Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Haukedalen forsamlingshus



I Haukedalen kallar dei bedehuset sitt Forsamlingshuset. Det signaliserer brei bruk, eit hus der folk kjem saman. Ordet samlingshus har óg vore brukt, Haukedalen samlingshus. Bokstavane HS står påtrykt nokre gamle koppar og mugger.

Haukedalen forsamlingshus på Gjerland i Haukedalen.

Haukedalen forsamlingshus på Gjerland i Haukedalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

2008 - ute
Forsamlingshuset ligg ved vegkrysset på Gjerland. Huset ser lite ut, og lågt. Det er kvitmåla, har tre store vindauga på kvar side og er tekt med skifer. Sommarsdag blømer det i eit velstelt blomsterbedd ved grunnmuren i sør. Elles er det så og seia ikkje uteareal til bedehuset i Haukedalen. Inngangsdøra er på norde brystveggen, i eit lite påbygg av nyare dato. Frå inngangen er det dør inn i første høgda og trapp ned til kjellarhøgda der det er garderobe og kjøken.

2008 - inne
Inne får ein ikkje kjensle av eit "lite og lågt hus". Tvert imot, her er romsleg og høgt under taket, open himling under halve huset. Det eine rommet under galleriet er ope mot storsalen. I det andre kjem trappa frå kjellarhøgda opp, og det går trapp opp til galleriet. I interiøret går det eldre og nyare godt i hop, tømra vegger og trekvit panel, bjelkar under galleriet, linoleumsbelegg på golvet, røyrstolar og eit par langbenker, elektriske panelomnar og ein skikkeleg gammaldags fyringsomn. På på veggene heng prydnadsting av ulik alder. Dette er med få ord Forsamlingshuset i Haukedalen, anno 2008.

Hustomt frå to gardar
Me var i Haukedalen våren 2008. Kjellaug Gjerland, Jon Frøysland og Leonard Birkeland viste rundt. Dei fortalde at to gardar gav fri grunn til huset. Eigedomsgrensa mellom Anders Gjerland og Rognald Gjerland gjekk midt gjennom huset. Mon tru om det finst maken nokon stad til denne varianten av fri grunn?

Under bygging våren 1912
Dei fortalde at huset stod ferdig i 1913. Nokre dagar seinare fann me handfaste opplysningar om byggjestarten i ein branntakstprotokoll. Førde herreds gjensidige brandforsikringsforening (seinare Førde brandtrygdelag) byrja i 1900 med å branntrygda bygningar og innbu. Arkivet til branntrygdelaget er ei god bygningshistorisk kjelde, spesielt takstprotokollane. Ei innførsle viser at den 20. april 1912 heldt Ole K. Gjerland og Anders K. Ness takstforretning over "Haukedalens Forsamlingshus". Dei noterte opplysningar om huset i eit trykt skjema der me kan lesa følgjande om "Haukedalen Forsamlingshus."

- "Opført af tømmer og bord
- Taket tækket med bord (sutak)
- Størrelse 10,20 Meter langt, 7,60 M. bredt. 3,40 M. høit til Taget.
- Antal Etager: 1 etage med galeri.
- Hvorledes indredet? Huset er under bygning, det vil blive indredet i 2 rum. Sutaget er paalagt og vindus Karmene med ramme er indsat, Klædnings gulv og lem. Materialerne er opstablet i huset og sjiferen til taktækning lige ved huset.
- Er der Grundmur og i saafald i hvilken høide over Grunden? 2, meter
- Er der Kjelder og i saafald hvorledes indredet? Ja, ikke indredet."

Kjellaretasjen
Ja, det var kjellar i 1912, men han var "ikke indredet". I dag er det rettast å seia at huset har tre høgder, - kjellar, første høgda og andre høgda (galleriet). Det gjekk ei tid før kjellaren vart laga til og teken i bruk. Fyrst vart det berre sett opp kjer (steinkar, oppmura pillarar) i påvente av full mur. Etter fleire år vart det laga tjukk steinmur, kring 1 m, som var det vanlege, og ordna med innreiing til kjøken og servering, - kokeomn med to opningar, disk og skåp, koppar og kar, langbord på krakkar og benker.

KFUM - krinsstemne
Kjellaren var ferdig til 1936. Av eit stykke i Firda går det fram at Sunnfjord krins av Norges kristelege ungdomsforbund heldt den årlege ungdomsstemna si i Haukedalen i 1936. Stemnefolket køyrde den nye vegen over Rørvikfjeller nokre dagar før vegen vart offiselt opna. Dei vart gjestfritt mottekne i Haukedalen. Stemnestaden var attmed ein granlund ved tunet til Anders Gjerland og det var laga til med matsal i "samlingshuset", står det i Firda.

Fylkestinget på besøk
Året etter var fylkestinget på besøk. Då skreiv Firda: "Og haukedølingane tok mot sine gjester i samlingshuset [merk ordet samlingshuset] på Gjerland på det beste: med spikekjøt, spikeflesk og feit rjomegraut, so fylkestinget minnest nok turen til Haukedalen." I 1970-åra vart kjellarhøgda utbetra med ny grunnmur i betong, avdelt kjøken, garderobe, toalett og svingtrapp opp til første høgda.

Innreiinga oppe
I første høgda var det berre naudsynt med nokre mindre endringar ved utbetringane i 1970-åra. Vetlesalen blei ein del av den store salen ved at dei opphavlege firdoble dørene blei tekne ut. Galleriet er også slik det alltid har vore. Det går svingtropp opp og det er luker til å opna mot salen. Troppa ber bod om godt snekkerhandverk. Ho er truleg laga av Nikolai Aarskog. Det finst mange trapper rundt om i bygda som Aarskog har laga.

Inventar
Som alt nemnt er inventaret av ulik alder. Langbenkane er skifta ut med røyrstolar som kan stablast. Det gamle kateteret eller talarstolen er bytt ut med ein nyare, men brettet for Bibelen eller papira til den som stod (eller står) på talarstolen, er bygt inn i den nye. Trøorglet er kome frå kyrkja, sameleis den store fyringsomnen. Straumen kom i 1958. I taket heng dei opphavlege lyskuplane, på bindestolpane framme ved talarstolen er montert doble lampettar av nyare dato. Før straumen kom, stod det to sjuarma lysestakar i tre på kvar si hylle der. Stakane er tekne vare på oppe på galleriet.

Utsmykking
Forsamlingshuset i Haukedalen er rikare utsmykka på veggene enn mange andre bedehus. Motiva er både av religiøs og verdsleg karakter. Her er bilete i glas og rame, to veggteppe, eit par broderi, to helsingar, - ei på tinnfat og ei innramma. På veggen framme er der eit bilete av Jesus i bøn innfor Guds åsyn og to broderi med bibelord og blomstermotiv. Elles er her bilete av den store komponisten frå Haukedalen, Johannes Haarklou, av lærar Sigurd Nesse (minnebilete) og lekpreikar Andreas Haarklou, vidare av Ola Nesse, bror til Sigurd Nesse, (kjend lekpreikar frå Nessane i Balestrand), lærar Olai Slåtten (lærar i lang tid), Rognald Gjerland (1844-1922) (bonde, hadde veldig songrøyst, var aktiv i fråhaldslag, prest og emissærar var velsedde gjester hjå han, står det i bygdeboka for Førde).

Bruk
Det vart sett opp statutter som fastsette kva huset kunne brukast til. Det er spesifikt sagt noko huset ikkje kunne brukast til: - kortspel, drikk og dans. Elles har forsamlingshuset opp gjennom åra vore brukt til oppbyggjelege møte, søndagsskule, juletrefestar og basarar. Vidare har det vore brukt ved gravferder og barnedåp. Her har vore idrettsfestar, vegmøte, møte om kraftforsyninga, sløydkurs, sykurs, skule (då den nye skulen på Frøysland vart bygd) og kyrkjelege handlingar då kyrkja vart restaurert.

Juletrefestar i 1942
Juletrefestar har vore fast tilskiping, både ein og fleire. Det kunne vera tre ringar rundt juletreet på det meste. Signaturen G.S. nemner noko om juletrefestar i eit Haukedalsbrev i Firda, 21.1.1942.:

"Haukedalen har ogso i år hatt sine tradisjonelle joletrefestar. 4-dag jol skipa ungdomslaget til fest i forsamlingshuset på Gjerland. Festtalar var sokneprest G. Kvarstein frå Førde. Då soknepresten gjekk på talarstolen var det store og romslege huset fullsett med folk. Midt i salen stod det vent pynta joletreet, der både gamle og unge fant sin plass i ringen. Dei kjende og kjære jolesongane ljoma fulltonande gjenom salen og gav folk ei kjensle av fest og verkeleg jol.

3-nyårsdag skipa Haukedalen fråhaldslag til fest. Festtalar var lærar Slettmark frå Førde. Slettmark er ein mykje kjend og godt likt folketalar og haukedølerne møtte so mannjamnt fram for å høyra honom at det store forsamlingshuset heldt på å verta sprengt. Fredag 9. januar var det ogso fest her. Denne festen vart tilskipa av Frelser-armeen - avdeling frå Florø."

Finansiering
Huset vart bygd ved innsamla midlar, og ikkje reint liten dugnadsinnsats. Mange gardbrukarar gav kvar sin benk, det vil vel seia at dei kosta kvar sin benk.

kjelder:

Firda. 24.06.1936, 19.06, 23.06,1937, 21.01.1942.
Munnlege opplysningar frå:
Kjellaug Gjerland, Haukedalen.
Jon Frøysland, Haukedalen.
Leonard Birkeland, Haukedalen.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-89235 Førde brandtrygdelag

PERMANENT IDENTIFIKATOR