Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Solundleiene - ferdselsårer mellom nord og sør



Mang ein ferdamann til rors har nok ynskt Solundleiene langt kortare. Godt då at øyriket var velsigna med trygge hamner der folk kunne kvile, eller vente på lagleg bør.

Litt av leia Indre Steinsund sett mot nord. Til venstre Steinsundholmen, som var kremmarleie, og Jaktevika. Sundet nordover er Liasundet. Leia er godt oppstaka, med lys på stengene, og er nok den mest valde av farty under 100 fot.

Litt av leia Indre Steinsund sett mot nord. Til venstre Steinsundholmen, som var kremmarleie, og Jaktevika. Sundet nordover er Liasundet. Leia er godt oppstaka, med lys på stengene, og er nok den mest valde av farty under 100 fot.

Eigar: Eigar:Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Kunne smake på ølet

Alt etter vêrtilhøve og storleik på fartyet kunne dei som for gjennom Solund, velje seg lei. Her går nemleg 4 nord-sør leier.

Greiast å gå og minst utsett for havsjø var Krakhellesundet. Men både vind og skavl kunne vere temmeleg kvass i denne leia, og seglfarty måtte nok ofte vente på bør nord ved Keila, eller på den vesle Krakhellehamnen, der dei også kunne smake på ølet hos gjestgjevaren. Største fartya valde nok denne leia, eller kanskje Ytre Steinsund. Men der vest var opnare, og på fleire fjordstrekk fekk båtane havsjøen å kjempe med i dårleg vêr.

Såg etter kvitkalka helle

Indre Steinsund var kortast og best skjerma, det meste av vegen. Mindre jekter og småfarty valde denne om børen var ideell. Men før her vart mudra, var det lett gjort å renne på for den som var ukjend. Verste plassen var Vekje, der brua ligg i dag. Her var regelen slik at når dei kom frå nord, måtte dei ikkje vike styrbord før ei kvitkalka, stor steinhelle kom fram gjennom eit sund 600 meter borte. Men ein og annan var utålmodig og stranda på skvalpeskjeret. Under utbetringa av leia i slutten av 30-åra, fann dukkarane fleire vitnemål om uhell.

Tunge suvenirar frå botnen

Tre kvernsteinar kom til overflata, og endå gjævare: ei trillrund sandsteinkule som naturen kan ha laga ein stad. Så har nokon fått idéen og skrensa klenodiet, på nærmare eitt tonn, om bord og ført det med seg?

Måtte så seglfartya vente på betre bør, var det gode hamnetilhøve fleire stader. Særleg veleigna var ankerplassane i nærleiken av gjestgjevarstaden Steinsundholmen. Etter utbetring av leia kunne båtar på godt over 100 fot gå gjennom her, men brua frå 1963 over krappaste svingen snevra løpet noko inn. Det var i åra under og etter siste krigen at leia verkeleg var trafikkert.

Band av blenkjande farty

Frå juletider seig knubne søraskøyter og slanke strilekutterar på nord og skulle delta i storsildfisket. Dag ut og dag inn i lange kjeder. Om nettene og på uversdagar låg sneisevis av sildefarty fortøygde, ikkje minst på den glimrande hamna Hardbakke. Tau og vaierar stråla ut i alle retningar og letta friskt under færingen til skuleborna. Ut i januar vende så straumen på sør. Rubb og Rapp dunka døgnet rundt. Flåten følgde silda til gytefelta i Haugesundområdet. Snurparar valde dei to romslegaste leiene, eller kanskje Straumsfjorden, om dei då ikkje gjekk havet vest av Utvær og Gåsvær.

Ferieflåten i fleirtal

Gjennom Nord-Solund vil større farty gjerne halde vestom Ospa. Men den tronge, straumstrie Skomakarleia var og er hovudløp for fiskeflåte og småfraktarar. Her har mange støytt saman og ikkje få har smakt nærare på konglomeratet.

Langt stillare er det i leiene i dag. Fiskeria føregår andre stader, fiskefartya er få, og mest alle motorar går bortimot lydlaust. Men framleis glir hurtigruta verdig gjennom Ytre Steinsund, ekspressar og raske skyssbåtar hastar frå nes til nes. Palleskip og sandfraktarar held ut. Mest som i gamle dagar vert det derimot i sommarhalvåret når turbåtflåten renn sør og nord gjennom sunda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

(Ingen kjelder oppgjevne).

PERMANENT IDENTIFIKATOR