Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Under Jostedalsbreen frå Fjærland til Skei



Den 17. april 1975 vedtok Stortinget at Fjærland skulle få vegutløysing til Skei i Jølster. Det endelege linevalet vart utsett for å utarbeida nødvendige tekniske og økonomiske vurderingar av prosjektet. Anleggstart skulle likevel ikkje ta til seinare enn 1977. Vegarbeidet byrja i 1977, og vegen vart opna 31. mai 1986.

Det var ei svært høgtidsam stund då vegen mellom Fjærland Skei vart opna 31. mai 1986, ti år og 23 dagar etter at Stortinget vedtok at det skulle byggjast veg under Jostedalsbreen. Tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, var invitert til å opna vegen. Mondale hadde sine anar frå Mundal i Fjærland. Her talar han før opninga av vegen. Bak til venstre står fylkesmann Ingvald Ulveseth og til høgre vegdirektør Eskild Jensen. Den amerikanske ambassadøren i Noreg, Stuart, sit heilt til høgre.

Det var ei svært høgtidsam stund då vegen mellom Fjærland Skei vart opna 31. mai 1986, ti år og 23 dagar etter at Stortinget vedtok at det skulle byggjast veg under Jostedalsbreen. Tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, var invitert til å opna vegen. Mondale hadde sine anar frå Mundal i Fjærland. Her talar han før opninga av vegen. Bak til venstre står fylkesmann Ingvald Ulveseth og til høgre vegdirektør Eskild Jensen. Den amerikanske ambassadøren i Noreg, Stuart, sit heilt til høgre.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1986

Fotograf: Olav Handeland

Lokal veg

I 1971 føreslo Samferdselsdepartementet riksvegferje mellom Hella og Fjærland, og mindretalet i Samferdslenemnda føreslo at ein skulle gå for Fjærland-Skei som første etappe. Frå ein økonomisk og trafikkpolitisk synstad var dette ein rett veg å gå, hevda dei. Når tunnelen var ferdig (1986), og det kom ferje mellom Fjærland og Hella, ville Sogn og Fjordane få eit nytt tverrsamband. Dessutan ville Fjærland få vegutløysing. Då Stortinget i 1975 gjorde vedtak om å gi Fjærland vegutløysing til Skei, vart det samstundes vedteke at dette skulle vera ein lokal veg med minimumsstandard.

Vegkontoret argumenterte mot ei slik løysing, men ein stor del av vegen mellom Kjøsnes og Lunde vart bygd som eittfelts veg med møteplassar. Tunnelen vart bygd med det som den gongen var tverrsnitt for stamvegar slik og vegkontoret ynskte.

Bompengar skulle sikra vidare veg

A/S Fjærlandstunnelen vart skipa i 1971 som eige aksjeselskap. Føremålet med selskapet var å ta del i byggjing og drift av tunnel mellom Fjærland og Skei i Jølster ved hjelp av bompengar som lekk i eit ferjefritt samband Hella-Fjærland-Skei. Etter berre nokre få dagar var det teikna aksjar for 660.000 kroner.

Veg under Jostedalsbreen

Strekninga mellom Fjærland og Skei, med tre tunnelar, er 29,5 km. Med i anlegget var og vegutbetringar på den eksisterande vegen mellom Skei og Kjøsnes, som utgjorde 8,6 km av heile veglengda. Den lengste tunnelen var Fjærlandstunnelen på 6,4 km. Dei to andre tunnelane var på 615 og 350 m. I tillegg kom rasoverbygg i Kjøsnesfjorden. Kostnadsoverslaget var til saman 90,5 mill. kroner. Arbeidet byrja 8. september 1977 med utbetring av vegen frå Kjøsnes til Lunde. I 1981 byrja arbeidet med Fjærlandstunnelen.

Første bilen mellom Fjærland og Jølster

8. mai 1985, kl. 14.30, var det gjennomslag i Fjærlandstunnelen. Vegsjef Rasmus Værn køyrde som førstemann heile strekninga frå Jølster til Fjærland. Med seg i bilen hadde han ordførar Per Horpedal i Balestrand (Fjærland vart overførd frå Balestrand til Sogndal 1. januar 2000). Bak vegsjefen kom ein lang kortesje av bilar. Mange fjærlendingar hadde reist den lange vegen til Jølster for å vera med og få køyra heim under Jostedalsbreen. Det var ei stor oppleving for dei oppmøtte, som kom både frå Jølster og Fjærland. Det heiter seg at det var over 700 gjester til stades på festen om kvelden.

"Amerikansk" opning

Den offisielle vegopninga skjedde 31. mai 1986 i Lundebotn i Jølster. Det var tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, som fekk æra å klippa snora. Trass i regntungt vestlandsver strøymde det til folk som ville oververa seremonien, og ikkje minst for å treffa presidentkandidaten. Den store folkemengda fekk Mondale til å utbryta, at hadde han hatt alle frammøtte til å stemma på seg, så ville han ha vunne presidentvalet i USA i 1984. Men det gjorde altså Ronald Reagan.

Men vegsambandet var ikkje heilt ferdig ...

Nesten samstundes med vegopninga hadde vegkontoret ei ny utgreiing klar om vidareføring av Fjærlandsvegen, anten langs fjorden til Hella eller over fjellet til Sogndal. I 1987 vart linevalet avklara. Samstundes stod det att å utbetra vegstandarden langs Kjøsnesfjorden i Jølster. I Stortingsmelding nr. 34 om Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97, var det framlegg om 49 mill. kroner til opprusting av vegen Fjærland-Skei. Opprustingane har halde på sidan. Det siste partiet Kjøsnes-Skei vart opna for trafikk i desember 2005, og offiselt opna i juni 2006.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fitje, Rune: Rv 625 Fjærland-Skei x 14. I Vegstubben, s. 5,6,17-19, 23, nr. 2-1079.
Handeland, Olav: Veganlegget Fjærland-Skei opna. I Vegstubben, s. 32-35, nr. 1-1986.
Handeland, Olav: Fjærlandsvegen; ei ny tid. I Vegstubben, s. 10-11, nr. 5-1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR