Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Firdaposten



Firdaposten kom ut med to nummer i 1948, som dermed er skipingsåret for avisa. Dei første åra kom Firdaposten ut to gonger for veka. Avisa var frå starten av organ for Det norske Arbeidarparti i Fjordane. Første redaktør var seinare stortingspresident Guttorm Hansen.

Firdaposten 2005. Redaktør Svend Arne Vee. Starta som organ for Det Norske Arbeidarparti i 1948.

Firdaposten 2005. Redaktør Svend Arne Vee. Starta som organ for Det Norske Arbeidarparti i 1948.

Avisa Gjallarhorn forløpar

Historia til Fordaposten går eigentleg attende til føre siste verdskrigen. Då kjøpte Sogn og Fjordane Arbeidarparti lokalavisaGjallarhornav Albert Øen i Førde og gav den ut som organ for Det norske Arbeidarparti i Fjordane, med Tor Grønvik frå Ausevika i tidlegare Bru kommune som redaktør. Avisa gjekk inn i slutten av april 1940, etter at landet vart hærsett av den tyske okkupasjonsmakta.

Partiavis viktig sak etter krigen

Straks krigen var slutt i 1945 vart spørsmålet om ei arbeidaravis teke opp att, men då med tanke på å skipe ei ny partiavis. Ein av dei som ivra mykje for avisa var skulemannen Oddleif Fagerheim som på den tid var sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. På sine mange reiser agiterte han og selde mange luter i den nye avisa.

Dei to fyrste nummera i 1948

Dei to fyrste nummera av Firdaposten kom ut i desember 1948 med Florø som utgjevarstad. Alt i Gjallarhorn-tida vart det drøfta å flytte avisa til Florø, fordi Arbeidarpartiet stod sterkare i kystbyen og i grannekommunane, dessutan kunne annonsemarknaden vere betre i Florø, trass i at byen hadde to aviser frå før, nemleg Fylkestidende (Høgre) og Firda Folkeblad (Venstre).

Vokster frå 1950-åra

Firdaposten kom dei første åra ut med to nummer for veka. Frå 1956 vart utgjevingsdagane auka til tre gonger for veka. Avisa vart då prenta i Florø. Tingartalet og abonnentinntektene auka. I 1976 kunne avisa flytte inn i nybygg i Florø sentrum og fekk då også eige trykkeri, etter at avisa frå 1965 var blitt trykt i Bergens Arbeiderblad i Bergen.

Tre-dagars avis

Framgangen heldt fram, slik at frå 1986 kom avisa ut fire gonger for veka, og frå 1992 tok ein spranget over til dagsavis. Firdaposten var no blitt fristilt, men er framleis med i "A-pressen-familien" som ei av 37 aviser. Men dagsavisa var diverre ikkje liv laga, fordi opplaget og inntektene ikkje stod i høve til utgiftene som følgde med. Dermed gjekk avisa tilbake til tredagars avis, for å konsolidera stillinga.

Redaktørar

Desse har vore redaktørar etter Guttorm Hansen: Simen Kr. Hangaard, Odd Brandsøy, Norulv Øvrebotten, Rolf Orheim, Erik Stephansen, Jon-Atle Stang og Svend Arne Vee.

Om føremålet i fyrste leiaren

Fyrste nummeret av Firdposten kom ut tysdag 14. desember 1948. I leiaren står mellom anna dette om føremålet og oppgåva til den nye avisa:

"Firdaposten skal vera organ for Det Norske Arbeidarparti og bladet vert utgjeve av eit partlag av fagforeningar, partilag og interesserte einskildmenn i Fjordane. Så langt råd skal Firdaposten søke å fylle dei krav som vert sett til eit lokalblad av denne typen. Både når det gjeld nytt frå distriktet og byen og når det gjeld ting av interesse for lesarane som hender ellers i landet vårt og i utlandet."(..)

Det er vår von at den [Firdaposten] vil finne vegen til heimane lengst inni fjordbotnane og oppe i dalane, ut til den ytste øygarden, til alle dei som vil ha sakleg orientering om det som skjer og reportasje frå hendingar i inn- og utland."

kjelder:

Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1920-80. 1980.
Firdaposten. 14.12.1948.

PERMANENT IDENTIFIKATOR