sulingen Vidar Underseth slår til på landskappleikar eller på tilskipingar i utlandet.

Leikny Aasen og Vidar Underseth spelar Brureslått etter Edvard Staumen, Solund, i Den norske sjømannskyrkja i New York. Det var i august 2000 i samband med gudsteneste.

Leikny Aasen og Vidar Underseth spelar Brureslått etter Edvard Staumen, Solund, i Den norske sjømannskyrkja i New York. Det var i august 2000 i samband med gudsteneste.

Eigar: Vidar Underseth.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Springaren stod seg i tevlinga

Like attende på 1700-talet var dansen framom andre i kyststroka springar, som springdansen vart kalla i Solund. Halling vart òg brukt. Utanom desse kom nokre gamle bryllaupsdansar, som t.d. langedansen eller endeløysa, der spelemannen sprang føre med dansarane i ei lang rekkje etter seg. Runddansar som reinlendar, springpolka og vals kom utpå 1800-talet og vart fort populære. Desse slåttetypane høvde også godt for trekkspel, som kom i bruk kring 1900. Springaren stod seg best av dei gamle dansane og var vanleg i bryllaup og samkomer med dans, mykje av di han har tilknyting til fela, som hadde sterk tradisjon i bryllaup.

Gode speletradisjonar i ytre Solund

Særleg i vestre Solund var det fleire habile felespelarar. Den mest kjende var Peder i Straumen (1854-1944). Han er beste kjelda for slåttesamlaren og spelemannen Arne Bjørndal. Bjørndal hadde kone frå Straumen og skreiv ned mange slåttar etter Peder, også ein langedans. Bjørndalsarkivet i Bergen har dessutan opptak og nedskrivne slåttar etter Herman Straumen, sonen til Peder. Bånsullar og slåttestev er òg med.
Spelemenn i Solund var på Lærdalsmarknaden, der storspelarar også kom, og der det var vanleg å byte slåttar. Bergen var ein viktig møte- og handelsplass. Fleire spelemenn i Solund nytta hardingfeler laga av felemakar Anders Heldal (1811-1897) i Bergen.

Sulespringaren lokal variant

Springaren har dialekt-preg som språket. Det finst filmopptak på kring 13 variantar frå ytst til inst langs Sognefjorden. Skilnaden kan vere tak og vendingar.
I 1975-1976 vart det gjort filmopptak med eldre sulingar som hadde dansa springar og kjende dansen godt. Ei gruppe yngre dansarar, med Vidar Underseth i spissen, var i Trondheim 1987 (Rådet for folkemusikk og folkedans) der dei skreiv ned og lærte sulespringaren, og brukte dansen vidare. Underseth hadde dessutan eit innsamlingsprosjekt i 1990-1991, med intervju og filmopptak. Dermed vart sulespringaren godt dokumentert.
Underseth har dansa sulespringar på tevlingar sidan 1988. Dansepartnar på kappleikar har vore Leikny Aasen, og i andre samanhengar Hilde Bjørkum.

Elitedansarar i ørkensand

På landskappleiken på Nordfjordeid i 1990 fekk Vidar Underseth 1. premie i B-klassen og var dermed kvalifisert for opprykk. I A-klassen har han hevda seg godt. Han fekk 3. plass i 2000 under landskappleiken på Voss.
Som distriktsmusikar (hardingfele) i Sogn og Fjordane og medlem i Ålesund spelmannslag har han hatt godt høve til å bruke suleslåttar og sullar både i innland og utland. I Frankrike har han vore fleire gonger, m.a. på 1000-årsjubiletet for Gange-Rolf. Som fylkesmusikarar var Vidar Underseth og Hilde Bjørkum i Botswana der dei bl.a. dansa sulespringar i eit telt langt ute i Kalahari-ørkenen! Med ærverdige hovdingar blant publikum.

Formidlar tradisjonen vidare

Sulespringar har Underseth dansa både i Polen og USA. Fleire vender har han vore på vitjing i USA der han har spelt og dansa både vest- og austpå. I Midtvesten hadde Vidar Underseth og Leikny Aasen år 2000 kurs i sulespringar. Same året var han i Sablé i Frankrike på eit instruksjonsoppdrag i dans og felespel. I Paris vart det plateinnspeling på hardingfele i Radio France. Her tok han med fleire slåttar frå Solund.
Både i kappleiksamanheng og under konsertoppdrag er det naturleg for Underseth å leggje inn slåttar han har frå Solund. Stadig er han rundt og lærer unge å spele hardingfele, og då lærer han gjerne bort nokre suleslåttar i same snuen.

kjelder:

Vidar Underseth på lydband til Hans H. Steinsund.

Aktuelle nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR