Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ytterøyane fyr - møte med ein av fyrvaktarane



Ytrøyna, ei gruppe øyar, holmar og skjer, ligg nordvest av øya Kinn. På ei av øyane står kystfyret Ytterøyane fyr. Fyret vart sett i drift i 1881 og var bemanna fram til 1. mai 2004. I åra 1914-1928 var Theodor Skjelbred fyrvaktar.

<p>Utsyn fr&aring; Kinn mot Ytr&oslash;yna, ei gruppe sm&aring;&oslash;yar, holmar og skjer. Kystfyret Ytter&oslash;yane fyr st&aring;r p&aring; &oslash;ya Ternehaug.</p>

Utsyn frå Kinn mot Ytrøyna, ei gruppe småøyar, holmar og skjer. Kystfyret Ytterøyane fyr står på øya Ternehaug.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Om Theodor Skjelbred i Firda Folkeblad

Theodor Skjelbred, fødd 05.09.1858, var fyrvaktar på Ytrøyna fyr frå 1914 til han gjekk av med pensjon i 1928. Då han slutta, hadde Firda Folkeblad, Florø, eit langt stykke om Skjeldbred. Skjelbred fortel om ulike innslag i livet sitt, om ”møte” med fleire kjende diktarar og om fyrvaktartida på Ytrøyna. Stykket er her attgjeve i normalisert rettskriving. Dessutan er sett inn mellomtitlar og nokre merknader/forklaringar i hakeparantesar.

”Sjømann av rette slaget”

Theodor Skjelbred, kaptein på "Jotunheimen" i 14 år på "Hjørungavåg" [begge båtane i rutefart på Sunnmøre], i 5 år og fyrvaktar på Ytrøyna frå 1914 til no når han sluttar, har vener og kjenningar vidt omkring. Han er jamt grei, roleg og liketil og ingen mann for stor, nett typen på ein norsk sjømann av rette slaget.

Livsløpet i korte trekk

Skjelbred vart i Eigersund 1858. Han reiste til sjøs 14 år gamal og på var i utanriks fart til han var 26 år gammal. Då gjekk over i kystfarten og førde "Robert", som gjekk i ruta på Sunnmørsfjordane, frå 1884-1890. Etterpå førde han "Jotunheimen" til 1904, og "Hjørungavåg" frå 1904-1909. I 1909 "la han opp" og vart fyrassistent på Træna til 1914. I 1914 vart han fyrvaktar på Ytrøyna og har vore der til no når han skal slutta tenesta for godt. I 1886 vart han gift med Anna Iversen frå Trondheim, dotter til fyrste lokomotivføraren i Noreg, Halvor Iversen. Dei har hatt 6 born.

Far hans møtte Anders Hovden

Sjømannen låg Theodor Skjelbred i blodet. Faren var òg sjømann. Ei tid førde faren dampskipet "Fiskeren" som gjekk i rute mellom Nidaros og Oslo. Det var med han Anders Hovden tinga seg reise då han etter Oslo-eventyret sitt i ungdomen laut fara heim, pengelaus, matlaus og kledelaus. Avtalen var at Hovden skulde betala 10 kr. med ein gong, og resten når dei kom til Ålesund. På reisa la Skjelbred merke til at Hovden aldri fekk seg mat saman med ei andre. Han spurde då etter, og det kom då opp at Hovden ikkje hadde smakt mat ombord og ikkje hadde eit øre i lomma.

"Ja, men då må du få 10-kroningen din tilbake, så du ikkje svelt ihel", sa Skjelbred - "me får gjera opp når me kjem til Ålesund." Det vart då diska opp med biff og poteter med ei flaske øl til, og Hovden kom akkurat i døra og såg herlegdommen - då "Fiskeren" grunnstøytte.

Mat fekk han ikkje den gongen. Ved forliset miste Hovden all bagasjen sin, - ei skjorte. Men det vart innsamling til dei skipbrotne i Kristiansand. Og det gjekk ikkje verre enn at Hovden kom til Ålesund mett og med pengar i lomma.

Kjende sjølv Hovden

Theodor Skjelbred er sjølv godt kjend med Anders Hovden, og det laga seg slik at han òg fekk gjera Sunnmørs-kallen ei beina [teneste]. Det var det at Hovden var hugteken i ei rikmannsdotter i Ålesund, dotter til fabrikkeigar Devold i Langevåg, og vilde avstad og få alt avgjort, men åtte ikkje pengar til billett. Då let Skjelbred han fara fritt med båten sin - og Hovden hadde hellet med seg på friarferda.

Skjelbred fortel at Hovden var ein røsleg kar med svære bartar som ein annan oberst, - likna minst av alt ein teolog. Etter at han var vorten kandidat [cand. theol., utdanna prest] spurde Skjelbred eingong då Hovden var med båten: "Nå, har du fått deg kall [prestestilling], no då, Hovden"? "Nei". "Nei, men kor kan du venta deg kall slik som du ser ut med dette skjegge ditt, - du liknar då granngjeveleg ein militærkaptein." "Å, nei", sa Hovden, "kall får eg meg venteleg ikkje før eg er både skjegglaus og fleinskalla."

Kall fekk han då likevel - og i år [1928] hadde han nærpå vorte biskop. "Og då hadde dei fått eit ærlegt menneske til bisp", sa Skjeldbred

Helsing frå Alexander Kielland

Det er dette ærlege og sanningskjære, Skjeldbred set so høgt. Hjå ein retteleg norsk sjømann fell alle fraser og fine talemåtar til jorda. Av diktarane våre likar difor Skjeldbred Garborg og Kielland best. På bordet hans finn eg eit bilete av Kielland. Eg snur det og les på baksida, med Kielland si eiga handskrift:

"Til Captaine Theodor Skjelbred med tak for Husly og venskap i dagene etter Ålesunds Brand den 28. januar 1904 fra Alexander L. Kielland.” Kielland var då amtmann i Romsdal og budde ombord i "Hjørungavåg" hjå Skjelbred på hamna i Ålesund i 10-12 dagar. "Hjørungavåg" hadde vore ein tur til England etter kollast og låg no i Ålesund og rasjonerte ut kol til fiskarflåten, sidan kollagera i land var øydelagde i brannen.

”Når enden er god..”

Skiprane Worse og Randulff [i Kielland si bok ”Skipper Worse”], dei er Skjelbred sine folk. Grepa gode tykkjer han orda åt Worse er då han ligg og skal døy, dei siste orda han sa: "Vi kommer sent, men vi kommer godt, herr konsul!" Det er det, at desse orda er so typiske for oss nordmenn. Ivar Åsen sa det soleis: ”Me skal koma um ikkje så brått", og ordtøka segjer det so: "Når enden er god, er allting godt!”, eller "Den ler best, som ler sist."

Kielland og Garborg sminka ikkje til folka sine. Difor vart dei hata av alle som held seg til sminka. Skjelbred kan endå hugsa at ein av di likaste bausane i Møre sa då dei eingong ombord las ei bladmelding um at Garborg skulde gifta seg: "At nokon vil ha den slya!".

Om sjømannslivet

Som ventande kan vera, tykkjer Skjelbred det var meir poesi yver sjømannslivet i hans ungdom enn no, endå maten og matstellet ombord var ringare enn no. Maten var under all kritikk. Når dei bløytte skipsbrøde sitt i kaffien, låg makken og flaut. Kjøt og flesk var oftast skjemd vare. Skjelbred hermer endå ei lysing or eit Stavanger-blad frå det året han las til styrmannseksamen: "En del bedærvet kjød og flæsk, passende til skibsbrug, til salgs”.
Men likevel: "Då eg var på Træna, råka eg eingong ein av gamlevenene mine då eg var i by'n. Medan me sat der på ein restaurant og prata, kjem det inn eit skipsmannskap, skitne og uhama. - Hugsar du, sa eg til venen min, korleis me vaska og fjelga oss når me skulde ha landlov, det var fest.

Torpedert skipsmannskap

Men sjømennene er no likaste folket lell. Det er ikkje utan byrgskap [stoltheit] Skjeldbred fortel om sjøfolket og siste storkrigen [1. verdskrigen]. Ein morgon var det kome inn eit torpedert skipsmannskap til Ytrøyna. Dei hadde ikkje teke kontakt, men låg nede i ein holme og kosa seg. Då hadde dei vore 4 døger i skipsbåten. Ei Stavanger-skuta dei hadde råka, hadde bode seg til å ta dei med, men Stavanger-båten skulde til Spania med kurs nordanum Island. Då valde karane å ro vidare på von og våge. Ein av dei, ein svenske, hadde vorte torpedert tre gonger. "Men andra gongen var svartaste", sa han, "ty då blef jag kastat høgt i luften". Kvar han tenkte seg til? Jau: "Når jag kommer tilbys, vil jag søka hyra med en gång", var svaret. Dette er sjømannsidealet til Skjelbred.

Humor

Skjelbred har godt auga og øyra for humor. Det vitnar alle småstubbane hans best om.
Her for nokre år sidan kom det ut eit fylgje frå Florø og ville sjå seg om på fyren. Den eine av dei stoggar ut for tårndøra, ser upp og segjer: "Sig mig, er det nødvendigt at jeg går dit op"? "Ikkje for mi skuld", sa Skjeldbred.

Glade i Ytrøyna

No 1. juli [1928] skal Skjelbred slutta fyrvaktartenesta si og "leggja upp", som det heiter i sjømannsmålet. Både han og frua er vortne glade i Ytrøyna, denne sol- og vindrike staden lengst vest i Sunnfjord. Då dei kom til Træna, tykte dei at dei var komne til eit Paradis, fortel dei, og dei som er kjende, veit kor vent det kan vera vest i skjera vår- og sumardagar: høgt under loftet og vidt til veggjene, ingen ting som stengjer for sola til seinkvelden, fugl på sjø og land, skip vest i heimmelsynet, havsalt luft med kjenning av tang og tare.

Turr sommar

I år [1928] vart det for turrt derute og, så gras og blom stod i stampe. Ingenting å gjera med det, anna enn venta, meinte Skjelbred, og fortel kva presten Rosenquist i Volda sa med sokneborna sine, dei kom og vilde få han til å be etter regn: "Det kan ikke nytte at bede om regn sålenge han holder sig på nord med været".

Til Flåvær

Skjeldbred skal no flytta til Flåvær [ei gruppe holmar og skjer i Herøyfjorden på Sunnmøre]. Han trøystar seg med at det ligg høgt og fritt til, ut mot leid og hav, slik at ein gamal sjømann slepp bringeklemma. Der kan eg fiska mort og flyndre, - og so drikka surmjølk", segjer Skjelbred. - Det er krava våre som er for store når me kjenner oss ulukkelege, sa Carlyle og Diogenes. Skjelbred er visseleg av same meining. Difor vil han kjenna seg nøgd med desse herlegdommane han nemner og som han er tilvand, d.v.s. når det gjeld mort og flyndra. Det tilvande og heimlege er det beste som er i samsvar med oss sjølve. Det er ikkje nok at noko er stort og pent i seg sjølv, - me må vera glade i det det. Difor hermer Skjeldbred ord åt biskop Støylen: "Eg vilde so gjerne sjå heim til Sunnmørs, for ingenstad er gråsteinen so væn som på Kvamsøyna."
 

kjelder:

Firda Folkeblad. juni/juli 1928.

PERMANENT IDENTIFIKATOR