Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stabben fyr



På eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia, vart det i 1866/67 bygt eit kraftig fyrhus på ein vel fundamentert seinsokkel, sett i mørtel, og samanbunden med jern.

Teikning av den nybygde Stabben på slutten av 1860-talet. 
Fyret vart reist i den legendariske fyrdirektør C. F. Diriks si tid. Det glatte skjeret, på skap som ein hoggestabbe.

Teikning av den nybygde Stabben på slutten av 1860-talet. Fyret vart reist i den legendariske fyrdirektør C. F. Diriks si tid. Det glatte skjeret, på skap som ein hoggestabbe.

Eigar: Ukjend.

Datering: Ca. 1870.

Fotograf: Teiknar: Ukjend.

Landemerke

Tømmerhuset på 12 x 8,3 meter, med muren av 108 båtlaster med gråstein, fyller heile skjeret til nær siste kvadratmeter. Mot nordvest, der havet står like inne gjennom Hellefjorden, er grunnmuren forma som eit skipsbaug så bølga kan slå seg av.
Fyret har ei særprega form, det er eit landemerke som har vore eit ynda motiv for kunstnarar og fotografar like sidan det stod ferdig for meir enn 130 år sidan. Saman med fyret i Kinnasundet (også bygt i 1867, nedlagt i 1913), er Stabben det første fyret som vart bygt i Sunnfjord. Det kom såleis fyr både langs indre og ytre farleia då det store vårsildfisket gjekk mot slutten.

Ureint farvatn

Grunnen til at fyret vart reist, var det fårlege, ureine og straumsterke farvatnet. Truleg eitt av dei vanskelegaste navigasjonspunkt på norskekysten, noko dei mange forlis og grunnstøytingar fortel om, også etter at fyret vart tent. Dei første journalane er komne bort, men det er nøgda av episodar å ta av. I 1889 rende ei jakt på fyret, så jagarbommen stod inn gjennom veggen på fyrhuset, og noko av riggen fløkte seg inn i heisekranen. Året etter rende D/S "Fiskaren" på Stabben med full fart. Folket berga seg opp i huset, men skipet sokk. Det var straumen som hadde lurt dei. I 1910 rende "Astrea" på Grasskjeret, og i 1920 rende "Emma Sauber" på Stabben.
Nokre havaristar frå mellomkrigstida kan supplere ei mykje lengre liste: 1918: "Factor". 1923: "Cymric Vale". 1929: "Hofplein". 1932: "Heinrich Beermann". 1936: "Emma Reimer". 1938: "Gaa Paa". Tre skip greidde også her å gå på sjølve Stabben: "Liv" i 1918 og "Kvalen" i 1931, forutan før nemnde "Emma Sauber" i sterk storm 26. januar 1920.

Uendra sidan 1905

Fyret vart tent 1. oktober 1867. I 1905 vart det gjort ein del endringar, m.a. vart tretårnet gjort større, og lykta gjort sterkare med eit 4. ordens linseapparat. Skjerming med åtte sektorar gjorde seglinga tryggare. Stabben fekk også ny heisekrane og betre kailøysing. Den ytre forma er uendra sidan den tid, og det er teke vare på fyrteknisk utstyr og originale bygningsdelar. Stabben har vore folka frå 1867 til fyret vart automatisert i 1975. Sjøkabel med elektrisk straum vart lagt ut til Stabben i 1965. Fyrlykta er i dag under tilsyn av fyrvaktaren på Ytterøyane. Stabben er på Riksantikvaren sin nasjonale verneplan for fyrstasjonar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 275. Førde 1999.
Olderkjær, Ove: Norske fyr, ei reise langs kysten. s. 76-79. Oslo 1999.
Riksantikvarens rapporter nr. 24: Norske fyr - nasjonal verneplan for fyrstasjoner. s. 96. Oslo 1997.
Seim, Einar: Fyrar og farljos. rentefritt i 10 år. (udatert, ikkje prenta).

PERMANENT IDENTIFIKATOR