Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Drikkekar av tre



Ølbollar og skåler, kanner, kjenger og staup, er namn på drikkekar som er laga av tre. Til høgtidene gjennom året og andre samkomer gjennom året og livet, høyrde heimebryggja øl med som ein viktig del av festen, og drikkekara vart sende rundt bordet frå munn til munn. Denne skikken heldt seg til tuberkulose-epidemiar førte til redsle for smitte frå slutten av 1800-talet.

Valbjørk-kanne, som har tilhøyrt proprietær T. Ravn i Lærdal. Vart kjøpt til De Heibergske Samlingar Sogn Folkemuseum i 1910. I tillegg til dei karakteristiske løvemotiva på toppen av hanken og som bein på kanna, er det og på loket ei utskoren løve.

Valbjørk-kanne, som har tilhøyrt proprietær T. Ravn i Lærdal. Vart kjøpt til De Heibergske Samlingar Sogn Folkemuseum i 1910. I tillegg til dei karakteristiske løvemotiva på toppen av hanken og som bein på kanna, er det og på loket ei utskoren løve.

Eigar: De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Datering: Ukjend

Fotograf: De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Svarva drikkekar

Svarva ølbollar og skåler var av dei vanlegaste og mest utbreidde drikkekar av tre over heile landet. Desse er kjende heilt frå 1500-talet. Dei er ofte vakkert rosemåla og påskrivne små humoristiske rim, såkalla drikkevers, som til dømes:

Svarvarar frå Valdres

Staselege kanner som var svarva i rottre frå valbjørk, var og utbreidde i Sogn. Desse var ikkje laga lokalt, men av svarvarar frå Valdres, som drog langsmed fjorden og arbeidde her på slutten av 1700-talet. Desse var laga etter modell av sølvkanner frå barokktida, og vert ofte og kalla løvekanner, av di hengsla på loket ved hanken, ofte er pryda med ei løve og kanna kviler på tre løver.

Kjenger

Som ølbollane og kannene, er også kjengene laga av eit stykke tre, men dei er skorne og hola ut med av hand, istadenfor ein svarvestol. Det karakteristiske ved kjengene er den dekorative utforminga av hankane, med eit utal variasjonar. Størst utbreiing har hankar forma som hestehovud. Desse finst over heile indre Sogn og vart brukt som symbol på fruktbarheit. Frå midtre Sogn kjenner vi og til duehank og ormehank. Kjengene kan vere rosemåla eller dei kan vere dekorerte med karveskurd.

Staup

Medan kjengen er typisk for dei indre distrikta av Vestlandet og Sogn, har staupet si største utbreiing i dei ytre fjorddistrikta. Staupet var lagga, d.v.s. at det er bygd opp av vertikale stavar som vert haldne saman av horisontale band av kvistar, ein teknikk som har røter i førhistorisk tid. Det er likevel sjeldan ein finn staup som er eldre enn frå 1700. Som kjengene var også staupa pryda med hestehovud på hankane. Elles var dei dekorerte med ein enkel dekor av innsvidde eller utskorne ornament.

kjelder:

Norske bygder bind IV. Sogn.
Ellen Ørnes: Antikvitetshåndboka. Oslo 1999.
Per Gjerder: Norske drikkekar av tre. Universitetsforlaget 1974.

PERMANENT IDENTIFIKATOR