Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane



1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. – Eidsvoll-møtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og militæravdelingane. Sogn og Fjordane hadde fem eidsvollsmenn.

<p>Prins Christian Frederik avlegg truskapseid til konstitusjonen (Grunnlova) 19. mai 1814. Kunstnaren A. Bloch (1860-1917) laga mange illustrasjonar til historieb&oslash;ker. Dette er ein av dei, brukt i ein biletserie fr&aring; Noregssoga.&nbsp;</p>

Prins Christian Frederik avlegg truskapseid til konstitusjonen (Grunnlova) 19. mai 1814. Kunstnaren A. Bloch (1860-1917) laga mange illustrasjonar til historiebøker. Dette er ein av dei, brukt i ein biletserie frå Noregssoga. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bokverk 1914

Til grunnlovsjubileet i 1914 gav riksstyret ut bokverket Stortinget og statsraadet 1814-1914. Det inneheld personomtalar (ordna alfabetisk) og informasjon om Riksforsamlinga på Eidsvoll og kvart storting gjennom heile hundreårsperioden (ordna kronologisk).

Denne artikkelen handlar om dei fem eidsvollsmennene som kom frå Sogn og Fjordane. Tre var valde av folket i amtet, to var valde i militæravdelingar. Omtalane er dei same som boka som kom ut i 1914, men her omskrivne til nynorsk. Dessutan er det til kvar omtale teke med ein merknad om minnesmerke pr. 2011.

Lars Johannes Irgens

fødd i Hof, Solør, 9. oktober 1775, son til residerande kapellan, seinare sokneprest Hartvig Irgens og Marie Margrethe Steen. Cand. jur. 1803. Løytnant ved Det oplandske dragonkorps nokre år, sorenskrivar i Indre Sogn 1803 med bustad Sogndal, vart titulær cancelliraad 1812. Død i Solvorn i Hafslo 22. april 1830. Gravlagd på Solvorn kyrkjegard. Det er reist eit jernkors på grava. Gift med Christiane Smith.

Var 1. utsending frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814.

Merknad 2011: Jernkorset står på grava. (Les meir)

Nielsen, Niels (Nicolai)

Fødd i landsbyen Balbro ved Odense 3. mars 1777, son til smed Rasmus Nielsen og Kirsten Andersdotter. Student 1796, cand. theol. 1804, styrar på kystsignalstasjonen på Stevns Klint på Sjælland i nokre år frå 1801, sokneprest i Vardø 1807, Ytre Holmedal 1912, Eid i Nordfjord 1821, også prost i Nordfjord 1830-1835, sokneprest i Borgund, Sunnmøre 1835-1854. Død i Borgund 10. juli 1854. Gravlagd på Borgund kyrkjegard, over grava ei støypt jernplate. Gift med Cathrine Margretha Frost, dotter til kommandant på Vardøhus, Hans Jørgen Jacob Frost og Margrethe Cathrine Wanfried.

Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 2. utsending frå Nordre Bergenhus amt, 2. reprresentant frå same amt 1830 og då medlem av militærkomiteen.

Merknad 2011: Minnetavle i kyrkjemuren på Borgund kyrkje like ved grava. Tavla vart avduka 17. mai 1914. (Les meir)

Peder Pedersen Hjermann

Fødd på Tønjum i Lærdal 1. desember 1754, son til lensmann Peder Pedersen Hjermann og Ingeleif Lassedotter Øvre Leri i Lærdal. Gardbrukar på Tønjum, forlikskommissær 1797-1813. Var ei tid postopnar. Død på Tønjum 25. desember 1834. Han er gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard i Lærdal, grava kan påvisast. Gift 1. med Berte Malene Thomasdotter Dalsøyra, Luster, 2. med Elsa Sofia Lem, Årdal i Sogn.

Var 3. utsending frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga 1814.

Merknad 2011: Minnestein på garden Stødno, reist 17. mai 1914. (Les meir)
 

Ole Elias Holck.

Fødd i Leirvik i Lavik 6. januar 1774, son til kaptein Hans Henrik Hornemann Holck og 2. kona Margrethe Middelfart Tostrup. Fenrik i Bergenhusiske regiment 1789, sekondløytnant 1790, premierløytnant 1800, tilsett ved Kronens regiment i København med kapteins grad 1808, kompanisjef i Bergenhusiske regiment 1809, major 1815, oberstløytnant 1818 og sjef for Søndmørske musketerkorps, oberst 1828, generaladjutant 1834. Tok avskil 1841 med heile gasjen sin i pensjon. 

Var medlem av Sogns matrikkelkommisjon 1819, R.S.S.O. Død på Alværa i Lavik 14. juli 1842. Over grava hans på Lavik kyrkjegard er oppsett eit monument av granitt. Gift med Karen Sofie Hansen, dotter til fut [fogd] Simon Hansen.

Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 1. utsending for Det bergenske [bergenhusiske] infantereriregiement. Dagboka hans frå Eidsvoll 1814 er trykt i Historiske Samlinger, bind II, s 1 – 35. 1. [første] representant for Nordre Bergenhus amt 1818, 1. 1824, og 1. 1839. 2. varamann 1815-1816 og 1836.

Var 1818 medlem av Lagtinget og av 12 komitear, mellom anna for bank- og pengestell, innkvarteringslova, embetsgardar, sal og nedlegging av festningar. 1824: medlem av militærkomiteen, komiteen for borgarvepninga, gasjer og pensjonar, budsjett- og skattevesen, samt formann i komiteen fior utreiarlova. 1839: medlem av militærkomiteen, medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm 1818.

Merknad 2011: Stort og stasleg minnesmerke i Alværa, avduka 17. mai 1914. (Les meir)
 

Nils Johannsen Loftesnes

Fødd på ytre Loftesnes i Sogndal i Sogn 1789, døypt 1. mars, son til gardbrukar Johannes Nilsen Loftesnes og Marie Espensdotter. Gardbrukar på Loftesnes, seinare på Stenehjem i same sokn, var i 1814 musketer ved sogndalske kompani. Død på Stenehjem 31. mai 1848. Grava hans på Sogndal kyrkjegard kan ikkje påvisast. Gift med Berte Olsdotter, dotter til Ole Skarsem.

Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 2. representant for det 2. bergenhusiske infanteriregiment.

Merknad 2011: Minnestein ved Stedje kyrkje, avduka 17. mai 1814 (Les meir).
 

kjelder:

Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1914. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR